Wednesday, September 22, 2010

Språklege utfordringar

Misjonærflokken har blitt ganske fornya sidan eg reiste frå Japan i fjor sommar. No er det ikkje lenger norsk som er det offisielle språket når vi samlast. Eg er ikkje så trygg på å snakke engelsk i store forsamlingar, men no får endeleg vi norske kjenne korleis finnane har hatt det ilag med norske misjonærar i alle dei år.

Kva språk dei finske borna brukte når dei leika ilag med dei norsk-japanske og islandsk-japanske, er eg ikkje sikker på, men det såg ut som om dei hadde det kjekt i lag.

På veg til Kobe og velkomstfest hadde eg ein kveld og ei natt hos Jorunn Svela i Okayama.

Jorunn bur i 11. etasje i ei 29-etasjes blokk ikkje så langt ifrå Okayama stasjon. Til saman i blokka er der 330 leiligheiter, så Jorunn har nokre naboar! Fleire har ho allereie fått god kontakt med.


Det var ikkje lett å sove med alle toga som dura forbi heile natta. Her går toga i to etasjer, også. Hurtigtoget Shinkansen er for langt til å få med på eitt bilete.

Neste morgon skulle eg sitje på med Jorunn til Kobe. Bilgarasjen hennar fascinerte meg!

Sjå korleis Jorunn får bilen sin ut av garasjen her:

Japansk garasje from Inger Valbø on Vimeo.




Endeleg nede på bakkenivå.


Nei, takke meg til parkeringsplass på gatenivå! Her er bilen min som eg endeleg fekk på plass laurdag ettermiddag.


Velkomstfest

Måndag var både misjonærfridag og offentleg fridag (Eldres dag). Det var velkomst for Mailis Janatuinen, som er tilbake frå Finland etter omlag 10 år, for pensjonisten Tore Jåtun som er tilbake som stedlig representant for oss, og så for meg, som berre har vore borte i omlag 14 månader.


Ekteparet Kivilä spelar ilag med Johanna Tervonen. Johanna kjenner eg litt frå før, men den nye familien var heilt ny for meg.


Nokre av familien Kivilä ved bordet ilag med Tore Jåtun, og resten av familien ser vi i bakgrunnen.


Familien Sigurdsson frå Islands Misjonssamband ilag med Jorunn Svela.


Heldigvis var her nokre som kunne stammespråket: Sunnmøringane Kirsti Strand (i midten) og Ingebjørg Hildre.


Om kvelden måtte vi ha litt meir mat, og Jorunn tok Johanna, Kirsti og meg med seg til Ikea på svenske köttbullor.


Eg skulle gjerne hatt nokre kjøtbollar mindre og litt meir potet, men det var dette som var porsjonen denne dagen. Billig var det også. Og den japanske kassadama var storfornøgd fordi vi forstod då ho sa "tack så mycket!"

Tysdag var det JS-møte (Japanstyret). Også her gjekk det på engelsk sidan Johanna var med. Før i tida måtte dei finske misjonærane lære seg norsk for å følgje med, men no er det vel vi norske som burde lære oss finsk? Då er det iallfall enklare å kommunisere på engelsk eller japansk.

Heime att

Då eg kom att til Matsue i dag, var eg først ute og åt lunsj ilag med Akiho, som var tilbake til universitetet for graduation i dag. Her er ho innom på ein kopp svensk blåbærte frå Ikea.

No comments:

Post a Comment