Først vil eg takke for alle julehelsingar, både i postkassa, på Messenger og på e-post. I går fekk eg endeleg setje meg ned og opne alle digitale julehelsingar og sende nokre svar. Og i dag har eg årets siste feriedag, som eg måtte føre opp for at systemet skulle bli fornøgd.
No prøver eg å nå dykk som ikkje har fått julehelsing frå meg.
Det er mykje som har skjedd sidan eg skreiv om at mykje skulle skje i desember. På oppmoding laga eg ein powerpoint til julefesten på bedehuset i heimbygda. Den vart så bra, synest eg sjølv (!), at eg deler nokre skjermbilete derifrå. Bileta ovanfor er frå lillejulaftan. Men la oss ta det i kronologisk rekkefølgje.I starten av desember starta vi julefeiringa med ein felleskonsert. Vi hadde øvd med felleskoret sidan september. Ei dame eg har møtt på badmintontrening, sit på nest fremste benk.
I Japan er både julaftan og juledag
vanlege arbeidsdagar, så vi har julegudsteneste fjerde søndag i advent. Etter
gudstenesta hadde vi mat og minikonsert.
Same kveld var det internasjonal
gudsteneste og julefest. Det var travelt å førebu to preiker til same dag pluss
gjere klar songtekstar, notar og organisere dramatiseringa, men det gjekk
greitt med mange medhjelparar. Vi hadde ikkje fått øvd i lag på julespelet, men
med litt leiing frå misjonæren vart det ganske bra.
Eg treng ikkje å bake så mykje berre til meg sjølv, men det er kjekt å ha litt å servere til gjestar og til å ta med på julefestane. I år fekk eg hjelp både til krumkaker og julemenn.
Lillejulaftan rakk eg å ha nokre veninner på besøk (første biletet, øverst til venstre). Prøvesmaking av tre slags brunost var populært. Om kvelden var det julefest i Nima, der engelskelevane framførte drama om Josef og brørne hans i Egypt.
Her har eg samla litt forskjellig mat eg har fått eller servert. Krumkake med moltekrem er vel det mest norske her.
Julaftan – ein roleg føremiddag heime hos meg sjølv. På lysmessa i Matsue kyrkje var eg einaste tilhøyrar. Men preika fekk presten halde også neste kveld i Arashima. Der var det fleire samla. Julekvelden feira eg med sjokolademarsipan og telefon heimanfrå. Med så mykje program både før og etter julaftan, hadde eg ikkje behov for å vere sosial.
Første juledag fekk eg spele julesalmar på alders-og sjukeheimen der fru Wakabayashi bur, ho som eg kallar mi japanske mor. Det var fleire som også var med og song, og eg fekk seie litt om kva jul eigentleg er. Ei av dei eldre sa ho hugsa ho hadde lært «Stille natt» då ho var ung.
Same kvelden var det lysmesse og julefest i Arashima. Her spelar eg på ei miniharpe. Instrumentet heiter Taisho-goto, som er i slekt med den store harpa som no ligg under ei seng på Valbøen.
Fredag vakna eg til eit tynt lag med snø, men det er visst forbigåande. Ei japansk veninne hadde laga Sri Lanka-curry til julefesten for Bible Club. Dei indiske jentene lærte meg korleis vi skulle ete med høgre handa. Eg klarte meg utan skei eller pinnar, men det gjekk eit par dagar før gulfargen under neglene var borte.
Ei av jentene er hindu. Det var første gong ho var hos meg. Det vart ikkje bibelstudie denne kvelden, men videoen frå julespelet vi hadde på søndagskvelden, fortalde juleevangeliet godt nok. Eg er glad for at fleire har fått høyre det denne jula, også, kanskje for første gong.
Då eg skulle ta ein selfie, trykte eg på ein knapp eg ikkje har prøvd før. Og plutseleg hadde eg fått meg katt! Så då vil eg og katten ønskje dykk alle ei framleis god jul og eit godt nyttår!

No comments:
Post a Comment