Sunday, September 24, 2017

På to hjul i byen min

Matsue by er ganske flat, så det er lett å ta seg fram på "mamma-sykkel" utan gir. Brattaste motbakken eg trødde idag, var over brua rett før stasjonen. Her er utsikta austover frå brua, på veg til felleskorøving i pinsekyrkja.
I føremiddag talte eg på gudsteneste i Arashima. Sidan eg ikkje har fått bil endå, hadde eg tenkt å sykle til stasjonen (ca 3 km) og ta tog (ca. 15 min.) til Arashima, men i går kveld fekk eg tilbod om privatskyss, igjen. Shoko, som tok meg med til Izumo kyrkje for to veker sidan, hadde fri i dag og ville gjerne vere med til Arashima. Så då var det eg som vart med henne.

Det gikk greitt med preika sjølv om førebuinga gjekk i stå på torsdag. Etter at eg delte frustrasjonen på Facebook, fekk eg mange gode oppmuntringar og sikkert mange bøner vart bedt, også. Takk for alle som har vore med på "preikedugnad"! Ei av dei som høyrde på, sa etterpå at det var berre eitt ord ho ikkje forstod. Ikkje verst at ho forstod alt det andre!

Etter gudstenesta vart eg med sjåføren min og ei anna veninne ut og åt lunsj. Her kunne vi ete så mykje vi ville i løpet av ein time.
Slik ser ein misjonær ut etter å ha preika ein halvtime på japansk og får god mat etterpå:



Men det var altså sykkelturen eg skulle skrive om. Korøvinga i pinsekyrkja var slutt kl. 17.30, og eg var framleis ganske mett etter lunsjen, så eg trengde ikkje å komme meg heim og ete med ein gong. Det viste seg å vere ein ganske god idé å sykle bort til innsjøen for å sjå på solnedgangen. Eg kom der rett før kl. 18, og der var det fleire enn meg som var klar med kamera.

Etter snart fire veker i Matsue var det på tide å sjå solnedgangen ved Lake Shinji! Vanlegvis er eg heime og et middag på den tida. Og så er det ca 3 km frå der eg bur, så om eg heiv meg på sykkelen når sola byrjar å gå ned, ville eg kanskje ikkje rekke det likevel.



Etter at sola var gått ned, tok eg turen vidare opp mot borga, der dei i september og oktober tenner lykter når det blir mørkt.


Desse lyktene lyser sikkert endå finare når det er blitt heilt mørkt. Elvebåtane som går på kanalen her, kan du også vere med på kveldstid under denne lysfestivalen.

Gata blir stengd for trafikk på kveldstid, og eg fekk beskjed av vaktene om å trille sykkelen.
På denne lykta står det "haust" på høgre sida og "takk" til venstre. Japanarane er glade for at temperaturen går nedover. No er det meir behageleg temperatur i forhold til varmen dei hadde i sommar. Idag har det vore 27 grader på dagtid og minimum 17 om natta. I natt skal det gå ned i 16 grader!






Matsue er ein fin by! Ein impulstur var ikkje så dumt. Turen ga til og med inspirasjon til å skrive blogg. Det er lenge sidan sist.

I morgon tidleg reiser eg med buss til Kobe, der det skal vere misjonærsamling med lunsj og velkomst for meg. Eg har allereie truffe halve misjonærflokken (vi er ikkje SÅ mange), men dei finske har eg ikkje møtt endå, og heller ikkje Karoline og Marius. I fjor sommar var eg på utreisefesten for dei på Ellingsøya, og no er dei med og ønsker meg velkommen hit! :)

Tirsdag er det styremøte for Japanfeltet, der eg igjen er vald som sekretær. (Vi er ikkje SÅ mange, så eit styre eller to må alle vere med i). Dette går heldigvis på engelsk, så det er lettare å følgje med enn på det japanske styremøtet for Hiruzen Bible Camp, der eg var sist onsdag.

Når eg kjem att onsdag, blir bilen min levert. Men det blir nok meir sykling utover hausten, også.


Tuesday, September 12, 2017

Etter 14 dagar i landet

Nei, det er verken flaum eller orkan her, heldigvis. Biletet viser første gong i sommar at eg sette føtene i sjøen. Dessverre hadde eg ikkje med badedrakt, for eg visste ikkje då eg reiste heimanfrå på søndagsmorgonen at Shoko ville ta meg med til sjøen. Elles er det vel ingen som badar i september, - utanom kanskje nokre rare utlendingar.

Sidan eg ikkje har kjøpt meg bil endå, var det greitt å få privatsjåfør. Shoko, ei veninne som også nokre av dykk har møtt i Norge, bur no i Matsue, men er medlem i kyrkja i Izumo. Ho henta meg og var med heilt ifrå søndagsskulen kl 9 til kveldsgudstenesta var ferdig omtrent kl 21.
På søndagsskulen hadde eg andakt for fire frå ca 5 til 15 år, pluss leiarane deira. Då er det ikkje så godt å vite kven ein skal sikte på, men håper det vart litt for alle. Så var eg organist på gudstenesta etterpå, og om kvelden. Det var lenge sidan sist eg hadde spela orgel, så det var litt kjekt å få gjere det igjen.


Den engelske bibelklassa som eg har hatt her i Izumo, kunne ikkje starte oppatt denne gongen, men neste månad når eg skal dit, blir det også bibelklasse på ettermiddagen.
Denne dagen hadde eg altså heile ettermiddagen og kvelden fram til 19.30 fri, og då var det kjekt å ha selskap. Shoko tok meg med ut mot Japanhavet, til ein vindmøllepark. På vegen kjøpte vi med oss lunsj, drikke og litt godt til seinare på dagen.
Det var ein stor vindmøllepark med 16 vindmøller. Eg sjølv blir berre ein liten prikk framfor denne vindmølla.
Shoko prøvde å hoppe over skuggen frå ei vindmølle.


Vi fann oss ei lita sandstrand der vi hadde "teatime". Teen som vi kjøpte kald, var blitt lunka, og sjokoladen smelta, men godt var det likevel.


På veg tilbake til kyrkja fekk eg skifta til søndagsklede igjen, og så var vi ut og åt sushi.

Det er godt med slike dagar, når eg kan oppleve nye ting, vere ute i naturen, og kjenne at praten går lett, også på japansk.

Andre dagar er eg for det meste for meg sjølv, og det er ikkje så spennande. Igår tenkte eg på at eg måtte lade opp for å starte på preikeførebuing idag, men kjende meg slett ikkje opplada då eg la meg i går. Men god søvn og ein god joggetur før frukost idag hjelpte hjernen i gong, trur eg. Det var i løpet av joggeturen at ideen kom om tema og tekst for talen. Eg er godt i gong, men du som ber, må gjerne vere med vidare, også. Det er ikkje før 24. september eg skal tale, men neste veke er det mykje anna som skjer, så det er godt med alt som er gjort.

Det blir litt att og fram, dette, men her er eit par glimt ifrå arbeidarmøtet for ei veke sidan. Dette er pastorar, pastorkoner og ei som er evangelist. Dei kjem frå Oda, Izumo, Matsue og Arashima i Shimane fylke, og Yonago, Kurayoshi og Tottori i Tottori fylke.

Som de ser, er eg den einaste utlendingen blant desse medarbeidarane. Eller de ser kanskje ikkje forskjell, eingong? Det er godt å komme tilbake til noko kjent. Ingen av dei er blitt flytta på, så dette er folk som kjenner meg og som eg har kjent i mange år.


Nokre frivillige i Yonago kyrkje hadde laga lunsj til oss. Det smakte veldig godt.

Det er godt å bli ønska velkommen, men samtidig kjenner eg at både andre sine forventningar og mine eigne forventningar er litt for store. Eg har fått preikeoppdrag i fleire av kyrkjene, både i Arashima, Yonago, Hiruzen og Izumo, i tillegg til dei internasjonale kveldsgudstenestene i Matsue som eg har hatt ansvar for. Og i Nima ventar engelskelevane på at eg skal starte oppatt bibelklassene der. Men det må vente til oktober. Først må eg få kjøpt meg bil. I morgon blir eg tatt med til nokre bruktbilforhandlarar. Så får vi sjå om eg klarer å bestemme meg for noko...

Så det blir ikkje bilete av bilen min idag. Eg får heller dele litt av den gode maten eg finn her:

Skikkeleg søt og saftig mais

Is med grøn te er favoritten. Og så søt og saftig vannmelon har eg ikkje smakt i Norge.
Men damene som kom på engelsk bibelklasse på fredag føremiddag, - kva var det dei helst ville smake?


Jau, her er svaret:


Og så japansk er eg ikkje blitt at eg klarer meg utan denne endå. Ei lita skive kvar dag må eg ha, men eg prøver å spare, så osten varer lenge...

Monday, September 4, 2017

Bible Club og nabovarsel

Vanlegvis tek det litt tid å komme i orden, men denne gongen kunne eg flytte inn til mine eigne møblar og koppar. Likevel har det vore litt arbeid med å finne ting som er blitt flytta på, eller som eg sjølv hadde pakka bort, for så å gløyme kvar eg hadde gøymt det. Idag dukka forresten nokre notemapper opp, som eg forgjeves leita etter på laurdag. "Alt som ikkje er stole eller brent", heiter det.

Fredag var det tid for Bible Club, men eg fekk ein ganske mjuk start. Carmella, som har leia bibelstudiet medan eg har vore vekke, foreslo at vi kunne bestille pizza til middag, sidan der var ganske mykje pengar på matbudsjettet, og ho kunne gjerne ta seg av bibelstudiet denne gongen, også. Så får eg ta over frå denne veka. Det einaste eg hadde å gjere, var å servere kald og varm drikke, og litt norsk sjokolade. Det var igrunnen heilt greitt for meg.

Det var kjekt å treffe att både ungdommane og vaksenleiarane. Særleg var eg glad for å møte att dei to jentene på biletet over. Dei har begge blitt døypte i løpet av sommaren. Men dei måtte gå heim tidleg, så det var ikkje så mykje eg rakk å snakke med dei denne kvelden.

Pizzaen smakte bra, men nokre var ekstra svoltne. Ris går til det meste!

Denne guten har også sagt ja til Jesus, men han får ikkje lov av foreldra til å la seg døype før han er ferdig med utdanninga.

Dei fire studentane på dette biletet traff eg for første gong. Eg har sett dei før på Facebook, så det var nesten som eg kjende dei litt frå før, likevel. Der er ein kristen student frå USA og tre japanarar som ikkje er kristne. Carmella og Scott har vore leiarar for ungdommane gjennom heile tida eg har vore i Norge. I det siste har dei starta bibelstudiet med å synge, - noko eg ikkje har våga med tanke på naboane. Grunnen til at alle sit med mobiltelefonen, er at dei har songtekstane der.

Ein grunn til at dei har hatt ei songstund, er at denne jenta kjem mest for å spele gitar. Ho har til og med kjøpt nye strengar til gitaren min med sine eigne pengar.

Tidlegare på dagen var eg og helste på mora i familien som bur under meg. Dei to på kvar side av meg helste eg på dagen før. Det er vanleg skikk og bruk å ta med ei lita gåve og helse på naboane når ein flyttar inn. Nokre av dei var dei samme som då eg reiste i fjor, men familien under meg hadde flytta hit i vår. Det var bra eg tok kontakt, for då fekk eg også høyre litt om kor lydt det er i huset. Det er trebygning, og dårleg isolert, så dei kan til og med høyre kva folk seier nokre gonger, og kan skilje mellom engelsk og japansk. Eg var ikkje klar over at det var så lydt. Eg spurde om det var greitt å synge litt med svak stemme sånn i 19.30-tida, og det gjekk ho med på, men ikkje seinare på kvelden. Ho har ei dotter som skal lese til opptaksprøve for vidaregåande skule over nyttår, og ho må lese kvar kveld, og lydar ovanfrå kan vel gjere det vanskeleg å konsentrere seg. Eg synest det er godt gjort at dei har halde ut heilt ifrå april til no utan å klage, men no fekk ho iallfall ein sjanse.

Så vi prøvde å synge så lavt som vi kunne, og elles snakke dempa resten av kvelden. Det gjekk bra når vi var berre 11 personar, men den gongen dei var 27, var det ikkje så enkelt, meinte dei. Og det er forståeleg.

Som de forstår, er det mange omsyn å ta. Vi vil at ungdommane skal ha det kjekt her, men både for nabofreden og for evangeliet er det viktig å unngå irritasjonsmoment. Eg foreslo at dottera kunne komme og øve på engelsk ilag med oss...Eg inviterte også mora til bibelklassa som eg skal ha på fredag føremiddag. Så no veit ho iallfall kva eg driv med.


Det er Jennifer (t.v.) som har budd i leiligheita mi, og som hittil har hatt ansvar for matlaging og servering på Bible Club. Ho har funne seg ei leiligheit på andre sida av vegen her, så ho slapp å flytte tinga sine så langt.

Igår var det ein lang kyrkjedag, med gudsteneste, menighetsrådsmøte, planleggjing ilag med pastor Ishimaru, og deretter øving med felleskoret. Litt tidleg å synge "Å, Betlehem, du vesle by", men det går kanskje an når temperaturen er komen godt under 30 grader, og kalendaren seier september. For meg er det framleis god norsk sommartemperatur!

Folk i Arashima kyrkje ser etter bil til meg, så eg håper det snart kan bli bilkjøp. Medan eg ventar, øver eg med å sykle på venstre side av vegen.
I går let eg sykkelen stå og gjekk dei 3 kilometrane til stasjonen for å ta toget til Arashima kyrkje. Her er nokre glimt frå vegen til stasjonen:

Risåker

Gatelangs
Pedalbåtar
Kart over Shimane fylke (t.v.) og Matsue by (t.h.)
Utsikt vestover frå brua. Kan du skimte Matsue Castle (borga) i det fjerne?
Eg stoppa fleire gonger for å ta bilete, noko som førte til at eg måtte springe siste stykket for å rekke toget. Eg hoppa ombord eit minutt eller to før det tok laust.

Sjølve togturen tok ikkje meir enn vel eit kvarter, og kyrkja ligg ca 4 minutts gange frå Arashima stasjon. Som de ser på oppslagstavla, blir Luther-jubileet også markert i Japan. Bilen framfor kyrkja er naboen sin. Her gjeld det nok også å ha eit godt forhold mellom naboane!

Til slutt, eller nesten til slutt, eit par bilete ifrå sykkelturen idag. Risåkeren som eg gjekk forbi i går, er no blitt hausta.



Elvebåtane er også ein del av bybiletet av Matsue - byen med mykje vatn.


Då eg kom tilbake frå turen min, var heile risåkeren skoren, og spurvar og kråker hadde lunsj av restane.

Dette vart igjen eit langt blogginnlegg, men eg skal love at det blir nok ikkje så langt og så ofte heretter, når kvardagen og arbeidet er i gong.
I morgon er det arbeidarmøte for dei lutherske kyrkjene langs havet, og der blir eg den einaste utlendingen no etter at familien Leirvik har reist tilbake til Norge. Det blir rart å kome til Yonago utan å treffe dei. Eg må berre heilt til slutt få ta med eit par bilete av oss frå misjonærkurset i sommar: