Thursday, February 28, 2013

Oh, Happy Day

No kan også Yumiko synge "Oh, Happy Day" og forstå kva songen handlar om, men vegen dit har vore lang og smertefull.

Les intervjuet på nlm.no her: Kan ikkje anna enn lovsynge

Monday, February 25, 2013

- Lat småborna koma til meg

I Matsue er det to kristne jenter frå Sri Lanka. Ei av dei er gift med ein student ved universitetet. Då ho vart gravid, kom ho i kyrkja for å få forbøn for babyen og fødselen. Den 22. november fekk dei ei lita jente. Sidan mannen er buddhist, og kona heller ikkje tilhøyrer noko luthersk kyrkje, var det ikkje aktuelt med barnedåp, men vi ville gjerne gi barnet del i Jesu velsigning. I går inviterte vi den lille familien til den internasjonale kveldsgudstenesta. Det var ei gledeleg overrasking at også far vart med.
Pastor Kajinishi hadde for anledninga leita fram den engelske Bibelen sin og øvd både på bibelteksten og bøna, som også var på engelsk.
 “Let the little children come to me, and do not hinder them, for the kingdom of God belongs to such as these."

 Sansfica (t.h.) hadde også førebudd seg godt, med velkomstord, bøn og velsigning for den vesle jenta.

 Denne gongen var det pastor Kajinishi som preika, medan eg tolka til engelsk. Temaet for preika og gudstenesta var "Eg er den eg er", slik Herren introduserte seg for Moses.
Her er nesten heile forsamlinga som samlast i går kveld. To hadde allereie gått heim. Ein fin flokk, i ulike aldrar og av fleire nasjonalitetar. 
Sansfica er som ei tante for den lille jenta.

Og kanskje ein kristen onkel frå Nigeria kan vere god å ha, også?
Eller ei misjonærtante frå Norge?


Kyrkjekaffi med banankake

Praten går mellom japanaren, kinesaren og brasilianaren.
Men hovudgjesten hadde meir bruk for mjølk enn te og kaker.
Den vesle jenta er elska av Jesus og av mange venner. Velkommen tilbake til kyrkja!

Gravferd

Eg var klar over at denne dagen ville kome før eller seinare, og eg grudde meg. Kva kan eg seie for å trøyste? Mor vart ikkje døypt, og om ho hadde fått ei tru på Jesus, veit eg heller ikkje. Torsdag 21. februar hadde mor til veninna mi sovna stille inn. Gravferda var på laurdag. Heldigvis var presten vår der, også, så eg følte meg ikkje heilt bortkommen. Men eg føler meg ikkje vel på ei buddhistisk gravferd. Ei monoton messing, lufta full av røykjelse, men kvar er håpet?
Kunne eg ha gjort meir i fjor for at dette kunne ha blitt ei kristen gravferd?

Den 8. januar skreiv eg følgjande på bloggen:

Ikkje alt blir skrive i ei årsmelding. Det eg føler eg har mislukkast med, er ikkje så mykje å skrive om. Her på bloggen skreiv eg veldig optimistisk etter at eg hadde hatt første time med dåpsopplæring for ei eldre dame og dottera. Sjå bloggen i oktober her:
Dåpsundervisning - hjelp, korleis gjer ein det?


Men det gjekk ikkje akkurat slik som eg hadde tenkt. På grunn av fleire ting vart det sjeldan eg fekk høve til å treffe mora, og nokre gonger eg var på besøk, var ho ikkje i form, så det vart berre eit par gonger etter denne første "vellukka" dagen. Rett før jul fekk eg fortelje mor julebodskapen, og så la eg til litt om at Jesus kom for å døy for syndene våre, at han stod oppatt og at han har gått i førevegen for å stelle til eit rom for oss, og også for henne.


Rett etter jul vart mor igjen innlagt på sjukehus. Hjernesvulsten har vakse att, og ho kan ikkje snakke lenger.

På nyttårsdag var eg og ei kristen veninne på besøk hos dottera og hadde ein god prat. Vi ringde til presten og spurde om han kunne kome og snakke med mor og dotter, og eventuelt døype mor på sjukehuset, dersom det la seg tilrette for det. Men neste dag fekk eg melding frå dottera. Søstra hadde sagt nei. Så då måtte vi avlyse sjukebesøket.

Sist søndag fekk eg høve til å besøkje mor på sjukehuset. Dagen før hadde ho sove heile dagen, og døtrene hadde ikkje fått kontakt. Men då eg kom, opna ho augene og smilte då ho såg meg. Eg fekk synge dei to første versa på "Jesus elsker meg, jeg vet", og ho såg på meg heile tida. Eg trur ho lytta og forstod. Det såg iallfall slik ut. Eg hadde håpa at ho kjende denne songen frå ho var ung og gjekk litt i kyrkja, men eg veit ikkje. Eg sa nokre få ord om at Jesus elskar også henne, og førebur eit rom i himlen for henne, også. Så sovna ho. Men før vi gjekk, fekk eg legge handa på hovudet hennar og be ein bøn og legge henne i Jesu hender.


Det var litt underleg å vere der. Over senga var det festa ei lita treplate med "god betring" frå eit buddhisttempel, og på den eine sengekarmen var det knytta ein liten raud amulett frå eit shintotempel. På andre sida av senga stod det på kortet som eg hadde på blomstrane: "Eg ber om at Jesu Kristi fred må vere med deg." Ein rosenkrans som dottera hadde fått i den katolske kyrkja, var hengt rundt halsen på ein bamse på eit anna bord....


Hadde eg vore ein flinkare misjonær, hadde eg kanskje fått leie denne eldre kvinna til Jesus og dåp medan ho var såpass frisk og klar i hovudet. Men no er det kanskje for seint...


Dottera kom i kyrkja på søndag og fekk snakke med presten, som også bad for henne og mora. Og ho sa at ho ønskjer å bli døypt. Sjølv om det ikkje vart noko av det i 2012, slik som vi hadde håpa, kan vi kanskje satse på at ho kan bli døypt til påske?


Så langt bloggen frå januar. Etter at eg hadde skrive dette, fekk eg oppmuntrande e-post frå ein av forkynnarane heime. Han hadde vore på eit møte der han hadde spurt om dei ville bytte meg ut med ein flinkare misjonær, men det var det ikkje stemning for, skreiv han.
"Og det ligg mange rundt om på japanske sjukehus som aldri har høyrt at Jesus elskar dei", la han til. 
Ja, så sant. Så altfor mange...

Det einaste eg kan gjere no er å ta meg av veninna mi på vegen vidare. Det treng eg både visdom, nåde og kjærleik til. Dåpsdagen hennar er bestemt til påskedag 31. mars. Be om at Jesus må få gjere si gjerning i og gjennom henne.

 

Monday, February 18, 2013

Eg lyfter auga mine til fjella


For tredje år på rad har vi hatt Snow Fun Camp på Hiruzen. Ein familie frå Suma var med for tredje gong, medan ein student frå Brasil fekk prøve seg på ski for første gong i sitt liv.
Under temaet "Eg lyfter auga mine til fjella" fekk vi ei fin helg på fjellet med utgangspunkt i Salme 121.

Japanarar har ærefrykt for fjella, og både Daisen-fjellet mellom Matsue og Hiruzen (øvst t.v.) og det meir kjende Fuji-fjellet (øvst t.h.) har ifrå gammalt av vore tilbedt som gud. Også Mt. Everest blir sett på som guddommeleg, fekk vi høyre under første talen fredag kveld. Men Bibelen seier at vår hjelp kjem ikkje frå fjella, men frå Han som skapte fjella: "Mi hjelp kjem ifrå Herren, han som skapte himmel og jord."

Talar på leiren var Junichi Ishimaru, som er pastor i Kakogawa kyrkje. Han tok også fram fleire døme på at Gud møter menneske på ein spesiell måte på fjellet. Både Moses og Elia fekk eit møte med Gud på fjellet, og desse to fekk også møte Gud på ein spesiell måte då Jesus vart forklara, nettopp på eit fjell.
 Laurdag medan vi andre var på ski, var Ishimaru igjen på leirplassen for å førebu preika til Arashima kyrkje, dit han skulle på søndag. Han hadde også fått tid til å omsetje songen "Jeg løfter mine øyne opp til fjellene", så på kveldsmøtet kunne vi synge den for første gong på japansk: "Me o age, yamayama o aogu, tasuke wa doko kara?"


Laurdag morgon vakna vi opp til 40-50 cm nysnø! Etter bibeltimen var vi klare for nye utfordringar. Særleg Heitor frå Brasil var spent.
Sjølvtilliten ser bra ut her, men han vart litt meir skjelven i knea då han fekk glatte ski under føtene. Likevel tok han det med ei sporty innstilling og godt humør.
Leirsjef Johanna Tervonen var ein tolmodig skiinstruktør, men ho var i tvil om kor lurt det var å ha tatt Heitor med i heisa til toppen av bakken. Resutatet vart at ho tok med skia hans ned igjen, medan han sjølv tok beina fatt. Nede på flata var det tryggare å øve, og etter nokre timar var både han sjølv og instruktøren ganske fornøgde.

Denne jenta var med på leiren for to år sidan, også, og ho såg ut til å kose seg i bakken.


Nokre av deltakarane var litt meir avanserte. 
Det er godt å slappe av etter ein dag på snowboard! (Foto: Katsuhiro Igi)
På veg heim søndag ettermiddag køyrer vi igjen forbi Mt Daisen. (Foto: Heitor Santos)
Tilbake på Matsue stasjon møter vi att pastor Ishimaru, som har vore i Arashima kyrkje. (Foto: Yasuko Eriguchi)

 
"Eg lyfter augo mine til fjella. 
Kvar kjem mi hjelp ifrå?
Mi hjelp kjem frå HERREN, 
som har skapt himmel og jord." 
Sal. 121, 1-2

"For om fjella vik og haugane vaklar,
 skal min godleik aldri vika frå deg, 
mi fredspakt skal ikkje vakla, seier HERREN, 
som viser deg miskunn."
Jes. 54,10