Saturday, October 10, 2026

Oktoberhelsing

 

Preikemanus og powerpointen for gudstenesta i morgon er på plass, og eg har øvd. No er det på tide å oppdatere bloggen.

Det er framleis god sommarvarme på dagtid, men morgon og kveld er er det blitt litt kjøligare. 


Desse blomstrane lyste opp over alt rundt haustjamndøgn i september.


No er det etter kvart blitt meir haustfargar.

Dersom du las forrige blogginnlegg, lurer du sikkert på korleis det gjekk med oppstart av "Englekoret". Jaudå, eg kom i avisa, to dagar før første øving, men det har vore lite respons, anna enn at folk seier dei har sett meg i avisa.


To eldre kvinner hadde ringt etterpå og var interesserte i å vere med, med sidan dei ikkje har barnebarn som kan vere med, vart dei i staden inviterte til å vere med i koret for dei vaksne. Så kanskje dei dukkar opp på øving i morgon?

På øvinga for Angels' Voice kom to mødrene frå babysong med ei jente på 4 år og to 2-åringar. Så det vart ikkje slik eg hadde håpa på, men litt fekk vi synge, og dei fekk oppleve å vere i ei kyrkje. Det var kanskje første gong.


Dei to største ilag med mødrene klarte å sitje stille ei stund og høyre om englane som song om at Frelsaren var blitt født. Minstemann gøymde seg bak gardina (utanfor biletet).

Om det ikkje blir opptreden på julekonserten, er det likevel kjekt at dei kjem. Kanskje om nokre år vil desse små som kom på babysong i september, også vere med i kyrkja og synge.


Og så er det Bible Club. Vi har hatt lang pause fordi universitetet har hatt ferie, men no er det oktober, og studentane er tilbake. Likevel er det vanskeleg å samle ungdommane. 


Forrige fredag var det to japanske studentar ilag med Carmella og Scott.

Og på biletet nedanfor er dei som samlast i går kveld.


Elles går no dagane med bibelklasser og kontakt med enkeltpersonar. Men også fritid. Ein laurdag føremiddag på fjelltur var også fint.


Takk for at du følgjer med, og takk til deg som ber og som støttar misjonsarbeidet!