Igår var det kona til ein student ifrå Kamerun tilbaud seg å lage mat på 26-årsdagen sin! Ikkje verst!
Føremiddag hadde eg også bibelklasse, så det vart ikkje så mykje fritid. Det er kjekt å få hjelp til maten, men det treng ikkje dermed å bety at det blir mindre arbeid for meg. Frå vi gjekk ut og handla til Bible Club-middagen starta, brukte vi 4 1/2 time. Sjølv om ho gjorde det meste, måtte eg vere på kjøkkenet. Eg fekk iallfall laga powerpoint til bibelstudiet. Men etter det måtte eg berre flate ut på sofaen ei stund. Og der har eg vore fleire gonger idag, også. Det er vel greitt å gå litt i sakte tempo nokre dagar når eg elles har litt meir fart.
Heldigvis har eg ingenting å førebu til i morgon. Eg skal "berre" møte opp og vere tolk for nokre utanlandsstudentar som vil bli med til kyrkje, og delta på eit fellesmøte på ettermiddagen.
Desse jentene vil vere med til kyrkje i morgon. Biletet er tatt etter den internasjonale gudstenesta sist søndag.
I går på Bible Club var det overvekt av utlendingar. Dei fleste japanarar er framleis heime på sommarferie. Det var litt varmt i går kveld sidan kjølinga på "cooleren" ikkje fungerte, så då måtte dei hjelpe litt til sjølve:
Vaktmeisteren kjem og skal sjå på det på måndag, så det blir vel ei råd. Heldigvis har verste varmen gitt seg. Når eg er her åleine, klarer eg meg med opne vindauge og eventuelt elektrisk vifte i tillegg.
Forrige helg var det ein god del jobbing med å førebu den første internasjonale gudstenesta etter ferien min. Her er eit glimt ifrå talen.
Foto: Scott Menking |
Då eg laga ny invitasjon på Facebook til neste internasjonale gudsteneste 15. september, var ho den første som svarte at ho skal!
Høyr gudstenesta her!
Foto: Scott Menking |
Etter ei slik helg og deretter tur-retur Nima tirsdag-onsdag og ein travel fredag er det greitt å ha nokre rolegare dagar innimellom. Avspasering kan ein vel kalle det, sjølv om det ikkje er noko som heiter det i dette landet, trur eg.
Eller kanskje rett og slett ein frilaurdag.
Og så kan eg å kose meg. I frysaren fann eg ferdig kokt risengrynsgraut og bringebærsaus som Karoline og Marius hadde lagt igjen då dei var her tidlegare i august. Så no har eg laga meg riskrem så eg har nokre dagar framover...! :)
Og no trur eg jammen at nasen har slutta å renne, også!