Tuesday, February 23, 2016

Når kjøkkenet blir kinosal

Søndag ettermiddag var det sol og fint vêr i Matsue, men heime hos meg prøvde vi så godt vi kunne å halde sollyset ute. Grunnen var at vi skulle ha movie-ettermiddag. Det var studentane sjølve som valde ettermiddag istaden for kveld.
Kjøkkenet er største rommet i leilegheita mi, og har ein sofakrok ved vindauga. Med litt ommøblering fekk vi plass til 12 personar å sitje i samme retning. Japanarane fekk dei fremste plassane, så dei kunne lese japansk teksting.
Med popcorn og cola var vi klare for nærare 2 timar film. Fordelen med å ha heimekino er at ein kan stoppe når ein vil og snakke om det ein ser. Jennifer avbraut med visse mellomrom for å spørje studentane kva dei tenkte. - Kva ville du ha gjort om du var den kristne studenten som vart bedt om å skrive "Gud er død"?, utfordra ho.
For det er det som er problemstillinga i filmen "God's Not Dead" (Gud er ikkje død).

Ein filosofiprofessor innleier det nye semesteret med å introdusere kjende ateistar og påstår at førestillinga om Gud er ein myte. For ikkje å kaste bort tida på det han kallar unyttig diskusjon, deler han ut eit kvitt ark til studentane sine og ber dei skrive "Gud er død" og signere. Alle gjer som dei blir bedt om, bortsett frå Josh. Han klarer ikkje å fornekte sin Gud og Frelsar. Dermed gir professoren han ei utfordring: Han skal få 20 minutt av dei tre neste forelesningane til å argumentere for at Gud finst.
Det kostar han mykje, men det endar med at heile klassa på omlag 80 studentar står opp éin etter éin og seier "Gud er ikkje død!" Den kinesiske studenten i klassa blir ein kristen. Vi får også møte ei jente frå ein muslimsk familie som verkeleg må betale ein pris for å vedkjenne trua på Jesus. På slutten av filmen ser vi at professoren også får bruk for Jesus, der han ligg og veit han skal døy.
Eg såg filmen første gong på kino i Osaka 1. januar i fjor. Då eg seinare på året kom over DVD-en, var eg snar til å kjøpe han, for eg tenkte at dette kan bli ein god reiskap til å nå studentar og andre. I august lånte Carmella og Scott DVD-en og viste filmen for nokre studentar medan eg var på ferie.
Ei av jentene som såg filmen i august, skreiv til meg i ei melding: "Eg syntest filmen var så god at eg vil sjå han ein gong til, og eg får med meg ei ikkje-kristen veninne!"

Ein student frå Tanzania var her også for første gong. Han er ein av dei på bakerste rad.

Etter at filmen var ferdig, vart folk berre sitjande, for det var framleis tidleg kveld. Det var mykje å snakke om. Studenten frå Tanzania kom med eit utfordrande spørsmål som skapte ein interessant diskusjon.
"Religion skaper skilje mellom menneske. Kva meiner de om det?" spurde han. Det utvikla seg ein interessant samtale om forhold mellom religion/tru, kultur og politikk. Og innimellom måtte eg trå til med tolking frå engelsk til japansk og frå japansk til engelsk. Ikkje alltid lett å finne dei rette orda.

Eg måtte gi studenten rett i at religion skaper skilje. Men eg la til at Jesus Kristus også samlar. "Berre sjå på oss som er her. Vi ville aldri ha funne kvarandre dersom det ikkje hadde vore for Jesus, " la eg til, og med det stilna diskusjonen av.

 Denne karen frå Nigeria liker å pynte seg. Han har med seg mange nasjonaldrakter i bagasjen.
 
Fleire av studentane reiser frå Matsue i mars, og dei andre skriv avskjedshelsingar til dei.


På søndag sat eg altså inne i finevêret, men i går fekk eg verkeleg nyte det! Det viste seg at vi hadde vald den beste måndagen for den lenge planlagte skituren. Av og til er det lurt å ha fri på måndag når dei fleste er på jobb. Dermed hadde vi også mykje av snøen for oss sjølve!

Eg fekk med meg to veninner som eg hadde fått overtala til å prøve langrenn. Endeleg har eg funne eit skisenter som leiger ut langrennsski, og som til og med har oppkøyrde løyper. Det tok bortimot to timar å køyre dit. Kagamiganaru skisenter ligg på baksida av Daisen-fjellet, på ca 800 m.o.h., ikkje så langt ifrå Hiruzen. Dette er ein av dei få plassane som framleis har snø no. Eg var glad eg rakk det før våren kjem!

Ho til venstre hadde aldri hatt ski på beina før, medan ho andre til høgre hadde stått på slalom, men aldri prøvd bortoverski.

 Langrennsløypa var ikkje så lang, men eg tok dei utfordringar eg kunne finne. På video nedanfor kan du sjå etter ein liten raud prikk oppå snøhaugen midt på biletet.





No comments:

Post a Comment