Monday, April 18, 2011

Situasjonsrapport og påskehelsing


Eg hadde ikkje tenkt å skrive blogg i kveld, men når eg allereie har skrive ferdig ein tekst for lokalavisa heime, kan også de som er utanfor Bygdeblad-distriktet få lese det. Eg hadde ein tanke om å sende ut påskehelsing pr post i staden for julebrev som aldri vart skrive, men den planen er også blitt skrinlagt...

Her kjem ei påskehelsing til bygdefolket i Ørskog og omegn, med litt bilete frå sist Bible club innimellom:

Det er gått over ein månad sidan jordskjelv-og tsunamikatastrofen nordaust i Japan. Kyrkjer i området og frivillige både frå heile Japan og utlandet gjer ein stor innsats for å hjelpe dei som er ramma av tragedien.

Nærmare 28.000 menneske er døde eller sakna etter katastrofen 11. mars. Pr 18.april er 13.858 av desse stadfesta omkomne, inkludert dei som miste livet i etterskjelv 7. og 11. april. Meir enn 136.000 menneske bur framleis på evakueringssenter. Mange av dei er evakuerte frå heimane sine på grunn av strålefaren i området rundt atomkraftverket i Fukushima. Arbeidet med å forminske radioaktivt utslepp og få kontroll over anlegget går for fullt, men det vil ta tid. Det blir sagt at dei som er evakuerte, tidlegast kan få kome heimatt etter 6 månader.

Langt unna
Etter det eg har forstått, har mange også tenkt på meg i denne situasjonen og lurt på korleis det går. Eg er difor glad for å kunne nå dykk på denne måten og fortelje at eg har det bra her og opplever det meiningsfullt å vere misjonær. Det er snakk om store geografiske avstandar, så eg er ikkje direkte berørt av det som har skjedd. Eg bur ved vestkysten ved Japanhavet, i ein liten by som heiter Matsue i Shimane fylke. Her arbeider eg som misjonær for Norsk Luthersk Misjonssamband, i samarbeid med japanske prestar. Men sjølv om det er fjernt, går sjølvsagt tankane til alle dei som har mist familie, heim og arbeid, og alle som lever i frykt for radioaktiviteten. Eg har opplevd jordskjelv tidlegare og veit det kan skje igjen. Dessutan har vi eit atomkraftverk her i Matsue,også...

Hjelpearbeid
Det kyrkjesamfunnet eg arbeider i, Vest Japan Evangelisk Lutherske Kyrkje (VJELK), har ingen kyrkjer i det jordskjelvramma området, men vi samarbeider med den landsdekkjande lutherske kyrkja JELK med både økonomisk og praktisk hjelp til dei kriseramma.

Den norske misjonæren Anniken Mori er utsending for Evangelisk Orientmisjon og arbeider ilag med ektemannen Akira Mori i ei kyrkje i Iwaki by, omlag 40 km frå atomkraftverket i Fukushima. Ekteparet har vore mykje i norsk media siste tida. Dei har opna kyrkja for matservering og hjelper mange i området.

Anniken skriv på bloggen sin:
”Det skrytes mye av japanerne generelt i mediene, og det fortjener de, men ingenting er som de kristne som kommer. De har vist mot og handlekraft og kjærlighet, mens samfunnet her har vært tafatt, og frykt og flukt har tatt overhånd. Folk i vår menighet som jeg trodde var svake, har stått på, og flere som var ikke aktive før, har kommet tilbake og hjulpet mens byen ellers har stått mest stille.”

– Vår hensikt har heile tida vore å hjelpe slik Jesus ville gjort det. Ikkje for at folk skal bli kristne, men fordi dei treng vår hjelp, seier Akira Mori.
Les meir her: http://eom.no/

Påskebodskap

Den japanske kalendaren har ingen raude dagar denne veka utanom søndag. I kyrkja sin kalendar står det påskedag på den 24.april, men dei fleste i Japan veit ikkje noko om kva påske er. På langfredag har eg muligheit til å fortelje det til mange. På føremiddag har eg ei engelsk bibelgruppe for husmødre, og kvar fredagskveld fyllest leilegheita mi av studentar frå mange land.




Sist fredag var vi 15 her hos meg. Dei fleste er ikkje-kristne, men dei viser interesse for Bibelen. Dei siste gongene har vi hatt høgtlesing frå Bibelen både på kinesisk og koreansk i tillegg til japansk og engelsk. Sist fredag viste eg også film på kjøkkenveggen. Ei kinesisk jente sa at ho miste nesten pusten då ho såg Abraham som var i ferd med å ofre sonen sin, Isak. Men Isak slapp å døy, for Gud sende dei ein ver som vart ofra i staden for Isak. Gud sparde Arbraham sin son, men han sparde ikkje sin eigen Son for oss.

Hadde det ikkje vore for denne bodskapen om Jesus som døydde og stod opp att for alle menneske sine synder, hadde eg nok aldri kome hit til Japan. Eg er glad for å få vere her og kunne formidle den beste bodskapen som finst. På påskeaftan inviterer vi til lovsong i kyrkja med påskesalmar frå mange land, og på søndag er det påskegudsteneste med ekstra mykje korsong.


Den siste veka har sakuratrea stått i full blomst. Det er flott å sjå naturen vakne til liv igjen, ikkje minst denne våren, etter ein kald og snørik vinter, og med så mange triste bilete av øydeleggjingane etter jordskjelv og tsunami. Men desse nydelege kirsebærblomstrane er allereie i ferd med å falle av. Det minner oss om kor kort og skjørt livet vårt er. Som misjonær har eg ein bodskap om noko som held sjølv om alt fell i grus, om noko som varer når alt anna sviktar. Jesus har sigra over døden, og gir liv og håp til alle som trur. Eit slikt håp treng japanarane også!

God påske!

Sunday, April 10, 2011

Pingan 平安 heian peace fred

Eg veit om to misjonsgrupper på Sunnmøre som har namnet "Pingan". Det kjem av det kinesiske ordet for fred, 平安, som på japansk blir lese "heian". Sist fredag dukka dette ordet opp fleire gonger under bibellesinga på Bible Club.

Då Jesus møtte dei redde læresveinane sine etter at han var stått opp igjen, var det fredshelsing han ga dei. Det er litt tidleg å starte på påskemorgonsteksten, men studieboka vi bruker, hadde Joh. 20 som tekst denne dagen. På internett hadde eg funne kinesisk Bibel, også, som eg printa ut og ga til dei fire kinesiske jentene som kom. Ei av dei har også lasta ned heile Bibelen både på kinesisk og engelsk på i-phonen sin.




Sidan alle hadde teksten på sitt språk, fann eg også fram den norske Bibelen min, så dei andre kunne få høyre Guds ord på norsk. Det var sikkert første gong.

På videoen nedanfor blir Joh. 20, 19-29 lese på kinesisk, japansk, amerikansk engelsk, Jamaica-engelsk og norsk. Nesten som på pinsedagen, då alle fekk høyre om Guds store gjerningar på sitt eige språk! Ein av dei to japanske gutane var på Bible Club for første gong. Eit opphald i USA i vårferien hadde gitt han lyst til å lære meir om kristendommen.

Video

Jesus speaks Chinese! from Inger Valbø on Vimeo.



Til neste Bible Club må eg også førebu koreansk tekst i tillegg.

Sakurablomstring overalt
Eg har vore på reise sidan søndag ettermiddag. Mellom styremøte i Kobe på måndag og komitemøte på tirsdag ettermiddag, fekk eg ein kveld, ei kort natt og ein flott føremiddag ilag med venner i Osaka. Det passa slik at eg også fekk treffe igjen Ryoko, som var min trufaste kokk på Bible Club, og som no er komen til Osaka for å studere meir.



Fleire bilete her:
Facebook Fotoalbum

Thank you, Yuko and Ryoko, for a wonderful time under the sakura trees!

Saturday, April 9, 2011

Kjærleiken drog han til Japan

Islendingen Leifur Sigurðsson var på veg til Kenya som misjonær då han vart glad i ei japansk jente på språkskulen i England. No er Kenyamisjonæren godt i gong med endå eit nytt språk.

Katsuko og Leifur bur no i Kobe, med barna Hannes (6) og Lilja (1).
(Foto: Privat)

Les intervjuet her:
nlm.no

Thursday, April 7, 2011

På lag med Gideon og hans menn

Gideon som vi møter i Bibelen, hadde ein hær på 300 mann. Bibelspreiarane i Matsue er berre ein liten flokk, men trufaste er dei år etter år.


Kvart år i starten av april kjem dei med "pick-up"-bilane sine med bibelkasser på lasteplanet. I går var det opningsseremoni for nye studentar ved Shimane universitet. Her førebur vi det studentane skal få i handa når dei kjem ut etter opninga: Eit nytestamente på engelsk og japansk, med ein invitasjon til Bible Club og Youth Gospel.



- Vi hjelper kvarandre, sa Gideon-sjefen, då eg takka for at dei tok mine innbydingar inn i nytestamenta. Dei synest visst litt synd i meg som var åleine. Då kunne dei heller hjelpe meg, og eg kunne hjelpe dei å dele ut nytestamente. For når alle studentane med foreldre, søsken og besteforeldre veltar ut dørene samtidig, er det lurt å ha så mange hender som mulig som kan dele ut.


Fornøgde karar etter dagens dyst. Dei fleste kassene på lasteplanet er tomme.



Etter oppteljinga kan dei konstatere at det denne dagen er blitt delt ut over 350 nytestamente. Og omlag 200 av dei som tok imot, har også fått invitasjon til å lese Bibelen ilag med meg på Bible Club. Eg ventar ikkje det store innrykket, men kunne vi komme i kontakt med éin ungdom på denne måten, er det ikkje forgjeves. Og nytestamentet blir nok med tilbake på hybelen ilag med andre ting dei fekk med seg heim i går. Og kanskje ein dag kjem dei på å bla litt i boka, også? Gideon gjer iallfall eit viktig såarbeid!

- Ber kvar dag

I går kveld hadde eg besøk av ei jente som jobbar her i byen. Tidlegare Japanmisjonær Else Marie Ledal er venn med familien, og i går fekk vi oppretta kontakt på Skype, rett inn i stova til Else Marie i Kjørsvikbugen.

- Eg ber for deg kvar dag, seier Else Marie, som har kjent Yoko frå ho vart fødd for 25 år sidan. Kvelden med Yoko minte meg om kor viktig det er å ta seg av den eine.

Våren er her!

Det er eit vårteikn at nye studentar inntek byen i starten av april, men også sakurablomstringa er eit sikkert teikn på at våren er her. I løpet av eit par dagar har det nesten eksplodert. Idag fann eg fleire tre i full blomstring.

Eg ønskjer dykk alle ein fin vår med optimisme og pågangsmot. Vi er ikkje berre på lag med Gideon, men på lag med Gideons Gud: "Han som kan gjere meir enn alt, mykje meir enn det vi bed om og skjønar, etter den krafta som verkar i oss." Ef. 3,20

Sunday, April 3, 2011

PC-doktoren


Det er godt å ha nokon å spørje om hjelp når teknikken ikkje fungerer. I løpet av siste veka har eg fleire gonger hatt problem med at batteriet på PCen ikkje er blitt lada, så eg ikkje har fått start på maskina. I går hadde eg mange ting eg måtte gjere på data, så eg fekk nesten panikk då eg måtte prøve mange gonger før eg fekk start.

Så idag tok eg med meg PCen i kyrkja i håp om at søndagsskulelærar og datamann Aoki kunne hjelpe meg. Han forstod problemet, og i ettermiddag kom han innom med måleutstyr og ekstra leidningar som han hadde heime. Så no er det liv i PCen min igjen! Mellomste dottera Tomomi var med som vegvisar.


Eg trudde det var batteriet som var problemet, men det viste seg at det var leidninga som var dårleg.
- Eg håper det er greitt at leidninga ikkje er svart, seier Aoki.
Sjølvsagt gjer det ingenting for meg, berre eg får nok straum!

Det vart ei påminning om kor viktig det er å ha kontakt med energikjelda. Det hjelper ikkje samme kor godt batteri du har dersom du ikkje får lade batteriet!
Vi er avhengige av kontakt med Livets kjelde for å ha liv i oss sjølve. Hmm, eit godt poeng til neste andakt!!

Tusen takk for hjelpa, Aoki-san og Tomomi-chan!
青木さん、ともみちゃん、本当にありがとうございました!
私たち人間も力と命の源であるイエス様につながる必要があることを考えさせられました。いくらよいバッテリーがあっても、充電できなければ、私たちもパソコンのように死んでしまいますね!命の源にずっとつながっておきましょうね。

Saturday, April 2, 2011

Bible Club i ferien


Eg var spent på om nokon ville kome på Bible Club når det framleis er ferie, og fleire av mine faste medlemmer har reist sin veg. Men vantrua vart til skamme. Tre studentar og tre engelsklærarar samlast.

"Fårikål" med kylling i staden for får gjekk unna med norsk Kavli flatbrød, kjøpt i Matsue.


Carmella og Scott hadde enno ikkje fått snudd døgnet etter nettopp å ha kome att frå Florida, men dei stilte likevel opp.

Det nærmar seg påske, og i går studerte vi teksten om då Jesus stod for den høge råd på langfredags morgon. I staden for å stille spørsmåla i tekstboka, utfordra eg studentane sjølve til å stille spørsmål, og det vart veldig lærerikt. Trur eg skal gjere meir av det!
- Kva meiner Jesus når han seier at Menneskesonen skal kome i skyene? Er det ein advarsel?
- Kvifor ville jødane dømme Jesus til døden?
Gode spørsmål! Eg trur dei lærte litt meir om kven Jesus er og kvifor han kom til jorda.


Slik dessert hugsar eg mor mi laga då eg var liten. Eg har tidlegare fortalt om einaste måten vi et rå egg på i Norge, og no fekk dei sjansen til å prøve det. Piska eggedosis med appelsinbitar i og riven sjokolade på toppen. Dei likte det, også!


Kjekt også å sjå Nadine igjen!


Og no er det snart vår!

Ungdomsleir før skulestart

Medan sola gjorde sitt beste for å smelte bort snøen, var 29 ungdommar og arbeidarar frå nordfeltet samla til leir på Hiruzen 29.-31.mars.


Nokre aktivitetar gjekk føre seg oppå snøen, medan andre egna seg best på tørr grusveg.
Også innandørs var det stort engasjement. Sjå (og høyr!) video nedanfor.

Youth Camp at Hiruzen 2011.3.29-31 from Inger Valbø on Vimeo.




Tema for leiren var True Love & True Life, Sann kjærleik og sant liv.


Ungdommane i Yonago kyrkje stilte med eige band.


Pastor Matsumura dirigerer ikkje. Han talar til ungdommane.


Morgonbøn


Yoshua var på tenåringsleir som deltakar for første gong. I april blir han ungdomsskuleelev. Her studerer han den finske Bibelen til Antti.


For å gi ungdommane ein billigare leir og for å gi dei eit eigarforhold til leirstaden, var det sett av ein ettermiddag til dugnadsarbeid. Golv vart støvsuga, vaska og bona, så no skin det etter dei både i matsalen og i korridorane.


Som takk for strevet fekk dei vafler.


Kjøkkengjengen er også ferdig med jobben sin.

(Foto: Katsuhiro Igi)
Ein livleg gjeng. Når ein tenkjer på at omlag ein tredjedel var prestar og misjonærar, og dei aller fleste ungdommane kom frå Yonago, betyr det at det var få i frå dei andre 9 kyrkjene på nordfeltet. Sjølv om det er skuleferie, er det ikkje så lett å samle skuleelevar. Også i ferien er det klubbaktivitetar, og dei som skal byrje på ny skule, er kanskje opptatt av det. Dessverre fekk vi ikkje med oss ein einaste ungdom frå dei fem kyrkjene vest for Yonago. Heldigvis har vi ein liten flokk tenåringar som samlast i kyrkja i Matsue på søndagane, men eg skulle så gjerne hatt dei med på leir, også...


Lufta går ut av ballongen. Antti Kiviranta kom rett ifrå ein tilsvarande leir på sørfeltet, og kom den lange vegen opp til oss for å lære oss nye aktivitetar og for å tale Guds ord. Snakk om leirkondis!

Klikk på Facebook Fotoalbum nedanfor for å sjå fleire bilete:

Facebook Fotoalbum

(Klikkar du på det første biletet, får du det større, og du kan bla gjennom albumet ved å klikke vidare på pila i høgre kant av kvart bilete.)