Tuesday, February 17, 2026

Vinter og vår på éi veke

 

For vel ei veke sidan var det full vinter her i Matsue. Natt til søndag 8. februar lava det ned medan eg sov. Sjølv om det var meldt mykje snø, trudde eg det eigentleg ikkje før eg såg ut vindauga søndags morgon. Denne gongen hadde ikkje vêrmeldinga slått feil. Og det heldt fram med å snø heile dagen. Det var ganske uframkomeleg på vegane, for brøytemannskap er ikkje i beredskap her. Så det vart å ta fram spaden. Det vart også ei anledning til å treffe fleire av dei som bur i blokka, som prøvde å spa ut bilane sine. Gudsteneste og årsmøte i Arashima kyrkje vart avlyst, og utsett til 15. februar. Så då hadde eg tid til ein liten skitur innimellom snømokinga.


Då eg endeleg hadde fått ut bilen, tok eg med skia og køyrde bort til elva nær der eg budde før, og laga meg ei løype. Heldigvis var parkeringsplassen ved butikken rydda, så eg fekk parkere.



Men vinteren varte ikkje så lenge. No er det vår og mildvêr, sjølv om det er ned mot null grader om natta.

I dag sykla eg bortom i "skiløypa" og tok nokre bilete av eit sikkert vårteikn.




Årsmøte

Denne søndagen fekk vi gjennomført årsmøtet i Arashima. Det gjekk ganske greitt unna. Det var inga overrasking at desse tre vart valde inn i menighetsrådet igjen. Det er lite utskifting her. Godt å ha gode, trufaste medarbeidarar. Til slutt i årsmøtet var det forbønshandling ved pastor Mori.



                                   Eldste Matsumoto vart også vald på nytt.

Internasjonal gudsteneste


Samme kveld hadde vi internasjonal gudsteneste i Matsue. To ifrå Arashima var med og hjelpte til denne kvelden. Vi var berre fire utlendingar denne gongen. Japanarane fekk med seg japansk omsetjing av preika mi, som eg hadde på engelsk.

Babysong

Måndags føremiddag var det babysong igjen. Tre mødre og fire barn såg ut til å kose seg.




Dei har lært bordverset, der vi takkar Gud for maten i Jesu namn. Storesøster på 3 år hugsa alle orda og melodien, sjølv om det er ein månad sidan sist dei var her. Skulle nesten tru dei har øvd heime. 



Denne gongen fekk eg også ta fleire av borna på fanget. Storesøster skal byrje i barnehagen i april, så neste gong i mars blir siste gong ho kan vere med på babysong. Men lillebror og mor vil framleis komme. Kanskje ein dag kan eg få invitere dei til noko i kyrkja, også. Denne gongen høyrde vi om Sakkeus.

Bible Club og English Café

Forrige veke prøvde vi å invitere til Bible Club på laurdag sidan det var Valentinsdagen, men det viste seg at ingen student kunne komme. Men då hadde vi "stabsmøte" i staden. Carmella og Scott var nettopp komne igjen frå California med ei studentgruppe. Det var fint å få dele eit måltid og høyre nytt, og avslutte med å be ilag for studentane og for kvarandre.

Denne helga får eg besøk av ei norsk dame som er utsendt for Pinsemisjonen. Ho har tilbudt seg å lage middag til Bible Club og bake til English Café. Det er allereie påmeldt to studentar til Bible Club, og ei av dei har ikkje vore her før. Ho er frå gruppa som var med til California.

Eg er også spent på kven som kjem på English Café i kyrkja komande laurdag. Du som ber, kan gjerne hugse på det, også.