Sunday, December 28, 2014

Frynsegoder - eller velsigningar?

Det lønner seg av og til å fare på preiketur. Sjølv om det krev ein del energi både å førebu preike og å køyre langt, kan ein også få mykje igjen. Idag starta det allereie før gudstenesta. Kålrot er vanlegvis ikkje å oppdrive her til lands utan at du dyrkar det sjølv, men Runar Matsui-Li, som var misjonær i Hiruzen kyrkje i fleire år, hadde med frø frå Norge og dyrka kålrot, og av og til delte han også ut til medmisjonærar.

No er han og familien i Norge, men frøa spirer framleis. Ein av medlemmene i kyrkja har også tidlegare gitt meg kålrot, men det er første gong eg har fått to! I tillegg fekk eg ein pose med store, kvite gulrøter. Vel, ein kan vel ikkje kalle dei gulrøter når dei ikkje er gule, men kva heiter dei då? På ein lapp hadde han skrive "pastinakk". Har aldri høyrt om det før, og ikkje veit eg korleis eg skal ete den heller...
 
Etter gudstenesta kom kasseraren i kyrkja med matpengar til meg, og i tillegg fekk eg ei heil øskje med 12 beger med Hiruzen-yoghurt.
Denne yoghurten er veldig god og feit, med eit lag med rjøme på toppen. Eg lurer på om eg skal dele med nokon, eller om eg skal ha alt for meg sjølv...

Eg hadde med brød og pålegg som eg tenkte å ha til lunsj før skituren, men ei dame i kyrkja inviterte meg ut på lunsj, og ho insisterte på å spandere på meg sjølv om eg hadde fått matpengar frå kyrkja. Og ho visste kva eg ville ha, så ho bestilte lammekjøt (mongolsk rett som heiter "jingiskan") til meg. Det fekk eg også sist eg var ute med henne og åt. Sauekjøt er sjeldan kost i Japan, men i Hiruzen-bygda serverer dei denne retten.

Eg var god og mett før eg tok ut på skitur.

Det har ikkje kome så mykje snø på Hiruzen enno, heller, men det var nok for meg. Eg gjekk langs ein veg som ikkje var brøyta, Sjølv om eg gjekk ein times tid innover, kom eg ikkje til noko hus, så eg lurer på kor langt eg kunne ha gått om eg hadde hatt meir tid før det vart mørkt. Neste gong kan eg kanskje starte tidlegare og ta med mat og drikke på turen.

Sist eg var her, var i fjor haust, og då såg vegen ut som på biletet under, stengt av jordras.

  Det vart ingen lang tur den gongen. Men no var vegen rydda og fin, og dekt av snø.
 
 Harespor

 Nokon med større føter har gått her før meg.

Pynt langs vegen

Hallo, der!

 Rasteplass

Her er kart over kvar eg har gått. Eg meiner eg gjekk på den mest krokete vegen, til høgre for det raude merket. Ein annan gong vil eg prøve å gå til vegs ende, dersom der er nokon ende, då...

Tilbake til utgangspunktet.

Frynsegoder. Ikkje berre grønsaker, yoghurt og god lunsj, men også snø, frisk luft og mosjon fekk eg med på kjøpet. Av og til kjennest det ganske bra å vere misjonær i Japan!
Og i kveld har eg kosa meg med kake og marsipan. Kan vel unne meg nokre kaloriar når eg har vore ute på tur?...

Det nærmar seg nyttår. Eg hadde eigentleg tenkt å vere heime og berre slappe av litt, men Liv Bakke har klart å overtale meg til å ta meg ein tur til Kobe, så no blir det nyttårsfeiring der. 2. januar skal det visst også vere norsk julefest, som eg får med meg. Eg reiser 31. desember og kjem att 3. januar.
Så då kan eg jobbe litt i morgon, sjølv om det er måndag. Gjere ferdig eit par rekneskap, og kanskje byrje på ei japansk årsmelding. Og så skal vi ha Bible Club potluck party om kvelden, der alle har med litt mat kvar. Spleiseselskap heiter det kanskje på norsk.

Sist fredag hadde vi ikkje Bible Club, men i staden hadde eg julegjestar. Presten i Arashima og kona kom hit til middag og kaffi, og vi fekk prate om arbeidet og planlegge litt, og elles berre ha det sosialt ilag.

Det såg ut som om dei likte maten!

Vi var også i lag på caroling. Noko av det mest meiningsfulle eg har vore med på denne jula, var å stå og synge julebodskapen for folk som venta på bussen utanfor Matsue stasjon. Slik kunne vi nå også dei som ikkje kom i kyrkja. Du kan få eit glimt på videoen nedanfor.

Dersom det ikkje blir fleire blogginnlegg dette året, vil eg allereie no takke for oppmuntringar, forbøn og støtte gjennom 2014 og ønskje dykk alle eit godt nyttår!

Monday, December 22, 2014

"Welcome, Varubo-sensei"

Det er godt å bli sett pris på innimellom. Forrige veke ville engelskelevane mine i Nima lage velkomstparty for meg. Og det var ikkje måte på heller kva dei hadde laga til. Eg reknar med det også var eit påskot til å få ete god mat ilag, for eg har forstått at det liker dei. Etter at eg har undervist dei i engelsk Bibel sidan september, syntest dei visst det var på tide å ønske meg velkommen. Denne kaka var bestilt frå konditori. "Velkommen, lærar Valbø".

Men først var det middag. Det meste var bestilt, men alle hadde med seg noko i tillegg, så det vart både meir enn nok. Men sidan alle hadde med seg mat i boksar, kunne dei etterpå fylle opp boksane att med restar, så ingenting gjekk til spille.
God drikke hadde dei også skaffa, men alt var alkoholfritt. Vi var då trass alt i ei kyrkje...



Her var det mykje godt.

Og så var det kake




Og så stilte damene opp rundt bordet og song "Amazing Grace" for meg.


Litt tid til engelskundervisning var det også. Først fekk dei i oppgåve å ordne eit bibelvers i rett rekkefølgje. Det var ukjent for dei aller fleste, så det var ikkje så enkelt.
Men dei var veldig fornøgde då dei hadde fått det til.
"The people that walked in darkness have seen a great light." "Det folket som ferdast i mørkret, har sett eit stort ljos", Jes. 9,2. Etterpå lytta vi til samme verset frå Händels "Messias". Ei av medlemmene har to søner som er kristne. Ein av dei vart ein kristen etter å ha studert "Messias"-oriatoriet.

Av desse damene er det berre ho heilt til høgre som er kristen. Men alle møter opp to gonger i månaden for å lese, dramatisere og samtale om Bibelforteljingar på engelsk. Og for det betaler dei for reisa mi (8 mil kvar veg), og arrangerer velkomstparty!

Denne månaden blir det tre turar til Nima, for på 1. juledag kveld arrangerer kyrkja julefest, og der skal vi delta med song på engelsk. Alle møter opp, for dette er også tradisjon frå den tida Kari Opperud budde og arbeidde i denne kyrkja.

Det blir visst ikkje noko julebrev sendt herifrå denne jula. Til det er det iallfall for seint å sende i posten. Men de som les blogg, har vel følgt med ein del på livet her.

Dersom de lurer på korleis eg feirer jul, så kan de no sjå på denne oversikta:
23.12 Førebuing av preike til 28.12
24.12 Kl 9.30 Engelsk bibelklasse heime hos meg. Skulle eigentleg vere sist fredag, men pga snø vart det utsett. Nokre av damene som bur eit stykke unna, vågar ikkje å køyre på snøføre.
Kl 17.30 Caroling (nr 2) ved stasjonen. Kl 19.30 Lysmesse i Matsue Lutherske kyrkje
25.12 Ettermiddag køyre til Nima. 19.30 Julefest i Nima kyrkje. Overnattar til dagen etter.
26.12 Heimatt frå Nima. Om kvelden er det ikkje Bible Club, som på vanlege fredagar, men eg har invitert presteparet i Arashima på middag. Så får vi forhåpentlegvis også tid til ein prat om arbeidet framover.
27.12 Koto-øving på ettermiddag, før eg køyrer til Hiruzen (8 mil) på overnatting.
28.12 Andakt på søndagsskulen og preike på gudstenesta i Hiruzen kyrkje. Kanskje muligheit for å gå på ski før eg køyrer heim?
29.12 Kl 18.00 Bible Club
30.12 Fri?
31.12 Kl 22 Ope hus for bøn og fellesskap inn i det nye året

Slik det ser ut no. Så skal eg prøve å lage litt pusterom innimellom til å opne julepost og kose meg litt åleine. Idag har eg endeleg fått pynta til jul. Vasking og baking tek eg ikkje så veldig nøye. Jula kjem uansett.

Med dette biletet frå caroling i går kveld vil eg ønskje alle lesarar ei god jul og eit godt nyttår. Det kan hende det kjem litt oppdatering før året er slutt, men eg skal ikkje love noko...

Monday, December 8, 2014

Vel overstått

Jula er ikkje overstått enno, men iallfall er julekonserten og søndagspreika tilbakelagt. Og eg trur begge deler gjekk ganske bra. Særleg konserten. Mykje folk kom, og eg trur dei fekk med seg ein klar bodskap.
Første songen til koret var Salme 23, "Herren er min hyrding", med tekst av kong David og musikk av ein japansk komponist. Dama på biletet hadde sin eigen versjon av noten, illustrert med sauer, og med mange personlege notatar. Ho er medlem i Arashima kyrkje. Både ho og mannen hennar og fleire frå den kyrkja var med i år.
Her er eit nærbilete av samme noten. Og nedanfor kan du både sjå og høyre koret synge Salme 23:
(Klikk på startpila)


Her dirigerer eg allsongen, med ryggen til koret. "Englar syng i høge kor", eller på japansk "Arano no hate ni". Men refrenget er på latin her også: In Exelcis Deo.
Eg prøvde å få studentane frå Kenya og Tanzania også med på refrenget, men songen var kanskje ukjent for dei?
Her er fleire av studentane frå universitetet.

Den andre songen eg dirigerte, var "O helga natt". Den gjekk enno betre i år enn i fjor, trur eg.
 Solist er Junichi Ishimaru, presten i Arashima kyrkje, og også dirigent i år.


Og her er Halleluja-koret, på engelsk dette året:


  Desse tre studentane får avslutte idag. Jenta i midten var med i koret for første gong i år. På videoane blir ho dessverre stort sett skjult av dirigentane...

Frå søndagspreika har eg dessverre ingen bilete. Eller heldigvis?...


Wednesday, December 3, 2014

Det nærmar seg

 Ja, det nærmar seg jul, men først er det felleskonserten komande laurdag 6. desember. Her er nokre glimt ifrå øvinga sist søndag. Ho med penn i handa er ei av studentane som er med i år for første gong. Det er faktisk mindre enn eit år sidan ho kom i kyrkja for første gong, og etter det har ho vore med både på Bible Club og på gudsteneste.
Jenta til høgre her er også med for første gong i koret. Ho kjem frå Korea og tek utdanninga her i Matsue.


I år er det pastor Ishimaru som dirigerer Haleluja-koret, så eg er meir avslappa når eg slepp å ha ansvar for det. Så i år skal eg syngje alt. Og så er han solist på ein av songane som eg dirigerer.


Slike flygeblad er delt ut til mange, og også på Facebook har mange fått invitasjon. Dette er eit fellesarrangement for alle kyrkjene i byen. Sidan det er i eit nøytralt lokale, er det også lettare å invitere ikkje-kristne. Men for å få med studentar, må vi arrangere bilskyss for dei.

Det har kome nye på Bible Club i det siste. Forrige fredag var det på eit tidspunkt like mange gutar som jenter. Det er sjeldan.

Her er gutar i forskjellige aldrar, ifrå fire forskjellige nasjonar: Salomon-øyane, Japan, Brasil og USA.

Forrige torsdag fekk vi også til bibelstudie på universitetet. Du kjenner kanskje att desse to jentene ifrå koret ovanfor? I morgon prøver vi på nytt. Ei kinesisk jente har også sagt ho vil kome.

No går eg visst stadig vekk bakover i tid. Her er dei ni damene eg hadde på bibelklasse i Nima på forrige tirsdagskveld:



Dette er festlege damer som det er artig å vere ilag med. I desember vil dei også ha "velkomstparty" for meg. Og på julefesten i kyrkja den 25. desember skal dei vere med og syngje. Det er visst tradisjon. Så då får eg meg ein ekstra tur til Nima.

I sjølve jula skal eg vere med på julefeiring i fleire kyrkjer, men eg har ikkje noko preikeoppdrag. På den internasjonale ungdomsjulegudstenesta den 14. skal Ishimaru preike, men eg skal tolke til engelsk. Idag har eg allereie fått tilsendt manus. Snakk om folk som er tidleg ute! Eg som ikkje har starta på preika for komande søndag enno. Så i morgon MÅ eg berre tvinge meg sjølv i gong, sjølv om inspirasjonen manglar. Sjølv om eg ikkje skal ha noko julepreike, har eg to preikeoppdrag likevel. 2. søndag i advent i Matsue kyrkje, og søndag etter jul i Hiruzen kyrkje. Og då går det nok ikkje an å bruke adventstekst lenger, så det betyr ny preikeførebuing i romjula...
Det skulle no vere ei glede å få gå vidare med Bibelen sin bodskap, men ofte kjennest det som ei tung bør...
Eg har no fått mykje godt denne helga gjennom nrk. På nytt har eg sett for ein stor skatt vi har i dei norske salmane. Og nye salmar har vi også fått.
Framleis har eg mykje til gode. Eg får ta det litt etter litt. Har kome til fastetida no.
Takk til NRK for eit flott tiltak, og for at det også er mulig å få dette med seg i utlandet!

"Rydd veg for Herren!" Det er iallfall tema for preika eg skal skrive i morgon. Eg må visst få rydde plass i mitt eige hjarte før eg har noko å gi vidare til andre. DET er det aller vanskelegaste. Språket er også sjølvsagt ei utfordring, men når eg først veit kva eg skal skrive, går fingrane litt av seg sjølv på tastaturet.
Eg hugsar dei tre punkta Asbjørn Nordgård ga oss i preikelære på misjonsskulen:
1) Få noe å si
2) Si det
3) Slutt

Hadde det berre vore så enkelt som det høyrest ut som... Punkt 1 er uansett det eg strevar mest med. Eg set pris på om du vil vere med og be om at det må "løsne".


Så ønskjer eg dykk alle ei god adventstid.