Thursday, May 3, 2012

Buddha kunne ikkje hjelpe

Japan er månedens misjonsland. Følg med på nlm.no! Her er eit intervju eg hadde med Reiko Kameyama i januar i år.



Møtte Gud i fjøset

Sjå også andre nyheiter på Japansida:
http://www.nlm.no/nlm/internasjonalt/japan

Saturday, April 28, 2012

Kan det vere sant??

Bli med på Bible Club's Special Investigation. Kva har eigentleg skjedd?
Kazuaki og Chie har erfaring med TV gjennom deltidsjobb på NHK, men her har dei ei sak dei ikkje har vore borti før:




Fekk du med deg dei siste orda Jesus gav læresveinane sine før han drog opp til himmelen?

Monday, April 16, 2012

Etter påskemorgon



Det har skjedd mykje i det siste, og endeleg i går kveld kunne eg puste ut og kjenne at det hadde gått bra. Takk for alle som har vore med og bedt for alle arrangement, ikkje minst for den første internasjonale gudstenesta vi hadde i går kveld. Det kjem eg tilbake til, men først må vi tilbake til påskedag.

Han er oppstanden, halleluja!

På påskegudstenesta hadde vi dåp. Det er fleire år sidan nokon har vorte døypt i Matsue lutherske kyrkje, så dette var stort. Ein ung mann på 28 år, som flytta til Matsue rett før jul, har kome fast ilag med mor si, som var døypt i ei anna kyrkje for nokre år sidan. No på påskedag vart ho teken opp som medlem i vår kyrkje, etter at sonen var blitt døypt. Denne unge mannen er ein fantastisk pianist, og også på kveldsgudstenesta i går gledde han oss med eit nydeleg Bach-preludium.

Etter gudstenesta hadde vi piknik under blomstrande kirsebærtre. Det var fint vêr og mykje folk, så nokre av oss som kom først, sørga for å sikre ein plass for kyrkjefolket. Medan eg stod og bretta ut den store blå presenningen, fekk eg plutseleg ein mikrofon rett oppi munnen. Eit lokalt TV-selskap var ute og intervjua folk.

-Kva synest du?
- Sakuraen er kjempefin! Og så er det påske, og ein perfekt dag å feire Jesu Kristi oppstode ilag med sakurablomstringa, la eg til.
Men dei som hadde sett innslaget på TV, sa at det eg hadde sagt om påske, var blitt kutta ut. Likevel fekk eg iallfall sagt det til desse to reportarane. Og ifrå kyrkja hadde vi med eit lite piano og påskesongar, så dei som sat rundt oss, fekk iallfall høyre "Han er oppstanden, halleluja", og "Livet vant, dets navn er Jesus. Halleluja!". Vi har ingen grunn til å stengje oss inne med denne fantastiske bodskapen!







Påskeselskap


På påskedag ettermiddag var Maria og eg hos ei dame som hadde invitert venner for at dei skulle få høyre kva påske er. Ved hjelp av ein flipover med påskeforteljing og påskesongar, fekk eg formidle både til liten og stor forteljinga om Jesus som døydde på korset, og stod oppatt frå dei døde.
Her forklarer vi bordverset "Å du som metter liten fugl".


Så framførte vi dokketeater med ei forteljing som veninna vår har laga. Eg fekk rolla som katolsk biskop, som leia barnekor i kyrkja. På den måten fekk eg også lært dei songen "Livet vant, dets navn er Jesus. Halleluja!"

Etter at første pulje med mødre og barn hadde gått heim, var det tid for nye gjestar. Kotomusikken min gjorde visst inntrykk på dei fleste, ikkje minst dei eldste. Alle hadde med seg mat, som vi delte. Plutseleg seier ei dame: "Eg veit eigentleg ikkje kva påske er. Kan de ikkje fortelje meg det?" Dei andre oppfordra meg til å ta fram flipoveren som eg hadde brukt for borna. Så vart det også ein vaksenversjon, der eg prøvde å forklare litt meir kvifor Jesus måtte døy, og kva oppstoda betyr. Veldig utfordrande og meiningsfullt!

Internasjonal kveldsgudsteneste
Siste veka har eg brukt mykje tid til å førebu gudstenesta, både det åndelege innhaldet med preike og songar, men også ein del praktiske ting, i tillegg til ein Kobe-tur på styremøte, engelskklasse i Oda og preikeførebuing til føremiddagen i Arashima.

Då er det klart for kveldsgudsteneste.


Maria hadde pynta kyrkja fint med levande lys, og ho leia også gudstenesta på ein veldig fin måte.


Både bibellesing, lovsong, trusvedkjenning og preike var på engelsk og japansk.


Og forsamlinga følgde godt med. Til saman var vi 12 vaksne og ein baby. To av dei frammøtte var ikkje kristne. Den eine ga uttrykk for å ha møtt Jesus denne kvelden, slik som Tomas. Tema for kvelden var "Eg vil aldri tru!" Det var Tomas som nekta å tru at Jesus hadde stått opp, heilt til han møtte Jesus sjølv og måtte utbryte:"Min Herre og min Gud!"


Dette biletet har eg tatt av framsida på ei truslærebok. Her er Tomas i ein japansk setting, midt i sakurablomstringa, med Fuji-fjellet i bakgrunnen. Ja, Jesus ønskjer også at japanarane skal bøye kne og tilbe han som sin Herre og Gud.


Kyrkjekaffi med Maria si gulrotkake var ei fin avslutning av kvelden.

Noko som varer

Sakuratrea har blomstra i over ei veka, men no er det snart slutt. Det er ei kortvarig glede, sjølv om det er flott når det står på. Påska er også berre ein gong i året, men til forskjell frå sakurablomstrane så varer påskegleda heile året igjennom!

Påskedag - det var dagen då døden døydde. Og Livet vann!

Thursday, March 29, 2012

Mars = Leir, årsmøte, konferanse og leir



Eg har budd i koffert mykje av denne månaden. Innimellom har eg vore heimom og skifta litt innhald i kofferten og vaska klede, som har tørka medan eg var borte. Eg skulle ha skrive blogg for kvar gong eg var heimom, men slikt har det rett og slett ikkje blitt tid til. Så dette blir meir ei oppsummering.

KGK-leir
Frå 12.-15.mars var eg og Maria på studentleir. Dei tre jentene ovanfor er dei som kom på seminaret eg hadde om verdsmisjon. Der var også mange andre gode tilbod, så det var berre desse som prioriterte å høyre om misjon, men dei var veldig gode deltakarar.
Eg tok utgangspunkt i Coca-Cola sitt motto: "Ei boks med Cola i handa til kvart einaste menneske på kloden". Kor mykje meir JESUS? Vi har iallfall ein mykje viktigare bodskap, med eit mykje viktigare innhald enn Coca Cola kan rose seg av.


Det er bruk for arbeidarar også i Japan. Shiro Yajima (t.h.) har vore den einaste tilsette i Laget for eit stort område. Ifrå april får han hjelp av ein "eittåring" (GA=Graduate Assistant), Yuya Kawano. Vi håper han også finn tid til å besøkje oss her i Matsue!


Ein ganske intens leir er slutt. Lange, gode bibeltimar og møte, gruppemøte både tidleg og seint, seminar og mykje meir.

Årsmøte i WJELC

Hideki Matsumura (t.h.) vart vald som ny president i West Japan Evangelical Lutheran Church, og Ryuichi Maekawa vart visepresident. Begge er prestar på Nordfeltet (Yonago og Izumo).


Det er lenge sidan sist WJELC sende ut ein ny misjonær. Maki Ikegami er klar til å reise til Hong Kong i juni.

Misjonærkonferanse

Etter ei natt heime var neste stopp Hiruzen Bible Camp.
Kirsti Strand avsluttar i desse dagar tenesta i Japan, ganske nøyaktig 40 år etter at ho kom ut første gong. Eg har 21 år igjen om eg skal bli like lenge, men det rekk eg ikkje før eg blir pensjonist...
Her blir ho takka av Liv Bakke, som er vald til ny styreleiar etter Kirsti.


Vi var ein stor flokk i år, både vaksne og born. Jan Sandvik representerte NLM-leiinga i Norge.


Her er vi som skal styre arbeidet på feltet i året som kjem:
Framme f.v.: Liv Bakke, styreleiar, og Dagfinn Solheim, SR (stedlig representant)
Bak f.v.: Leifur Sigurdsson (SIK, Island) er nyvald, eg vart vald inn igjen for 2 nye år, og Johanna Tervonen er FLOM sin representant.

Ungdomsleir

Idag kom eg att frå leir på Hiruzen.18 deltakarar og 10 av arbeidarane på Sanin (Nordfeltet) og Sanyo-kyrkjene har vore samla. I går var det vaffelservering midt i dugnadsarbeidet. Deltakarane får opphaldet for 1/3 av den eigentlege prisen mot at dei jobbar nokre timar med å bone golv og hjelper med oppvasken etter måltida.


Desse to gutane skal byrje på ungdomsskulen i april og fekk vere med på ungdomsleir for første gong. Og det likte dei godt! Begge gutane har ein far som er prest.


Med 14 grader og sol, varer nok ikkje denne snøen så lenge, men desse to ungdommane frå Matsue (eigentleg Norge og Korea) utnytta snøen til siste slutt.
(Skulle berre hatt video med lyd!)


Takk for denne gongen! Mange av oss kjem nok tilbake på neste leir i august.Då blir det felles leir for heile WJELC.

Påske
Då vil eg berre seie god påske! Det er vel til helga leirsesongen startar i Norge. Her til lands er det ingenting som heiter påskeferie. Mars er vårferie, og nytt skuleår startar rundt 6. april, som altså er langfredag. Men sjølv om det er ein vanleg fredag her, har vi både gudsteneste i kyrkja om kvelden og Bible Club med fokus på kva Jesus måtte lide for oss. Også på føremiddag den dagen har eg bibelklasse. Og på påskedag har eg også fleire spennande oppdrag, som eg får kome tilbake til.

Wednesday, March 14, 2012

Med blikket paa Jesus

Her er vi,langt til fjells.Eg sit med mobiltelefonen oppe i fjellsida.Godt aa kome ut i sol og frisk luft,sjoelv om vinden er litt kald.

Maria og eg kom hit paa mandag.Dumt vi ikkje fekk med oss ein einaste student,men ei er med paa KGK-leiren i Kansai denne veka.Det skal bli kjekt aa treffe att Hikari naar ho er tilbake paa universitetet i april.

Tema for leiren er:"Ha blikket vendt oppover mot Jesus",Hebr 12,1-3.Det treng eg ogsaa aa bli mint om.

Det er oppmuntrande aa treffe kristne studentar som ber for og oppmuntrar kvarandre.I gaar hadde eg ein fin kveld ilag med dei tre jentene som hadde valt aa vere med paa seminaret om verdsmisjon.Ikkje saa mange,men eg haaper dei som kom,kan faa hjelp til aa finne ut kvar Gud vil ha dei,anten gaa sjoelv,eller sende andre.Begge deler trengst.

Monday, March 5, 2012

Det nærmar seg vår



Denne vinteren har vi hatt snø mange gonger her i Matsue, men no er våren på veg. Dei dagane sola stikk fram, varmar ho godt, og knuppane på plommetrea har byrja å opne seg. Plommeblomstrane gjer seg godt også i regn, slik som i dag.

Eg har skrive eit nyheitsbrev til Lærerinnenes Misjonsforbund sitt blad "Misjonshilsen", og då tenkte eg fleire kunne få del i det, også.

Mars månad

Maria Boganes Urstad kom i starten av februar, og ho har byrja å bli litt kjend med ungdommane i Bible Club. I mars er det ferietid ved universitetet, og det betyr at nokre studentar har betre tid enn elles, men mange er også bortreiste, eller førebur seg til å avslutte studiane og flytte dit dei har fått jobb.



Ei gruppe studentar er på eit månadsopphald i Florida ilag med Carmella og Scott. Dei skal vere med på ein kristen leir og vere nokre døgn heime hos kristne familiar. Vi håper og ber om at desse skal bli nye medlemmer av Bible Club.

12.-15. mars skal Maria og eg vere med på studentleir. Eg hadde håp om å få med nokre studentar, men det ser ut til å bli vanskeleg. På leiren skal eg ha seminar om misjon. Unge kristne i Japan skal ikkje berre vere mottakarar av misjon, men skal også bli utfordra til å gå sjølve. Etter leiren er det årsmøte i West Japan Evangelical Lutheran Church (WJELC) 19.-20. og misjonærkonferanse nesten samanhengande (22.-25.), og nokre dagar etter er det å pakke kofferten igjen til leir på Hiruzen 27.-29. mars. Denne gongen er det mest for tenåringar, men vi inviterer også studentar.

Snart påske
På Bible Club bruker vi for tida eit hefte som heiter ”Highlights in the life of Jesus”. Vi har vore med Jesus på fjellet der vi fekk eit glimt av herlegdomen hans, vi har vore med då han vart hylla som konge i Jerusalem, og vi har vore med på påskefeiring og innstiftinga av nattverden.






Sist fredag var vi ein liten flokk, men kanskje nettopp difor vart det ein fin samtale. Vi snakka om blodet frå påskelammet, som berga livet til dei som tok Gud på ordet, og eg prøvde å vise at Jesus er det rette påskelammet. ”Kva er skilnaden på den gamle og den nye pakt?” spurde ei av jentene. Det er ikkje så lett å forklare med få ord for nokon som ikkje kjenner Bibelen, men eg prøvde å forklare at den gamle pakt var ein lovnad mellom Gud og Israelsfolket, medan den nye pakt er for alle folkeslag, at Jesus oppretta den nye pakta, og at Gud vil gi oss eit nytt hjarte. GT peikar fram mot NT, og NT er oppfyllinga av GT. ”Yes, donkey!” sa ho som var berre hadde vore med ein gong tidlegare. Ho hugsa eselet som Jesus reid inn i Jerusalem på, og at eg hadde vist til profetien om at Messias skulle kome ridande på ein eselfole.

I loggboka får eg alltid fleire tilbakemeldingar enn det dei seier munnleg. Ein gut skreiv slik: ”Eg liker ikkje den gamle pakt, men eg liker den nye pakt. Takk, Jesus!” Eg trur han har byrja å forstå noko viktig...

Eg er blitt kjent med ei ung dame som jobbar som aromaterapist. Ho har budd i London og blitt kjent med kristne der, og er interessert i å lese Bibelen. På påskedag ettermiddag har ho planlagt å ha eit selskap heime hos seg, der ho vil invitere veninnene sine med born, og ho har spurt Maria og meg om å fortelje borna om kva påske er. Ho verkar så ivrig etter at andre også skal få høyre bibelforteljingane. Her får vi anledningane rett opp i hendene! I morgon skal vi bort til henne og øve.

Ungdomsgudsteneste
Det er godt å ha Maria her, for ho har nye idear, og eg har nokon å tenkje høgt ilag med. I slutten av februar hadde vi eit møte ilag med pastoren og vart samde om å prøve å starte kveldsgudsteneste for ungdom ein gong i månaden, med lovsong og tale både på engelsk og japansk. Vi kallar det International Evening Service, og vi treng mykje forbøn for både førebuing og gjennomføring.


Første gudsteneste er søndag etter påske, 15. april. Då skal eg tale i Arashima kyrkje på føremiddagen, og skal prøve å bruke noko av det samme for ungdommar om kvelden.

Bøneemne:
- takk for opne dører og opne hjarte
- be for påskesamlinga hos mi nye japanske veninne
- be for oppstart av internasjonal kveldsgudsteneste (15. april og 6. mai)
- be for studentane som har hatt opphald i Florida, at dei får lyst til å lære meir frå Bibelen
- be om at Bible Club kan gi frukt
- be om arbeidsglede og pågangsmot

TV-evangelisten Kari Opperud

Produsenten for ein kristen TV-kanal har vore på tur med kameraet i Shimane fylke. Fleire av prestane både i WJELC og andre kyrkjesamfunn har andakter, men mellom dei mørke hovuda dukkar det opp ei lyshåra dame med eit utanlandsk namn.

Kari Opperud gjer det bra som TV-evangelist. Opptaket er tatt i hennar eiga stove i andre etasje i Nima kyrkje, og teksten er om Anna i templet.

Du kan sjå programmet her. Velg side 2 og deretter nr. 14 i programoversikta, og klikk på "300" ved namnet (カーリ・オペルード), så skal Kari dukke opp.
http://japan.cgntv.net/newsub.asp?pid=2684&gubun=0308

Go to page 2 and chose program number 14.