Wednesday, February 19, 2020

Født i Afrika

I det internasjonale miljøet i Matsue har vi fleire frå Afrika. Dei fleste er studentar som er her for å ta vidareutdanning, medan ei av dei jobbar som engelsklærar på to vidaregåande skular. Desse unge vaksne er kristne og er ein ressurs i arbeidet for å nå japanske ungdommar. Dei er med som gruppeleiarar på Bible Club og hjelper til på den internasjonale gudstenesta med leiing, bibellesing eller vitnemål.
Alle fem på biletet ovanfor er fødde i Afrika, men ein av dei er frå Finland. Lauri Palmu er misjonær for Finnish Lutheran Mission, ein organisasjon som arbeider i samme samarbeidskyrkje som NLM, men han er fødd og oppvaksen i Etiopia, der foreldra var misjonærar. Og han er gift med ei som er fødd og oppvaksen i Japan. Også ho er misjonærbarn.
Dei andre på biletet ovanfor er frå Sør-Afrika, Kenya og Nigeria. Ingen av dei er lutheranarar, men her i byen er vi så få kristne at her støttar dei opp om arbeidet.
Tre av desse avsluttar studiane og reiser tilbake til heimlandet i mars. Det tomrommet vil merkast i fellesskapet.

På Bible Club sist fredag delte Naomi frå Kenya vitnemålet sitt og fortalde korleis Gud har gitt henne styrke og trøyst i den tida ho har vore i Japan.

Med god hjelp frå meg hadde ho laga kake til Valentin-dagen, spesielt for Carmella og Scott, men også for å få feire sin eigen gjebursdag dagen etter. Carmella og Scott er idag (19.02) på veg til Florida med elleve studentar, og er ikkje tilbake før Naomi har reist, så dette vart siste Bible Club for dei tre ilag.
Du som ber, hugs på studentane som skal vere i Florida i tre veker. Dei skal bu hos kristne familiar og vere ilag med amerikanske ungdommar på leir. Kvart år er det nokre av dei som er med på dette opplegget, som blir med på Bible Club og vil lære meir etter at dei kjem tilbake til Japan. Det er alltid spennande med nytt skuleår i april, etter at mange har reist. Vil vi få med nye i Bible Club? Eg ønskjer meg også nokre nye, ivrige kristne frå Afrika!

Søndag morgon preika Etiopia-fødde Lauri i Arashima kyrkje. Det var ei grundig og god preike frå ein vanskeleg tekst i Bergpreika. Sidan han og familien skulle kome heile den lange vegen frå Nishinomiya (mellom Kobe og Osaka), syntest eg det var ein god idé å spørje om han kunne ta samme talen på engelsk om kvelden, og det sa han ja til med ein gong. Familien tok også del med song og tekstlesing.
På kveldsgudstenesta i Matsue hadde vi eigentleg to talarar.
Han som står på talarstolen her, er Badejo frå Nigeria. Han vitnar om korleis han vart ein kristen, og korleis Gud har vist han vegen.

Det var avskjed både for Badejo og ei jente frå Myanmar. Ho er ingen kristen endå, men ho ville gjerne takke for kva tida i Matsue har betydd for henne. "Eg forstår at Jesus elskar meg, "seier ho.

På linken nedanfor kan du laste ned og opne ei lydfil med opptak av heile gudstenesta, som for det meste er på engelsk.

Opptak frå internasjonal gudsteneste 16. februar


 Desse to jentene leika ilag då dei var fire og fem år. Denne kvelden møttest dei igjen etter 11 år!

 Det vart ei fin forsamling denne gongen, også.

Dei fem til høgre høyrer til familien Palmu, og dei fem til venstre er frå Arashima kyrkje, som også er mi "heimekyrkje" i Japan.
Takk for besøket! Det einaste eg kan seie, er "kiitos". Men heldigvis snakkar dei finske både engelsk og japansk.

Måndag fekk eg ein etterlengta tur opp i fjellet for å finne skiføre. Det er to år sidan sist eg hadde ski på beina. Det var godt å lufte seg litt! På videoen kan du også høyre at det var ganske vindfullt, så det var godt med varme og tette klede.


I fjor på desse tider var Shoko og eg på tur til Hong Kong og Macao. I år vart det skidag. Kanskje den einaste i år.

På nyheitene er det forståeleg nok mykje snakk om spreiing av coronaviruset. Idag vart nokre hundre som har vore i karantene ombord i eit cruiseskip, sende heimatt. Det har endå ikkje vore noko tilfelle av smitte i denne delen av landet, så eg kjenner meg ganske trygg. Vi får berre håpe og be for dei som er ramma.









Monday, February 10, 2020

Nordmenn i fleirtal på Bible Club


Foto: S.M

På Fjellhaug bibelskule har dei eit studietilbod som heiter Bibel og Gaming. I løpet av året har dei ein tur til Japan. I fjor var dei også innom Matsue og var med på Bible Club, og dei to lærarane ville gjerne ha med årets elevar også til Matsue i løpet Japanopphaldet. Sjølvsagt kunne eg ikkje ta imot fjorten norske mannfolk verken til overnatting eller mat, så dei ordna seg sjølve med hotell, og Bible Club hadde vi på det internasjonale kultursenteret, der vi også laga middag denne gongen. Å koke for 27-28 personar er ingen spøk, men eg fekk god hjelp av to studentar.

To store karrigryter og 35 koppar ris vart nok, og til og med restar til frysaren.

Vi blanda oss så det vart to norske i kvar av dei sju gruppene. Dei sju japanarane vart også godt fordelte.

 



Foto: S.M
To av studentane frå Fjellhaug hadde vitnemål og fortalde korleis dei vart kristne og kvifor dei framleis er det, og etterpå samtalte vi i grupper om det.
Eg var ganske nervøs på førehand med alt det praktiske som skulle ordnast, men det gjekk ganske bra.

Laurdagen hadde Fjellhaug-gjengen eit eige opplegg som eg har vore med og lagt til rette for, der dei fekk oppleve japansk natur og kultur. På linken nedanfor kan de sjå litt av kva dei fekk vere med på. Det er skrive på japansk, men der er mange bilete. Og dei har visst kome på TV, også!

Bibel og Gaming i bambusskogen

Eg sjølv var med på tøflebordtennisturnering.

Vi gjekk fort utav kampen, men ein liten trøystepremie vart det iallfall.

Resten av laurdagen gjekk med til å førebu meg til søndagen, der eg skulle tale to gonger i Yonago kyrkje.

Bibel og Gaming-klassa skulle vidare på søndag, men dei rakk å kome innom på gudstenesta i Yonago på vegen mot Kyoto. Sidan eg brukte ein tale eg tidlegare hadde hatt på engelsk, kunne eg gi dei manus på engelsk som dei følgde med på medan eg talte på japansk. Det var kjekt å ha dei på besøk, men dei kom og reiste så fort at det knapt nok vart tid å prate, og eg rakk heller ikkje å ta bilete av dei etter gudstenesta.

Dersom du vil høyre litt av talen (og respons frå salen), kan du laste ned ei lydfil her. Talen startar etter omtrent 6 minutt. Tale i Yonago kyrkje 9. februar

Etter at dei norske gjestane hadde reist, var det lunsj med dei yngste ungdommane og ungdomsmøte på ettermiddagen.

Dei starta med leik. Det er ikkje utan grunn at kyrkjesalen ser ut som ein gymsal. Her får barn og unge boltre seg, og etter leiken er dei klare for å synge og høyre Guds ord.


Dei som skal byrje på ungdomsskulen i april, var spesielt inviterte. Eg skulle bruke samme tekstar som eg hadde på føremiddag, men eg klarte å fri meg litt frå manus og prøve å gjere det litt enklare for dei. Det verka som om dei forstod, og det var fint å få vere med i jentegruppa etterpå, der dei delte med kvarandre kva dei hadde fått utav andakta, som hadde temaet "Berre av nåde".

Det er alltid kjekt å kome til Yonago, til ei forsamling som både lyttar og gir respons, og der også ungdommane er med. Det er vel heller ingen annan plass dei takkar talaren med applaus.


 På veg heim frå Yonago måtte eg stoppe og ta bilete av det fine fjellet vårt, Daisen.
Neste måndag håper eg på fint vêr, for då har eg tenkt meg dit på skitur! Vi hadde snø her også eit par dagar før helga, men den er borte no.







Sunday, February 2, 2020

Årsmøte treng ikkje vere kjedeleg

Det er tid for årsmøte i dei lokale kyrkjene. For ei veke sidan, 26. januar, var det årsmøte i Arashima, og idag var det Matsue kyrkje sin tur.
Biletet over er frå Arashima idet eit valresultat vart kunngjort. Det var val av ny eldste. Ein mann har førebudd seg i to år på oppgåva, og no var det årsmøtet som skulle avgjere om dei vil ha han til eldste. Det viste seg å vere nesten einstemmig. Med unntak av to stemmer. Latter bryt ut når dei forstår kven som sannsynlegvis har stemt blankt.

Matsumoto er ein beskjeden kar, som forståeleg nok truleg ikkje hadde stemt på seg sjølv, og truleg hadde ikkje kona det, heller, men han er villig til å bli brukt av Gud for å støtte arbeidet i kyrkja. Ved sida av han sit evangelist og dagleg leiar Megumi Takahashi og ansvarleg pastor Hideki Matsumura.
Seinare i februar blir han vigsla, og på årsmøtet til WJELC i mars blir han presentert for heile kyrkjesamfunnet.
Arashima kyrkje har som motto for 2020: "Tru Ordet, be og handle", utifrå Mark. 2, 4-5:

 4 Men sidan dei ikkje kunne koma fram til han for alt folket, braut dei opp taket over den staden der Jesus var, laga ei opning og firte ned båra som den lamme låg på.  5 Då Jesus såg trua deira, sa han til den lamme: «Son, syndene dine er tilgjevne.»

Vi ønskjer å kunne "bere" nye til Jesus ved å be for dei, vitne om Jesus og ta dei med i kyrkja. Det er mange eldre i denne kyrkjelyden. Det betyr også at dei fleste er fri på dagtid midt i veka. På bibelstudie- og bønnemøtet på torsdag føremiddag er vi oftast åtte rundt bordet, og andre kjem også om kvelden etter jobb. På tirsdagane samlast kvinnegruppa til møte på føremiddagen, og ein laurdag i månaden er det barneklubb.

Mot slutten av årsmøtet var det innsetjing av det "nye" menighetsrådet. 

Eg skriv "nye" i hermeteikn, for det var gjenval av dei samme som var med i fjor. Han som vart vald til eldste, var den fjerde i styret i fjor, og det blir desse fire som blir Megumi sine næraste medarbeidarar også dette året. Eg er også med på styremøta som observatør. 



Her er årsmeldingane til Arashima kyrkje og Matsue kyrkje. Det er visst lysegrønt som er fargen i år. I begge årsmeldingane har dei ei side der eg får skrive om arbeidet som eg har stått i. Sidan eg flakkar litt frå plass til plass, er det greitt at dei veit kva eg driv med når eg ikkje er hos dei på søndagane, og kva eg gjer på elles i veka. Det vart kommentert i begge kyrkjene. Men ingen spørsmål...



Idag var det årsmøte i Matsue etter gudstenesta. Dei er særleg opptekne av ein stram økonomi, samtidig som dei i fleire år har samla inn til ny kyrkje. Det ser ut som om planane er blitt meir konkrete etter kvart, men det står framleis att ein god del for å finansiere nytt kyrkjebygg. I denne forsamlinga er det også mange eldre, og ikkje så mange nye som blir lagde til. Gledeleg var det iallfall at ei kvinne vart døypt til jul, og ho var med på sitt første årsmøte. Ho sit heilt bakerst til høgre på biletet.
Det vil seie, heilt bakerst der sat eg, ilag med ei mor med to barn. Dei sat ganske stille med eit dataspel medan mora følgde med på årsmøtesakene.

Også i denne kyrkja er eg berre observatør (med talerett). I år hadde eg ikkje førebudd meg på å seie noko, så eg sat ganske avslappa utan hjartebank. Men heilt mot slutten vart eg utfordra til å seie noko. På sparket fekk eg sagt at eg gjerne vil få med meg studentar til kyrkja, men at det er vanskeleg, bortsett frå utanlandsstudentane som kjem, men oppmoda kyrkjemedlemmene til å møte opp når vi har internasjonal gudsteneste. For der kan dei faktisk treffe japanske ungdommar viss dei vil. Det siste sa eg ikkje...

Motto for Matsue kyrkje dette året er "Å ta vare på hjarta, å ta vare på seg sjølv og på andre i kampen vi står i", med verset ifrå Ef. 6,12:

12 For vår strid er ikkje mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet.

I denne kampen kan du også få vere med, i bøn og offer. 

Vi avslutta årsmøtet med å synge den japanske omsetjinga av "Skund deg, Guds folk." 

"Skund deg, Guds folk, ditt høge kall fullenda!
Sei til den vide verd at Gud er lys!
Folka sin skapar vil'kje det skal henda:
éi sjel i dødsens kalde skuggar frys.

Syng fagnadbodet, bodet om fred,
bodet om Jesus, det folkeslaga gled." 

Sangboken nr 760