Saturday, December 12, 2015

Sjå og høyr video frå julekonserten

Nedanfor kan du få nokre smakebitar frå julekonserten 5. desember. Alle video-opptak er gjort av Scott Menking, som har delt dei på YouTube. (Foto: Kimura)

Konserten vart opna av tone chime- gruppa frå Kitabori kyrkje. Her spelar dei ein julesalme av Sibelius:


Bli med på allsongen! "Gled deg, du jord"


Så får vi tre nummer av felleskoret "Yui". Først syng vi Salme 23 "Herren er min hyrding", med japansk tekst til melodi og arrangement også av ein japansk komponist:


Deretter kjem ein medley av fleire julesongar. Syng med på ditt eige språk dersom du kan dei!


Neste  nummer er ein engelsk gospelsong, som vi syng både på japansk og engelsk. "Go, tell it on the mountain":


Dagens hovudgjestar var ekteparet Ono. På grunn av stormfullt vêr var det såvidt dei rakk å komme iland ifrå Oki-øyane. Presten hadde andakt, og kona hadde pianokonsert. På grunn av ein spesiell reumatisk sjukdom må ho spele med hanskar. Her høyrer vi "What Child Is This" i hennar eige arrangement:


Den neste melodien hugsar eg dessverre ikkje tittelen på:


Så har vi allsong igjen. Bli gjerne med på "Glade jul" eller "Stille natt":


Så er vi komne til det tradisjonelle avslutningsnummeret: Halleluja-koret frå Händels "Messias".
Pianisten hadde gløymt å trykke på flygelknappen, så til vår store overrasking vart det orgelakkompagnement, men det gjekk ganske bra likevel. Men det måtte vere eit sjokk for pianisten som plutseleg vart organist:




No comments:

Post a Comment