Monday, September 27, 2010

Bryllaup i Kana og jubileum i Matsue


I går var det 60-årsjubileum i Matsue Lutherske Kyrkje. Kyrkja er ikkje fullt 60 år enno, men det var i 1950 misjonsarbeidet for NLM starta her på nordfeltet.


Denne plakaten kunne nok dei første misjonærane forstå utan å ha gått ein dag på språkskule i Japan. Dei kom nemleg frå Kina, og der har dei samme teikna.
"60-årsjubileumsgudsteneste for misjonsarbeidet". Men dei måtte likevel lære eit heilt nytt språk, for uttalen av dei kinesiske teikna er heilt annleis enn det dei hadde lært.


Ein av dei tidlegare prestane i Matsue, Taro Shukuno, er no pensjonist. Han talte på festgudstenesta over temaet "Tenarane som fyllte vatn", utifrå teksten i Joh 2 om Jesus som gjorde vatn til vin i bryllaupet i Kana. Han hadde ei interessant vinkling av teksten:
- Eg er full av takk overfor dei misjonærane som starta her i Matsue, og overfor misjonsvennene som stod bak. Misjonærane som kom ifrå Kina, hadde berre 8 månader japanskstudiar før dei starta opp her. Kor lenge studerte du japansk, Valbø-sensei ? spør han vendt mot meg.
- To år, svarer eg beskjedent og skamfull over at eg framleis ikkje kan meir enn eg gjer, etter 13 år i landet.

Shukuno held fram:
- For eit mot! For ein iver! Dei hadde ein brann og ei nød for sjelene. Og dei var opptatt av at kyrkja skulle bli bygd av japanarane sjølve.

Eg tenkjer ofte for ein kamp det måtte vere. Dei tente Herren i det stille, slik som tenarane som fekk beskjed om å fylle kara med vatn. Det var store vasskar, som tok 80-100 liter kvar, og det var 6 av dei. Dei lurte sikkert på kvifor dei måtte gjere dette monotone arbeidet, men dei var trufaste. Og dei fekk sjå resultat. Situasjonen vart vendt frå fortviling til håp,


Shukuno fortel om då han som liten gut hadde ansvaret for å fylle badekaret med vatn og varme opp badevatnet kvar kveld for familien. Den tida var det ikkje innlagt vatn, og han måtte gå mange rundar til brunnen før badekaret vart fullt. Det var hardt arbeid for ein liten gut.

- Også i tenesta i kyrkja hender det at vi går trøytte og tenkjer: Nyttar det?
Det hende av og til at eg gløymde meg bort i leiken, og det var blitt mørkt då eg kom på at eg hadde gløymt å hente vatn til badet. Då eg kom heim, såg eg dampen frå badekaret, og det var allereie fyllt opp. Det var mor som hadde gjort det.

Nokre gonger når vi har gått trøytt, treng vi ein pause. Jesus forstår deg, og pastor Kajinishi er også forståingsfull.


Ein slik bodskap er sjeldan å høyre her i landet, der du skal stå på og vere sterk. Det var godt å høyre frå ein erfaren japansk prest at det er lov til å kvile, også, innimellom.
Men han utfordra oss til slutt til å vere ei kyrkje som går ut i kvardagen med det vi har fått.

Jesu-namnet har gitt resultat i Matsue from Inger Valbø on Vimeo.


Namnet Jesus har gitt mange japanarar håp. Det var samme songen eg vart sendt ut med frå Åndalsnes stasjon akkurat ein månad før, den 26.8:

Salmesong på Åndalsnes stasjon from Inger Valbø on Vimeo.



Eg fekk ein kommentar på e-post til denne videosnutten:
"Synes det var gripende med de som tok farvel på Åndalsnes! Hvorfor skulle du reise helt til Japan om ikke det var for Navnet Jesus? Da kunne du like gjerne vært heime. Vi måtte rett og slett ha funnet oss annet arbeid.... Men tenk å få ARBEIDE for Jesus....! Kan en person ha større arbeidsgiver?"

Så sant, så sant, Mainy! Ja, hadde det ikkje vore for namnet Jesus, måtte vi ha funne oss eit anna arbeid...

Nokre glimt ifrå resten av jubileumsfeiringa:


Gjestar ifrå dotterkyrkja i Arashima.


Eldste Kashiwaya i Arashima (t.v.) var berre 19 år då han vart døypt i Matsue kyrkje. Her overrekkjer han blomster til eldste Makino i Matsue kyrkje.


Litt av lunsjbordet. Dei norske kabaretane var visst vellukka. Der var i alle fall ikkje restar å ta med heim.


Unge og eldre balanserer asjett, pinnar og kopp i kyrkjebenkane.


Desse jentene er trufaste i kyrkja kvar einaste søndag. F.v. Tomomi, Haruka og Minami.

No comments:

Post a Comment