Wednesday, December 3, 2014

Det nærmar seg

 Ja, det nærmar seg jul, men først er det felleskonserten komande laurdag 6. desember. Her er nokre glimt ifrå øvinga sist søndag. Ho med penn i handa er ei av studentane som er med i år for første gong. Det er faktisk mindre enn eit år sidan ho kom i kyrkja for første gong, og etter det har ho vore med både på Bible Club og på gudsteneste.
Jenta til høgre her er også med for første gong i koret. Ho kjem frå Korea og tek utdanninga her i Matsue.


I år er det pastor Ishimaru som dirigerer Haleluja-koret, så eg er meir avslappa når eg slepp å ha ansvar for det. Så i år skal eg syngje alt. Og så er han solist på ein av songane som eg dirigerer.


Slike flygeblad er delt ut til mange, og også på Facebook har mange fått invitasjon. Dette er eit fellesarrangement for alle kyrkjene i byen. Sidan det er i eit nøytralt lokale, er det også lettare å invitere ikkje-kristne. Men for å få med studentar, må vi arrangere bilskyss for dei.

Det har kome nye på Bible Club i det siste. Forrige fredag var det på eit tidspunkt like mange gutar som jenter. Det er sjeldan.

Her er gutar i forskjellige aldrar, ifrå fire forskjellige nasjonar: Salomon-øyane, Japan, Brasil og USA.

Forrige torsdag fekk vi også til bibelstudie på universitetet. Du kjenner kanskje att desse to jentene ifrå koret ovanfor? I morgon prøver vi på nytt. Ei kinesisk jente har også sagt ho vil kome.

No går eg visst stadig vekk bakover i tid. Her er dei ni damene eg hadde på bibelklasse i Nima på forrige tirsdagskveld:



Dette er festlege damer som det er artig å vere ilag med. I desember vil dei også ha "velkomstparty" for meg. Og på julefesten i kyrkja den 25. desember skal dei vere med og syngje. Det er visst tradisjon. Så då får eg meg ein ekstra tur til Nima.

I sjølve jula skal eg vere med på julefeiring i fleire kyrkjer, men eg har ikkje noko preikeoppdrag. På den internasjonale ungdomsjulegudstenesta den 14. skal Ishimaru preike, men eg skal tolke til engelsk. Idag har eg allereie fått tilsendt manus. Snakk om folk som er tidleg ute! Eg som ikkje har starta på preika for komande søndag enno. Så i morgon MÅ eg berre tvinge meg sjølv i gong, sjølv om inspirasjonen manglar. Sjølv om eg ikkje skal ha noko julepreike, har eg to preikeoppdrag likevel. 2. søndag i advent i Matsue kyrkje, og søndag etter jul i Hiruzen kyrkje. Og då går det nok ikkje an å bruke adventstekst lenger, så det betyr ny preikeførebuing i romjula...
Det skulle no vere ei glede å få gå vidare med Bibelen sin bodskap, men ofte kjennest det som ei tung bør...
Eg har no fått mykje godt denne helga gjennom nrk. På nytt har eg sett for ein stor skatt vi har i dei norske salmane. Og nye salmar har vi også fått.
Framleis har eg mykje til gode. Eg får ta det litt etter litt. Har kome til fastetida no.
Takk til NRK for eit flott tiltak, og for at det også er mulig å få dette med seg i utlandet!

"Rydd veg for Herren!" Det er iallfall tema for preika eg skal skrive i morgon. Eg må visst få rydde plass i mitt eige hjarte før eg har noko å gi vidare til andre. DET er det aller vanskelegaste. Språket er også sjølvsagt ei utfordring, men når eg først veit kva eg skal skrive, går fingrane litt av seg sjølv på tastaturet.
Eg hugsar dei tre punkta Asbjørn Nordgård ga oss i preikelære på misjonsskulen:
1) Få noe å si
2) Si det
3) Slutt

Hadde det berre vore så enkelt som det høyrest ut som... Punkt 1 er uansett det eg strevar mest med. Eg set pris på om du vil vere med og be om at det må "løsne".


Så ønskjer eg dykk alle ei god adventstid.















No comments:

Post a Comment