Tuesday, September 4, 2012

Ærlege ytringar frå ein student



Her er heile flokken på studentleiren eg skreiv om for ei veke sidan. Då hadde vi nettopp kome dit. 
Japanarar liker å leike med ord. Det ser vi av plakaten med tema. Laamen er ein rett med nudlar, men her har det anna betydning. LAA=Love Active Action Men. Altså: Vi ønskjer å bli menneske som er aktive og handlande i kjærleik. Og oppskrifta  på denne type laamen er Jesus sjølv. Gjennom bibeltimar og gruppesamlingar vart det fokusert på kva Jesus har gjort. Den barmhjertige samaritan i likninga er eigentleg Jesus Kristus sjølv, som løfter opp den som ikkje klarer å reise seg sjølv. Når vi møter slik kjærleik, kan vi bli i stand til å vere ein neste for våre medmenneske. ”Gå du og gjer likeeins, ” er utfordringa frå Jesus.

Grilling er varmt...
Leirbål



Eg var sjåfør for to studentar. Den eine var Kazuaki. Det viste seg at han var einaste ikkje-kristne deltakar, men han gleid godt inn i miljøet og treivst godt. Biletet nedanfor viser avskjeden før heimreise. Kazuaki er nummer to frå venstre.
Takk for Laget!

Bak Sula-ruta i Hiroshima
 For sunnmøringar gir dette biletet assosiasjonar til Sularuta, ikkje sant? Eg måtte berre knipse eit bilete då vi stoppa på raudt lys. "Sularuta er alltid foran, " kommenterte ein klassekamerat frå vidaregåande etter at eg hadde lagt ut biletet på Facebook.

Etter at Kazuaki kom heim, skreiv han nokre betraktningar på Facebook. (Meir seriøs enn meg). Og med vilje publiserte han det slik at ikkje berre hans venner, men kven som helst kan lese det. ”For vi høyrde då på leiren kor viktig det er å evangelisere, ” forklarer han. Då eg spør om lov til å omsetje til norsk på bloggen min, har han heller ingen innvendingar, heller tvert imot. Eigentleg hadde han tenkt å skrive på engelsk på Facebook, men fann ut at det vart for vanskeleg. 

Slik skriv han:

”Eg har vore på KGK sin sommarleir for første gong. Den 4 dagar lange leiren var på ein leirplass i Hiroshima.
I løpet av leiren tenkte eg på ein gong eg var på overnattingstur med klassa, første året på vidaregåande. Eg hugsar at akkurat då tenkte eg at det i heile verda ikkje kunne finnast ein meir fantastisk augneblink eller betre samtalar enn nettopp det eg opplevde der og då.

På denne studentleiren var det ikkje berre mange samtalar, men også ting som fekk meg til å tenkje mykje. For meg som er i ein fase av livet der eg bekymrar meg for framtida, betydde det mykje å delta her. I tillegg var det fint å treffe så mange kristne studentar. Det har eg ikkje hatt sjansen til tidlegare.
Det var fleire ting som gjorde at det såg ut som om eg ikkje kunne reise på leiren, så eg er verkeleg glad for at eg kunne reise. Eg har forstått meir og har fått mykje å tenkje på, som Guds eksistens, det å tene Gud, kva Guds frelse er, meininga av orda, og kva det vil seie å bli ein kristen. Kanskje grublar eg litt for mykje?
I løpet av leiren tenkte eg mykje på at også ikkje-kristne burde vere interesserte i Bibelen, og om du ikkje trur på Gud og om du avviser det, er det viktig å vere ærleg og seie kva du meiner. Eg vil oppfordre deg til å finne ut kva dette med kristendommen er.
Eg er heller ingen kristen. Om eg ein dag kjem til å bestemme meg for å bli det, veit eg heller ikkje enno. Uansett ønskjer eg at alle kan få ein sjanse.”

Sidan leiren varte til fredag, hadde vi Bible Club på laurdag. Dei fleste studentar har framleis sommarferie i heile september, så det er ikkje så lett å samle mange, men to studentar og to som er i jobb, kom på Bible club. Vi hadde ein fin kveld med pizza og samtale om den bortkomne sonen og den kjærlege Faren. Kazuaki delte også med dei andre korleis han hadde opplevd leiren.
Lita gruppe, men god samtale. Kanskje nettopp fordi vi var få.

Kazuaki har byrja å gå meir fast på gudsteneste. Nokre gonger kjem han til den lutherske til oss, men oftast går han i ei meir karismatisk kyrkje, der Carmella og Scott høyrer til, og der er også fleire ungdommar. Eg spurde han ein dag:
- Dersom du bestemmer deg for å bli døypt, kva kyrkje vil du velje?
Han hadde tenkt på det, og det verka som om det var eit vanskeleg val.
- Då vil eg helst bli døypt på Bible Club! seier han.
- Men det er då inga kyrkje, seier eg... - Og eg er heller ingen prest...

Sjølv om eg gjerne skulle sjå at han kjem til Matsue lutherske kyrkje og får dåpsundervisning og blir døypt der, er det ikkje eg som skal bestemme det. La oss be om at ikkje dette blir det største problemet for han med tanke på å bli ein kristen eller ikkje. 

For eit år sidan intervjua eg Kazuaki ilag med tre andre studentar på Bible Club. Eg har fått fiska oppigjen den artikkelen, som du finn her. Kan du også sjå at det har skjedd ei forandring med Kazuaki sidan den gongen?

Intervju september 2011


Det er blitt september, og det merkast det er litt kjøligare i lufta, særleg morgon og kveld. Og når dagstemperaturen kjem under 30 grader, er det også lettare å bevege seg utandørs. I går kveld viste Gud oss ein fantastisk himmel. Eg måtte ut med kameraet, og her er resultatet:


Sjå fleire bilete frå leiren her:
 

No comments:

Post a Comment