Monday, February 12, 2018

Nesten som i Norge

Den siste veka har vi hatt skikkeleg vinter også her i Matsue. Eg kan ikkje hugse at snøen har ligge så lenge før her. Idag hadde eg min tredje skitur langs elva rett bortanfor der eg bur. Biletet ovanfor er frå forrige måndags morgon, då eg gjekk til stasjonen. Eg var glad eg verken hadde sykkel eller trillekoffert, slik som dei på biletet.

To dagar etter då eg kom heim frå Kobe, såg det slik ut i parken eg gjekk gjennom på veg heim frå stasjonen. Ikkje så lett å setje seg å kvile på benken...

Bilen min hadde stått nokre dagar under snøen, men på torsdag fekk eg spadd og kosta såpass at bilen var køyreklar til fredag. Spade er ein reiskap eg har hatt god bruk for siste dagane. Dei små vegane blir ikkje brøyta, så det er å køyre i djup snø, som etterkvart blir sørpe, eller "bølgeblekk" når det frys. Idag var eg ute ilag med fleire av naboane og prøvde å gjere vegane litt meir køyrbare.

Torsdags morgon hadde eg store istappar framfor vindauga, og natt til fredag var vindauga frosne på innsida, men så har vi berre enkle vindaugsglas, også. Det hadde visst vore - 7 grader den natta, og det er veldig uvanleg her.
Igjen vart bibelklassa mi på føremiddag avlyst/utsett, for tredje gong, sidan fleire er redde for å køyre bil på glatt føre. Men Bible Club om kvelden gjekk som normalt, for studentane køyrer ikkje bil, heller. Vel, heilt normalt var det ikkje denne kvelden, for vi fekk besøk av ein heil gutegjeng frå bibelskulen på Fjellhaug. Dei kom seg fram med tog og buss, med Christoffer Nævdal som reiseleiar og guide. Han har vakse opp i Japan og kan språket. No er han lærar på Fjellhaug, men til hausten kjem han ilag med kone og to barn tilbake til Japan som misjonær.
 Gutane slo seg ned og slappa av medan eg laga middag til Bible Club. Christoffer sit i midten her.

Dei andre fekk plass rundt kotatsuen (varmebordet), som var ei første oppleving for dei.

Eg fekk god hjelp til å frakte maten bort til kultursenteret denne gongen, og 17 personar fekk servert karrigryte og ris.
Etter middagen hadde vi ein interessant samtale rundt temaet "Snø i Bibelen". I Jesaja 1,18 inviterer Gud oss:
    Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren.
      Om syndene dykkar er som purpur,
     skal dei bli kvite som snø,
     om dei er raude som skarlak,
       skal dei bli kvite som ull.

 Vi las om kong David som fall i synd, men som fekk bekjenne og gjere opp. Vi las m.a. Davids bøn frå Salme 51,9:
  Ta bort mi synd med isop, så eg blir rein,
    vask meg, så eg blir kvitare enn snø.

 Ei jente frå Sør-Afrika, som i år har opplevd snø for første gong, sa at for henne betyr snø også vatn, som er nødvendig for liv, og for at naturen skal spire og gro. Ho understreka etterverknaden av snøen, (after effects), som er nytt liv. 
         For lik regn og snø
          som fell frå himmelen
          og ikkje vender attende dit
          før dei har vatna jorda,
          gjort henne fruktsam og fått henne til å spira,
          gjeve såkorn til den som skal så,
          og brød til den som skal eta,
         
   
slik er mitt ord
          som går ut or min munn:
          Det vender ikkje tomt attende til meg,
          men gjer det eg vil
          og fullfører det eg sender det til.

Slik står det i Jesaja 55, 10-11.  Guds ord er forskjellig frå menneskeord. Vi får tru at det skjer noko der Guds ord blir formidla, sjølv om det kanskje ikkje spirer med ein gong.


Bible Club held framleis til i leigde lokale. Sjølv om det er eit styr kvar veke å frakte all maten dit, er det ei brukbar ordning. Vi har endå ikkje funne noko hus eg kan flytte til. Det vil seie, vi har funne, men dei vil ikkje ha samlingar med mange personar der, for det kan forstyrre naboane, så då er vi like langt. Du som ber, kan berre halde fram med det.

I går var eg til Hiruzen kyrkje for å tale. Medan eg køyrde gjennom bygda på veg til kyrkja, tenkte eg på versa vi hadde lese på Bible Club, om Guds ord som ikkje skal vende tomt tilbake. Kor mange i Hiruzen-bygda har ikkje høyrt om Jesus dei åra dei gjekk i barnehagen i kyrkja? Det er ikkje få gjennom alle dei åra misjonen dreiv barnehagen.

Eg skulle ha andakt på søndagsskulen, men ingen barn kom. Veka før var det heller ingen. Men dei to søndagsskulelærarane står på, veke etter veke, år etter år.
Ein halvtime før gudstenesta kjem det ein bil, og vi trur først det er foreldre som kjem med nokon til søndagsskulen. Men det viste seg å vere ein vaksen mann som kom heilt åleine. Det var første gong han var i denne kyrkja. Han hadde køyrt i over to timar på snøføre, vel 7 mil, frå ein plass som heiter Niimi. Til saman var vi ti personar på gudstenesta. Eg talte om Jesus som vart forklåra på fjellet. Av ein eller annan grunn er Kristi forklåringsdag ei veke seinare på den japanske kyrkjekalendaren i forhold til den norske. Her hoppar dei over fastelavn.

Neste søndag er det første søndag i faste, og då skal eg tale i Arashima. Hadde det vore ei anna tid på året, kunne eg kanskje brukt samme preika, men det kan eg ikkje denne gongen. Dessutan var den preika eg hadde i går, resirkulert av preika eg hadde på samme dag i Arashima for seks år sidan. Det betyr altså at eg må ha ein ny tale ferdig til neste søndag. I fjor talte eg i Halden første søndag i faste, så eg vurderer å bruke det manuset som mal, i ein japansk versjon.

Etter gudstenesta fekk eg meg ein god tur i snøen. Eg har gått fleire gonger på ski i Matsue, også, desse dagane, men fjellsnøen er trass alt betre. Ein mann gjekk til fots oppover, men det gjekk fortare for meg på ski. "Det var nok betre, ja!", sa han idet eg gjekk forbi han.

Det var framleis bra skiforhold i Matsue i dag, så det må nyttast så lenge det varer.

Då eg kom tilbake til hovudvegen, fekk eg sjå brøytebilen i aksjon for første gong.





No comments:

Post a Comment