Monday, March 23, 2015

Kvite slips

Japanske menn bruker kvitt slips når noko skal feirast, til dømes når dei er i bryllaup. Sist laurdag var det ikkje bryllaup som vart feira, men ordinasjon av tre pastorar. Og då stilte dei sjølvsagt med kvitt slips.

20.-21. mars var det årsmøte i Vest Japan Evangelisk Lutherske Kyrkje (VJELK). At det var blå himmel og sol, la eg omtrent ikkje merke til før vi var ute andre dagen for fotografering. For her var det ikkje mykje tid til å gå ut og trekkje frisk luft. Når forhandlingar og gudsteneste skal foregå i løpet av under 24 timar, må ein vere effektiv. Og det kan japanarane. Dei forstår kanskje ikkje kvifor vi misjonærane "treng" 4-5 dagar når vi har konferanse.

VJELK er ikkje noko stort kyrkjesamfunn, men omlag 107 delegatar frå 42 kyrkjer var med, i tillegg til observatørar og gjestar. Sidan eg ikkje er fast arbeidar i ei lokal kyrkje, men er områdemisjonær, har eg ikkje stemmerett. Mi oppgåve var å vere akkompagnatør til fire salmar. Det var vel alt.

Høgdepunktet var avslutningsgudstenesta med ordinasjon av tre pastorar.
 Det foregjekk omtrent på samme måte som ei misjonærvigsle i NLM, med skriftlesing og bøn med handspålegging. Sidan eg ikkje har vore med på presteordinasjon i den norske kyrkje, kan eg ikkje samanlikne med det.
Dei tre som vart ordinerte, har arbeidd som evangelistar i to eller tre år, og etter gudstenesta fekk dei overlevert blomster frå kyrkjemedlemmer.
Som de kanskje ser best på det første biletet, er det ikkje berre ungdommar som blir pastorar. To av dei har lang erfaring frå arbeidslivet før dei fekk kallet til fulltidsteneste og byrja på seminaret. No er dei endeleg vigsla til teneste. Pensjonsalderen er 65 år i VJELK, men etter det kan dei arbeide for lavare løn eitt år i gongen til dei er 70. Den yngste av dei tre er 31 år, så forhåpentlegvis har han mange år framfor seg som pastor. Dei nyordinerte heiter (f.v.) Kanji, Komiyama og Fukuda. Til høgre står kyrkjepresident Matsumura.

I tillegg vart to nye eldstar presenterte. Dei vart vigsla til teneste i Tottori kyrkje 15. mars.


Både Takenaka og ekteparet Yamashita er venner eg kjenner godt ifrå tida eg arbeidde i Tottori kyrkje. Dei er også godt kjende gjennom songgruppa "David's Harp". Manabu Yamashita (t.h.) og kona Sachiko var også i Norge under Japanaksjonen for nokre år sidan. Dei var både innom i Valbø-heimen og på sjukeheimen og song for mamma.
Å vere eldste i VJELK betyr å vere leiar i kyrkja og ei støtte for pastoren, og fleire av dei har også preike på gudstenesta når det trengst. Takenaka er matematikklærar, og Yamashita er psykolog ved ein institusjon for barn og ungdom.

 Her er heile flokken som var samla til det 54. årsmøtet for Vest Japan Evangelisk Lutherske Kyrkje: Japanske pastorar, evangelistar og tillitsvalde ilag med nokre finske og norske misjonærar. Vi arbeider ilag for å nå fleire med evangeliet. (Foto: Jorma Pihkala)

Vi er glade for alle nye arbeidarar, både frivillige og heiltidstilsette. Det har vore dårleg rekruttering siste åra, men vi fekk høyre gode nyheiter:  Ifrå april har VJELK fem nye studentar ved seminaret. To av dei startar på eit nyoppretta diakonistudie, medan dei tre andre skal utdanne seg til pastorar. Det lovar bra for framtida for Guds rike i Japan. Men vi treng enno fleire, ikkje minst med tanke på alle pastorar som blir pensjonistar om ikkje så lenge.

Og det trengst framleis fleire misjonærar, også...


Sunday, March 15, 2015

"Vi ranker oss sammen, vi vinkvister små"

Då er misjonærkonferansen over, og vi er heime kvar til vårt igjen. Det er vel første gong i historia at det har vore så få på ein Japan-konferanse. Men når vi er få, ser vi kanskje kvarandre betre enn om vi er mange. Kvar enkelt av oss har ei viktig oppgåve. Men vi gløymde heller ikkje dei som skulle ha vore hos oss. De var med i bønene våre.
(Biletet ovanfor er tatt av Hanna Emilie Boganes Urstad)

Forhandlingsmøte og bibeltimar hadde vi i det lille kapellet. Der var god plass til fleire.

I første bibeltime talte regionleiar Ole Morten Stavland om vintreet, frå Joh. 15. Han skildra vintreet så godt at eg kunne sjå korleis dei tynne greinene tvinnar seg rundt kvarandre og løfter kvarandre opp i lyset, så dei kan bere frukt. Greiner som veks for seg sjølve, veks ofte ned mot bakken og ber ikkje frukt. Det er godt å få vere ilag nokre dagar og dele med kvarandre, og prøve å sjå framover ilag.

På veg heim idag dukka denne songstrofa opp i tankane:

"Vi ranker oss sammen, vi vinkvister små, 
som brødre og søstre om Jesus å stå.
 Å, la ingen visne av våre, o Gud,
ei brytes av stammen og ei kastes ut!"

Ein dag hadde vi også besøk av Egil Svartdahl på video. Med utgangspunktet i temaet "Kva kan vi lære av Kjell Inge Røkke?" ,utfordra han oss til å investere i misjon og til å sjå muligheitene. Eg noterte meg fire punkt om smarte investorar:
1. Smarte investorar ser muligheitene
2. Smarte investorar trur på eit aktivt leiarskap
3. Smarte investorar må våge risiko
4. Smarte investorar satsar langsiktig

Jesus investerte i menneske, og ei sjel er meir verd enn heile verda.

Eg fekk ein ny venn på denne konferansen, ein tillitsfull og blid gut på 2 1/2 år. Han lærte å seie namnet mitt, og han kom ofte og vinka på meg eller tok meg i handa for at eg skulle komme og bygge lego med han. Det skal bli kjekt når han og foreldra blir mine "naboar" til hausten, med berre 35 km til Yonago, der dei skal bu.
Etter to ganske intensive dagar med møte og forhandlingar, var det godt med ein annleis dag på laurdag. Føremiddag hadde vi bønnevandring, og på ettermiddagen var vi på utflukt til ein stor blomsterpark nær Yonago, nesten halvvegs heimatt for meg. På biletet ovanfor er det tre damer som prøver blomsterkjolar.
Andre prøvde brudekjole.

Dette paret har allereie vore gift i nokre år.

Og dette paret har vore gift i enno fleire år, og er allereie blitt besteforeldre. Vi er glade for å ha hatt Ruth og Gunnar Urstad her desse to åra.

Her er nesten heile flokken, med fjellet Daisen i bakgrunnen.

Slik såg fjellet ut då eg køyrde oppover mot Hiruzen på onsdag ettermiddag. Eit utruleg vakkert syn.


Idag var vi med på gudsteneste i Hiruzen kyrkje, der Johan Leirvik talte, med Liv Bakke som tolk. Sidan Johan framleis går på språkskule, fekk han preike på norsk idag, men neste gong han talar her i kyrkja, må han nok bruke japansk. Frå september skal han og familien starte i arbeid i Yonago, og han skal også hjelpe til i Hiruzen kyrkje.

Kyrkjelyden på Hiruzen set pris på besøk. Her er vi samla, både unge og eldre.

Tilbake på leirsenteret hadde vi lunsj, kaffi og avslutning av konferansen. På veg heim fekk eg prøve skiene ein gong til før eg avslutta sesongen. Det var 9 grader, så no er våren i kjømda også oppe i fjellet.

Då er det vel på tide å parkere skiene, og vente på at sakuraen skal blomstre nede i lavlandet.

Fleire har gått og nynna på ein påskesalme sidan salmekvelden på fredag, og vi song igjen denne salmen under nattverdmøtet i dag tidleg. På veg heim tona melodien på denne salmen inni meg: "Han sto opp før dagen demret". Eg har ikkje lært alle orda enno, så eg må gå til salmeboka igjen. Eg vil avslutte med å dele dei to siste versa på nr. 214:

"Han sto opp, hans venner fryktet
jordens mørke, dødens natt.
Han sto opp da troen sviktet,
da de trodde seg forlatt.
Fylt av mismot var vi alle
til han delte vin og brød.
Kristus lever, vi skal leve, 
det er døden som er død!

Han sto opp før dagen demret;
ut av natt brøt lyset fram.
Kristus lever, han har seiret;
evig lever vi med ham.
Han er her og han vil skape
liv der natt og mørke bor.
Kristus lever, vi skal bære
Herrens seierstegn på jord."

Fordi Jesus stod opp igjen og lever idag, kan vi ha frimod til å halde fram med arbeidet her i Japan.

"Han er her og han vil skape
liv der natt og mørke bor."



Tuesday, March 10, 2015

Meir enn halvert stab

I morgon startar årets misjonærkonferanse. Konferansen varer frå 11.-15. mars. Det er fleire ting som vil vere ganske forskjellig frå konferansen i fjor, då biletet ovanfor var tatt.

For det første er vi mindre enn halvparten så mange. I år er vi 8 vaksne på feltet, mot 17 i fjor. Fleire er på ordinært heimeopphald, medan andre er heime av uforutsette årsaker. Under konferansen i år vil den einaste finske blant oss vere i Thailand på ein finsk misjonskonferanse, så det betyr at vi blir ytterlegare få; 7 vaksne og 2 barn, i tillegg til ein gjest frå heimeleiinga i NLM. Og berre nordmenn. Eg er redd det blir litt stusseleg når vi tenkjer på kor mange vi kunne ha vore.

At vi er berre norske dette året, gir også litt fordelar. Mellom anna kan vi ha alle forhandlingar og bibeltimar på norsk. Likevel må eg skrive referat på engelsk, sidan vi framleis samarbeider med finsk og islandsk misjon.
Eg har fått ansvar for ein songkveld, og legg opp til salmekveld med Norsk Salmebok (den nye). Ein spørjerunde viser at det er berre to av oss som har skaffa oss den nye salmeboka, så dette må vi gjere noko med. Sjølv misjonssambandsfolk har godt av å oppdage kor store skattar vi har her. Eg har funne mange nye salmar som har gitt meg mykje. Mellom anna eit par som er omsett frå kvensk og lulesamisk. Vi skal gå med Jesus til liding, kors og død, og avslutte med fire mektige påskesalmar om kva Jesu oppstode gir oss. Ei god førebuing til påska som nærmar seg.

Ein annan ting som truleg vil bli annleis på denne konferansen, er vêret. I fjor var det i starten av april, og det var allereie blitt vår også oppe i fjellet på Hiruzen. Men idag har det vore vinter også nede i lavlandet, så eg reknar med vi vil ha nok snø. Eg som trudde at det var siste gong eg fekk bruke skiene då eg var der på leir i februar, men no tek eg iallfall med ski og prøver å finne nokre pausar til å ta nokre rundar rundt husa der.

Dette vart mykje tekst, så eg får pynte litt med nokre bilete frå siste dagane.








Søndag var det nydeleg med sol og opp i 13 grader eller meir. Krokus og påskeliljer har vi både i Japan og Norge. Til og med skilpaddene var ute og sola seg denne dagen.


 I går var det regn og tungt heile dagen, og idag har det til tider vore bortimot snøstorm og ned mot null grader.

 Dette var utsikta mi mellom bygene i dag føremiddag. I det 3-etasjes huset budde eg forresten dei tre åra i forrige periode. Så eg flytta ikkje så langt, sjølv om eg var eit år i Norge i mellomtida.

Eg er spent på kva vêr vi får å køyre til fjells i i morgon. For meg som kjem frå nordsida og har vinterdekk, er det ikkje noko problem, men dei andre, som kjem frå Kobe-sida, må kanskje fram med kjettingane igjen...

Vi er så få denne gongen at vi alle blir innlosjerte på "hotellet" Bethlehem Lodge, der vi også skal ha forhandlingsmøter og andre samlingar. Eg gler meg til å spele på flygelet som ein person ga til Hiruzen før jul. Eit minus med det restaurerte fjøset er at der ikkje er innlagt internett. Berre på hovudbygget, der vi skal ha måltida, får eg muligheit til å sjekke mail og Facebook. Men det betyr at eg kan vere meir sosial om kveldane når eg først har muligheita til det, eller rett og slett kan leggje meg tidleg...


Monday, March 2, 2015

Studentar som reiser og tre som blomstrar

Det er blitt vår, og mange studentar er på flyttefot. Den vanlege undervisninga ved universitetet har tatt ferie, men her er framleis studentar som går på ekstra kurs eller har ting å jobbe med.

Dei siste to fredagane har vi tatt avskjed med studentar som blir ferdige med utdanninga denne våren. Avslutningsseremonien ved universitetet er ikkje før i slutten av mars, men dei fleste flyttar heim eller reiser bort, og så kjem dei tilbake berre for den dagen.
Biletet over er frå Bible Club siste fredagen i februar. Og nedanfor er eit bilete frå veka før, då vi også tok farvel med nokre for siste gong.


Universitetslærarane Carmella og Scott, som er med som leiarar i Bible Club, blir også borte ein månads tid. Også i år er ei gruppe på 16 studentar som er med på den årlege turen til Florida, der dei bur hos kristne familiar, er med på leir ilag med kristne ungdommar, og elles får oppleve mykje i løpet av dei tre vekene. Det er Carmella og Scott som har ansvar for opplegget, og som kvart år har lagt til rette for at japanske ungdommar skal få bli kjent med amerikansk kultur, der kristendommen er ein naturleg del. På søndagane blir dei med vertsfamiliane til kyrkje. For mange blir dette eit første møte med ei kristen forsamling.

Heldigvis er her framleis studentar som er igjen i Matsue. I går fekk eg med ei jente på gudsteneste. Ho er ei av dei 16 studentane som var i Florida i fjor på denne tida. Etter det har ho vore med på Bible Club og ungdomsgudsteneste, og ofte også vore med Carmella og Scott i deira kyrkje på føremiddagen. Sidan dei er i Florida no, spurde eg om ho ville vere med meg, og det ville ho gjerne. Det tek omlag 30 minutt å køyre til Arashima, så dermed fekk vi til saman ein time å prate ilag, også.

Kvelden før hadde ho vore med på avskjedsparty for studentar som skal reise, og dei hadde vore på karaoke til klokka 03.30. Deretter hadde ho gått rett til universitetet for å lese, og kom derifrå då eg henta henne på søndag føremiddag. Altså ei heil natt utan søvn. «Å døgne» er eit vanleg uttrykk her, og då er det oftast ikkje snakk om rangel, men om å øve til eksamen eller gjere ferdig ei innlevering. Sjølv om ho hadde «døgna», ville ho vere med i kyrkja, og klarte stort sett å halde seg vaken under heile den lange preika. (Eg måtte dulte borti henne berre éin gong...)
- Du skal vel heim og sove, no, då? spurde eg på veg heim. Nei, ho skulle tilbake til universitetet og studere meir, og heller legge seg tidleg om kvelden, for ho skulle opp klokka 5 neste morgon... Eg er imponert. Tenk, ei ikkje-kristen jente som prioriterer å vere med til kyrkje når ho kanskje heller hadde lyst å sove, eller tenkte at ho burde lese.
Kunne dette ha skjedd i Norge?


Det er blitt litt vår i lufta. Det merkar iallfall allergikarane. Heldigvis slepp eg å vere plaga av pollenallergi.
Her er nokre bilete eg har tatt idag, først på joggeturen, og så på ein sykkeltur seinare på dag, då det var blitt blå himmel.

Dette plommetreet, som har blomstra i fleire veker allereie, byrjar allereie å falme.




Dette er også truleg plomme, for kirsebærtrea må vi vente på omtrent ein månad til.

Slik ser kirsebærtrea ut no.

I ettermiddag var eg tilbake og knipsa litt fleire bilete av det kvite treet.


Eg har hatt ein god fridag, og er snart klar til å ta fatt på ei ny arbeidsveke. I morgon reiser eg til Nima igjen, til dei muntre engelskdamene mine der.