Det er fleire dagar sidan eg bladde om kalendaren til september, men her er det framleis sommar. Litt kjøligare morgon og kveld, men likevel er det lite som tyder på at det er blitt haust. Bortsett frå tyfonane som kjem i tur og orden og til tider gir altfor mykje regn andre plassar i landet. I følgje vêrmeldinga skal det bli maks 32 og minimum 26 grader neste døgnet, så det går an å sove utan aircondition.
Etter ein lang ettermiddag i kyrkja var det godt med ein liten tur i nabolaget. Slik himmelen speglar seg i vatnet, skulle Guds kjærleik spegle seg i livet mitt, slik at menneska rundt meg kunne få kjenne hans kjærleik. Men det er nok dessverre ikkje alltid slik.
Kva slags spor set eg i andre sine liv? Det vart ein tankevekkjar ein morgon eg gjekk tur og såg dette sporet. Spor i sanden er lett å viske ut, men spor i størkna sement vil vere der for alltid, iallfall ei god stund framover.
Gjennom babysong får eg setje spor i både borna og mødrene. Det var kjekt å få feire 1-årsdagen til denne guten og 3-årsdagen til ei storesøster.
Eg har fått lov av mødrene å dele desse bileta. Denne guten og mora var på babysong for andre gong, etter å ha blitt invitert av mora på det første biletet. Storesøstra på 3 år er også med og synest visst også det er kjekt.
Zini frå Zambia blir snart ferdig med mastergraden og reiser tilbake til landet sitt i slutten av september. Neste søndag skal han delta med vitnemål på den internasjonale gudstenesta. Fleire ikkje-kristne har sagt dei vil komme. Ver gjerne med og be for gudstenesta.
Den japanske studenten i bakgrunnen vil spele ukulele til songane. Det vil også ein eldre mann som kjem på torsdagsbibelklassa mi. Dersom du hugsar eg skreiv om då eg var solist med ein Beatles-låt, er det samme mannen som no vil vere med og spele i kyrkja. Spennande!
No comments:
Post a Comment