Monday, March 19, 2018

Litt av kvart å feire


Det er ikkje dumt å ha gjebursdag på ein fredag. Det betyr at eg kan ha selskap både morgon og kveld utan eingong å invitere til selskap.
Til Bible Class på føremiddag hadde eg prøvd meg på noko eg ikkje hadde gjort før. Som Pippi seier: "Det har eg aldri gjort før, så det klarer eg sikkert!" Tidlegare i år fekk eg eit halvt kilo marsipan frå nokre norske venner som hadde overskot etter julebaksten. Og no fekk eg ei anledning til å prøve meg som konditor. For å seie det sjølv, så vart kaka ganske vellukka, men pynten vart veldig enkel sidan det var såpass seint på kveld. Neste prosjekt blir vel å øve på å lage marsipanrose.

Eg steikte to små bløtkakebotnar istaden for éin, så då har eg ei lita kake i frysaren til ei anna anledning. Sidan vi var berre fem personar på bibelklassa, gjorde eg noko så ujapansk som å spare att eit stort stykke til gjestane eg skulle ha neste dag.
 I tillegg til å feire gjebursdag den 16., hadde eg eit større jubileum dagen før. 15. mars var det nemleg 25 år sidan eg landa på japansk jord for første gong. Utruleg kor fort tida går. Eg er ikkje SÅ gammal endå, og kjenner meg ikkje så erfaren som misjonær, heller.

Eg var litt spent på om nokon på Bible Club ville hugse på dagen min, men Facebook er no ein god påminnar, så dei fleste visste det før dei kom. Og den første som kom inn døra, kom med denne fine blomsten!


Eg har berre hatt kunstige blomster i denne vasen i lengre tid, men hadde lyst å kjøpe meg nokre friske blomster no når det er blitt vår. Men så tenkte eg, - eg ventar til over gjebursdagen, i tilfelle nokon kjem på å gi meg blomster. Så no står denne og lyser opp, og sprer søt duft i heile rommet.

Eg var litt nervøs denne ettermiddagen, for påmeldinga til Bible Club vart fleire enn eg hadde rekna med. Til naboen hadde eg sagt at vi truleg vart under ti i mars, men no vart vi 14, og i tillegg kom det ei som ikkje var påmeldt. Før dei kom, gjekk eg ned for å melde nabovarsel, men sidan dei ikkje var heime, skreiv eg ein lapp og putta i dørsprekka. Eg beklaga at det truleg kom til å bli litt bråk, men lovde å sende dei heim kl 22. Eg trur det gjekk bra. Har iallfall ikkje høyrt noko klage etterpå, og heller ikkje banking i taket.

Under bibelstudiet var det iallfall brukbart stille. Her jobbar dei med Jesaja 53.

 Det ser ut som om dei er glade for å kunne vere i leiligheita mi igjen. Ei av jentene var på Bible Club for første gong.

Denne kvelden fekk eg kake, som vi delte etter bibelstudiet. Det vart ikkje store stykket på kvar, men iallfall ein smakebit.
Det er kjekt å bli sett pris på, men det vart litt ekstra oppvask. Etter at dei andre var gått heim, brukte eg tid på å lese helsingar på Facebook (noko eg endeleg vart ferdig med i går...), så oppvasken fekk vente til laurdag føremiddag.

På laurdag ettermiddag fekk eg besøk av denne guten. Han fylte 5 år tidlegare i mars, så vi hadde selskap ilag. Han hadde med seg ei heil boks med bilar.
Viss nokon meiner dei har sett gensaren min før, så stemmer nok det. Han er minst 25 år gammal, men eg har ikkje hatt hjarte til å kaste gensaren sjølv om han er blitt litt sliten her og der. Og dama som har gensaren på seg, har også blitt litt meir sliten med åra. Eg kjenner det både her og der.

 Eg var utan tvil yngre for 25 år sidan. Her ilag med mamma på avskjedsfesten på Sjøholt bedehus i mars 1993.

Tilbake til Matsue 17. mars 2018:

Det vart gjenbruk av dei fem lysa som var på kaka som eg fekk kvelden før, og det passa bra for ein femåring. Eg håper også at både han og foreldra kan bli kjende med "Den usynlige vennen". Femåringen må få hjelp til å lese, så då får mor eller far også bli kjent med Pelle, Jonatan og Jesus!

Liljene som eg fekk på fredag, opnar seg meir og meir for kvar dag. Særleg kvikkar det opp på ein regnfull måndag.

Og har du gløymt å gratulere meg, er det ikkje for seint... ;)







No comments:

Post a Comment