I tida 21.-25. mars var 20 barn og 23 vaksne samla til den årlege konferansen på Hiruzen Bible Camp.
Når vi trekkjer ifrå fire gjestar frå Norge, står vi igjen med 19 vaksne utsendingar. Dermed er dei 20 barna frå 0 til 15 år faktisk i fleirtal! Gjestar frå Norge var Regionleiar for Stor-Kina og Japan, Eivind Jåtun, HR-rådgjevar Karen Elisabet Wittersø Hector og to studentar frå Fjellhaug Internasjonale Høgskule. Dei to sistnemnde hjelpte til med opplegg for borna medan foreldra var opptekne med forhandlingar.
Fokus på barna
Misjonærbarna er viktige i arbeidet, og
det var fokus på at dei skal ha ein god og trygg oppvekst. Karen Elisabet
Wittersø Hector hadde undervisning både for borna og for dei vaksne. I forkant
av konferansen hadde ho også besøkt misjonærfamiliane.
Fleirspråkleg
I gamle dagar føregjekk konferansen på
norsk, så dei finske misjonærane måtte anten lære seg norsk eller bruke tolk. Med
utsendingar både frå Finland, Island, Japan og Australia i tillegg til det
norske fleirtalet blir fellesspråket engelsk, men også finsk, islandsk og
japansk kunne høyrast. Barnemøta var delte i ei norsk og ei engelsk gruppe, og under
familiegudstenesta var det brukt fleire språk med tolk.
Saman med WJELC
NLM har eit godt samarbeid med West Japan
Evangelical Lutheran Church (WJELC) og ønskjer framleis å gå ilag med dei for å
byggje Guds rike her i Japan. Rapportar frå arbeidet viser at vi er med på eit
stort arbeid. NLM er representert i styret både i radioarbeidet, bibelskulen og
det teologiske seminaret. Vi er særleg glade for at WJELC framleis ønskjer å vere
med og drive Hiruzen Bible Camp ilag med misjonen. NLM har også utsendingar med
i ungdoms-og familiearbeidet Compass.
Nytt feltstyret/Japan Board (JB)
Leifur Sigurdsson, ILM, og Johanna
Perendi, FLOM, vart valde i fjor og blir sitjande eit år til. Marius Bergersen,
NLM, vart vald på nytt til ein ny styreperiode. Styret vil konstituere seg på
første møtet.
Vegen vidare
Ein misjonærkonferanse skal stake ut vegen
vidare. Den saka som engasjerte mest og som vi gjerne skulle hatt meir tid til,
var revisjon av handlingsplanen for dei neste åra. Kva skal målet vere? Kva vil
vi, kva skal vil satse på, og kvar går vegen dit? Eitt av måla vi vart samde
om, er at vi ønskjer å satse meir på bibelstudie med enkeltpersonar og i
grupper.
Å bli tilgitt og tilgi
Eivind Jåtun hadde bibeltimar for oss med
temaet «Tilgjeving», om å bli tilgitt av Gud, om å tilgi kvarandre som Han har
tilgitt oss, og korleis vi kan formidle bodskapen om tilgjeving i ein japansk
kontekst. I smågrupper fekk vi dele personleg frå livet og arbeidet vi står i
og be for kvarandre.
Takk for forbøn
Takk til misjonsfolket som gir og ber,
slik at vi kan vere utsendingar i Japan. Be særleg for dei unge familiane, som
gjennom barna får kontakt med mange japanske familiar. Be om at både små og
store kan ha det bra og trivast!

