Sunday, July 8, 2018

Misjon og mosjon

No sit eg på toget heimover frå generalforsamlinga, og har vore på reisefot i over ei veke.
Fredag 29. juni reiste eg frå Matsue til Kobe, der eg var med på eit kurs. Søndagen var eg med til Kanan kyrkje i Osaka og preika. Og så var det blitt sommarferie. Måndag kveld reiste eg frå Osaka, og landa på Gardermoen i 12-tida neste dag. Det høyrest ut som ein ganske kort og rask tur, men du må legge til dei sju timane i tidsforskjellen.
Nokre av dei første eg møtte då eg kom til NLM si generalforsamling, var kjentfolk frå Japan; ikkje mindre enn kyrkjepresidenten i VJELK og kona hans.
Under eitt av møta var det helsing frå kyrkjepresident Rei Nagata, tolka av Liv Bakke Magerøy.

Her fekk eg introdusere for japanarane ei av dei nye familiane som reiser ut til hausten; Tone og Ole Bjarne Tråsdahl og dei to gutane deira.

Det var fint å treffe mange som kjende meg. Til tider var det nesten vanskeleg å komme seg frå punkt A til B sidan eg vart stoppa undervegs av fleire. Eg hadde ei kjensle av at eg kjende nesten "halvparten" av forsamlinga. Slik er det å vere utsending. Det er godt å kjenne at det er mange som hugsar på meg, og som seier det til meg, men på den andre sida kan det vere ganske travelt å skulle vere "allemannseige". Det var godt å få setje seg ned og prate litt meir med nokre. Eit "hei, korleis har du det?" utan tid til å svare skikkeleg, er bra, men ikkje nok. Det var også godt å sitje og høyre god forkynning på norsk og synge ilag med den store forsamlinga.
På bibeltimane fekk vi god og klar forkynning utifrå Johannes' openberring. Her er forsamlinga sitt gjensvar på det vi fekk høyre. Og dette er berre ein liten forsmak på det store lovsongskoret.



Det var ganske stramt program, med møte, forhandlingar og seminar, men laurdagen vart annleis med meir fri. Eg gjekk glipp av fleire seminar som eg kunne tenkt meg å få med meg, men det går ikkje an å få med alt uansett. I går ettermiddag hadde vi Japansamling i skuggen av eit tre. Typisk japansk å søkje til skuggen? Dei japanske gjestane var allereie reist til Finland for å vere med på 50-årsjubileum for eit finsk misjonsselskap, men vi var mange norske "japanarar", både tidlegare, noverande og komande misjonærar.


Astrid og Bård Hauge er av veteranane, som reiser ut igjen til hausten. Bård skal ta over stillinga som stedlig representant etter Liv Bakke Magerøy.
Vi hadde ei stund med presentasjon og prat, og avslutta med å be for Japan, som har opplevd endå ein katastrofe, med mykje regn og jordras som har tatt mange liv. På Austlandet ber dei no om regn, men i Japan har dei hatt for mykje. Idag har det heldigvis slutta å regne i Japan, men dødstala stig etterkvart som sakna blir funne.
Her kan du lese meir om katastrofen.
http://www.nlm.no/nlm/internasjonalt/japan/nyheter/kraftig-uvaer-og-oedeleggelser-i-japan

(Oppdatering: Pr 9. juli er talet på omkomne oppe i 110.)
Seinare på ettermiddagen var det misjonsløp, som eg hadde gledd meg til lenge.
 Etter nesten to veker utan noko særleg mosjon, var det godt å røre på seg igjen. Men det var hardare for føtene enn eg hadde rekna med. Over 300 store og små var med og sprang, medan endå fleire sponsa og heia. Til saman vart resultatet omtrent 974.000 kroner. Mine sponsorar sørga for 8.500 kroner av det.

Idag føremiddag var det misjonærvigsle, og etter middagen er folk klare til å reise heim.

Og her er reisefølgjet mitt heimover. No sit vi altså på toget og nærmar oss Åndalsnes.

Fram til 28. juli blir eg på Sunnmøre, og eg prioriterer å treffe venner og slekt som ikkje var på GF.
Så ta gjerne kontakt, anten på Messenger eller sms. Tlf som før: 90404124.





No comments:

Post a Comment