Sunday, December 28, 2014

Frynsegoder - eller velsigningar?

Det lønner seg av og til å fare på preiketur. Sjølv om det krev ein del energi både å førebu preike og å køyre langt, kan ein også få mykje igjen. Idag starta det allereie før gudstenesta. Kålrot er vanlegvis ikkje å oppdrive her til lands utan at du dyrkar det sjølv, men Runar Matsui-Li, som var misjonær i Hiruzen kyrkje i fleire år, hadde med frø frå Norge og dyrka kålrot, og av og til delte han også ut til medmisjonærar.

No er han og familien i Norge, men frøa spirer framleis. Ein av medlemmene i kyrkja har også tidlegare gitt meg kålrot, men det er første gong eg har fått to! I tillegg fekk eg ein pose med store, kvite gulrøter. Vel, ein kan vel ikkje kalle dei gulrøter når dei ikkje er gule, men kva heiter dei då? På ein lapp hadde han skrive "pastinakk". Har aldri høyrt om det før, og ikkje veit eg korleis eg skal ete den heller...
 
Etter gudstenesta kom kasseraren i kyrkja med matpengar til meg, og i tillegg fekk eg ei heil øskje med 12 beger med Hiruzen-yoghurt.
Denne yoghurten er veldig god og feit, med eit lag med rjøme på toppen. Eg lurer på om eg skal dele med nokon, eller om eg skal ha alt for meg sjølv...

Eg hadde med brød og pålegg som eg tenkte å ha til lunsj før skituren, men ei dame i kyrkja inviterte meg ut på lunsj, og ho insisterte på å spandere på meg sjølv om eg hadde fått matpengar frå kyrkja. Og ho visste kva eg ville ha, så ho bestilte lammekjøt (mongolsk rett som heiter "jingiskan") til meg. Det fekk eg også sist eg var ute med henne og åt. Sauekjøt er sjeldan kost i Japan, men i Hiruzen-bygda serverer dei denne retten.

Eg var god og mett før eg tok ut på skitur.

Det har ikkje kome så mykje snø på Hiruzen enno, heller, men det var nok for meg. Eg gjekk langs ein veg som ikkje var brøyta, Sjølv om eg gjekk ein times tid innover, kom eg ikkje til noko hus, så eg lurer på kor langt eg kunne ha gått om eg hadde hatt meir tid før det vart mørkt. Neste gong kan eg kanskje starte tidlegare og ta med mat og drikke på turen.

Sist eg var her, var i fjor haust, og då såg vegen ut som på biletet under, stengt av jordras.

  Det vart ingen lang tur den gongen. Men no var vegen rydda og fin, og dekt av snø.
 
 Harespor

 Nokon med større føter har gått her før meg.

Pynt langs vegen

Hallo, der!

 Rasteplass

Her er kart over kvar eg har gått. Eg meiner eg gjekk på den mest krokete vegen, til høgre for det raude merket. Ein annan gong vil eg prøve å gå til vegs ende, dersom der er nokon ende, då...

Tilbake til utgangspunktet.

Frynsegoder. Ikkje berre grønsaker, yoghurt og god lunsj, men også snø, frisk luft og mosjon fekk eg med på kjøpet. Av og til kjennest det ganske bra å vere misjonær i Japan!
Og i kveld har eg kosa meg med kake og marsipan. Kan vel unne meg nokre kaloriar når eg har vore ute på tur?...

Det nærmar seg nyttår. Eg hadde eigentleg tenkt å vere heime og berre slappe av litt, men Liv Bakke har klart å overtale meg til å ta meg ein tur til Kobe, så no blir det nyttårsfeiring der. 2. januar skal det visst også vere norsk julefest, som eg får med meg. Eg reiser 31. desember og kjem att 3. januar.
Så då kan eg jobbe litt i morgon, sjølv om det er måndag. Gjere ferdig eit par rekneskap, og kanskje byrje på ei japansk årsmelding. Og så skal vi ha Bible Club potluck party om kvelden, der alle har med litt mat kvar. Spleiseselskap heiter det kanskje på norsk.

Sist fredag hadde vi ikkje Bible Club, men i staden hadde eg julegjestar. Presten i Arashima og kona kom hit til middag og kaffi, og vi fekk prate om arbeidet og planlegge litt, og elles berre ha det sosialt ilag.

Det såg ut som om dei likte maten!

Vi var også i lag på caroling. Noko av det mest meiningsfulle eg har vore med på denne jula, var å stå og synge julebodskapen for folk som venta på bussen utanfor Matsue stasjon. Slik kunne vi nå også dei som ikkje kom i kyrkja. Du kan få eit glimt på videoen nedanfor.

Dersom det ikkje blir fleire blogginnlegg dette året, vil eg allereie no takke for oppmuntringar, forbøn og støtte gjennom 2014 og ønskje dykk alle eit godt nyttår!

No comments:

Post a Comment