Sunday, June 10, 2012

Ringen er slutta



For 40 år sidan reiste Kirsti Strand frå Engesetdalen i Skodje til Japan som misjonær. Idag ønskte misjonsfolket henne velkomen heimatt på bedehuset i Engesetdalen.

Sjølv om ho må trekkje ifrå 7 år der ho har vore på heimeopphald, står det att 33 års teneste i Japan. Det står det respekt av! Misjonsvenner både frå det lokale bedehuset og frå bygdene omkring var samla for å ta imot Kirsti og takke for trufast teneste. Underteikna fekk vere med både på avskil i Japan og velkomst i Norge.

Kallet

På avskilssamlinga under konferansen i mars fortalde Kirsti om korleis ho møtte kallet som 12-åring:
- Eg var på leir på Vestheim ungdomssenter, og der var ein misjonær ifrå Etiopia. Verset som eg fekk kallet ved, var frå Jesaja 6: "Kven skal eg senda, og kven vil gå for oss?" Då sa eg: "Her er eg. Send meg!"
"Kanskje det er nokon her som skal bli misjonær?" sa Etiopiamisjonæren. Eg hoppa på stolen. Såg nokon meg?

Kirsti ville bli arkitekt, og ikkje lærar eller sjukepleiar, som var mest vanleg for kvinnelege misjonærar. Likevel vart det lærarutdanning. Om ho ikkje har fått byggje hus, har ho iallfall fått vere med og byggje Guds rike.

Takk
Når Kirsti ser tilbake, er det med takk til Gud først og fremst, og takk for fellesskap med medmisjonærar, japanske medarbeidarar, japanske medkristne, andre japanske venner. Ho er også takksam for alle misjonsvenner i Norge som har støtta og vore trufaste.
Og ho legg til: - Det beste for oss er å seie ja til Herren. Det har vore mi erfaring.



Det nyttar!
- Det største er å få sjå at menneske blir frelst, sa Kirsti på velkomstfesten, og tok fram eit spesielt minne:
- Det var i første periode, og eg kom rett ifrå språkskulen og ut i arbeid i Nishi Akashi. Pastoren der kom ein dag og bad meg starte katekismeundervisning for ei blind kvinne som ville bli døypt. Mannen hennar ville også bli døypt, og han skulle pastoren ta seg av sjølv, men han ga meg i oppdrag å undervise kona. ”Ja, eg kan vel undervise når eg får førebu meg, men kva skal eg gjere dersom ho spør om ting eg ikkje klarer å svare på?” spurde den ferske misjonær Strand. ”Eg har spurt nokre damer frå kvinneforeininga som skal hjelpe deg, ” sa pastoren, og slik vart det.
Etter at vi hadde gått gjennom dei ti boda, sa den blinde kona litt oppgitt: ”Ja, men eg har ikkje klart å halde eit einaste av desse boda. Er det ikkje noko meir?” Då kunne vi få dele evangeliet med henne og fortelje at Jesus har ordna opp. Eg såg korleis ansiktet hennar lyste opp, då ho fekk sjå evangeliet, fortel Kirsti.
- På påskedag i år fekk eg vitje Nishi Akashi kyrkje, der eg hadde min første arbeidsplass, og det var stort å få treffe denne kvinna igjen og sjå at ho framleis lever med Herren, avslutta Kirsti Strand.

Misjonsarbeidet i Japan nyttar. Sjølv om det kan ta tid før ein ser resultat, blir det mykje å sjå tilbake på etter 40 år. No er Kirsti tilbake til utgangspunktet, til misjonsfolket som sende henne ut. Ringen er slutta.


Kirsti Strand er tilbake til Engesetdalen, der ho reist ut ifrå for 40 år sidan.