Monday, February 21, 2011

Kvinna med vasskrukka


Sist fredag var det to av dei kinesiske studentane som stod for middagen på Bible Club, og dei var også flinke til å leve seg inn i teksten om kvinna frå Samaria. Tema for bibelstudiet var "Guds gåve".
Jesus svara: "Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn." Joh. 4,10


- Gå og hent mannen din, og kom hit att! var beskjeden denne kvinna fekk. Ho forstod at Jesus visste alt om henne.


"Herre," sa ho, "du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå?"


Kvinna seier til han: "Eg veit at Messias kjem," - Messias er det same som Kristus - "og når han kjem, skal han kunngjera oss alt."

Jesus seier til henne: "Det er eg, eg som talar med deg."

Dette møtet med Jesus forandra livet til den samaritanske kvinna. Til slutt i bibelstudiet las vi alle ilag det som folket i byen sa etter at kvinna hadde vitna for dei:
"No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa; for vi har sjølve høyrt han, og vi veit for visst at han er den som skal frelsa verda." Joh.4,42
Medan vi las det, tenkte eg: Eg skulle ønskje at dei som er samla her, verkeleg kunne seie det ein dag til meg:
- No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa; for vi har sjølve høyrt han, og vi veit for visst at han er den som skal frelse verda!" Då var ikkje arbeidet mitt forgjeves!
Men så er det ikkje eg som kan skape tru i dei. Det er Gud som arbeider gjennom Ordet som dei studerer. Så om vi ikkje fekk tid til å snakke så mykje kom kva dette levande vatnet er for noko, så trur eg at forteljinga og situasjonen som dei øvde på, vil sitje i dei og arbeide vidare i hjarta deira.
Då loggboka hadde gått rundt, var det ei side igjen i boka, og ei av kinesarane nytta sjansen til å illustrere det ho hadde lært denne kvelden. Det som gjorde mest inntrykk, var Jesus og kvinna ved brønnen, solbærteen og banansplitten:


Det er ferie- og oppbrotstid for studentane. For å gi fleire sjansen til å studere mest mulig før dei flyttar ifrå Matsue, har eg denne veka fleire avtalar om privat bibelundervisning. Slike samtalar på tomannshand gir også muligheit til å gå meir i djupna og til å ta opp ting som den enkelte lurer på.
Jesus brukte tid ilag med den eine. Men det førte til at mange kom til tru. Kanskje er det ikkje så dum strategi for meg, heller?

No comments:

Post a Comment