Monday, October 5, 2015

Fullt hus i Arashima

Direkte frå Hiruzen og Yonago rakk eg det meste av ungdomsgudstenesta i Arashima på veg heim. Dei aller fleste var komne frå Matsue. Pastor Ishimaru og kona hadde som vanleg heile gudstenesta, og Carmella tolka for dei som ikkje forstår japansk. Denne gongen var vi faktisk like mange utlendingar som det var japanarar.
Desse fire tilhøyrarane kjem frå fire forskjellige land. Dei er alle tilknytta Shimane universitet.

Etter gudstenesta var det middag for alle. Her er Carmella og tre japanske studentar frå universitetet. Dei er også med på Bible Club.

Jentene delte søsterleg siste kakestykket.

Her gjekk nok praten mest på japansk.

Denne gjengen snakka truleg meir engelsk.

Åtte japanarar og åtte utlendingar. Av ein eller annan grunn er vi delt ganske midt på, utan at det var planlagt på førehand.
Det var godt å komme og setje seg ned og ta imot utan å ha noko ansvar. Eg var også glad for å sjå at fleire ikkje-kristne var med.
Om to veker, 18. oktober, er det internasjonal gudsteneste i Matsue for samme folka, men då er det eg som har ansvaret for program og preike. Eg burde komme i gong med førebuingane snart, for neste veke er det mange andre ting som skjer, også. Men først er det engelskklassene i Nima i morgon.


No comments:

Post a Comment