Wednesday, June 18, 2014

Norgesferie

Det er visst enkelte som lurer paa naar eg kjem til Norge, og no kan eg iallfall seie at turen har starta. Eg sit paa bussen fra Matsue til Kobe og skriv paa mobilen. Etter styremoete imorgon reiser eg til flyplassen, og lettar derifra kl 23.O5.

Fram til 25. juni blir eg paa Soerlandet,men etter den tid er eg stort sett paa Sunnmoere t.o.m.10.aug. Ta gjerne kontakt om du kan ta ein tur paa Valboen eller om du vil ha besoek!

Misjonsoppdrag? Tja... Eg kjem gjerne paa foreining dersom de samlast i ferien.
No faar eg nytte tida paa bussen til aa lese sakspapira til i morgon.Det har det ikkje blitt tid til enno.

Snakkast i Norge,daa!

Tuesday, June 10, 2014

Gjensyn etter ti år

Frå 1998 til 2004 arbeidde eg i Kita Osaka kyrkje, og samtidig var eg med og hjelpte til i studentarbeidet KGK. Ein av studentane eg vart kjend med der, var Hidetaka (t.h.). Ved universitetet der han studerte, hadde Laget eit eige klubbrom, men i to år var han stort sett den einaste som møtte opp. Men veke etter veke sat han der åleine med Bibel og gitar, og bad om at Gud måtte sende fleire. På den tida skreiv eg eit intervju med han til Ungdom & Tiden, med tittelen «Akiramezu – gi ikkje opp!»

Lagssekretær Kishimoto (t.v.) er framleis i studentarbeidet i Osaka. I går kom eg over følgjande som han skriv på Facebook:

«Det er 10 år sidan sist eg såg Hidetaka. Han studerer no GT i Canada og er heime i Osaka på eit kortare opphald.
At det framleis eksisterer ei lagsgruppe ved Osaka City University, er eit resultat av at Gud svarte på Hidetaka sine bøner.
Då han starta ved universitetet, var der omtrent ingen medlemmer i Laget. Men han ga ikkje opp. Han ønska eit veksande kristent fellesskap ved universitetet og heldt fram med å be Gud sende studentar. Og han vart bønhøyrt. Etterkvart kom mange og vart med på bibelstudiet. Men der var mange spesielle personlegdomar. Ein av dei er forresten blitt lagssekretær.

Som lagsarbeidar har eg lært mykje av Hidetaka. Det å be og ikkje gi opp, er ein av tinga eg har lært av han.
Ved universitetet studerte han eldre kinesisk historie, og eg har høyrt han snakke ivrig om kinesisk historie. I kveld då vi hadde middag ilag, var han heilt oppslukt av å legge ut om hebraiske verb i GT.
Måten han snakkar på, er den samme som for ti år sidan.»

Så langt Facebook (som eg har fått lov til å dele frå).

Neste torsdag, på veg gjennom Osaka til flyplassen, får eg kanskje ein sjanse til å treffe Hidetaka, også. Det blir i tilfelle også gjensyn etter ti år.

Eg må forresten nemne at Hidetaka var med og bad for ein ungdom frå kyrkja i Kita Osaka før han i det heile tatt visste kven han var. Etter eit sommaropphald i Norge vart Naoto med i bibelgruppa ved universitetet og vart ein kristen. Han er no aktiv med i arbeidet i vår kyrkje i Kita Osaka og elles i ungdoms - og musikkarbeidet i WJELC.

Ein student sine tolmodige bøner har fått store ringverknader.