Saturday, April 20, 2013

På friarfot

Det er berre vel ein månad att til den store gospelkonserten med bandet "Mikko Goes to Heaven". I komiteen er vi folk frå fleire kyrkjer. Ein av pastorane har laga flygeblad som vi skal distribuere til alle kyrkjene i byen og omegn, og samtidig er vi frimodige og leverer eit sylteglas (?) for å samle inn pengar til støtte for konserten. Øverst på lappen står det med små teikn: "For frelse og vekkjing i Sanin-området". (Sanin er området "i skuggen av fjella", det som vi også kalla "Nordfeltet" før.)
3000 flygeblad skal delast ut. Be om at dei ikkje berre blir liggjande i ein konvolutt rundt om i kyrkjene, men at dei kan kome i hendene på folk som ikkje kjenner Jesus.
I komiteen hadde vi fordelt kyrkjene vi skulle besøkje. Idag tok eg sykkelen på ei lita friarferd. Eg fekk gjort mykje på ein times tid.


Den næraste kyrkja, Matsue Higashi Alliance Church, ligg berre ca 7 minutts sykling frå der eg bur. Eg har vore der fleire gonger før, både på pastormøte for kyrkjene i byen og på julefest med studentar. Her traff eg pastoren, som tok fint imot både meg og Mikko.
Omlag 10 minutt seinare var eg ved den andre lutherske kyrkja i byen (eit resultat av at vår lutherske kyrkje i Matsue vart splitta ein gong tilbake i historia...) I denne kyrkja har dei ikkje fastbuande prest, men kvar laurdag kjem han og har gudsteneste. Eg passa på å vere der rett etter kyrkjetid (trudde eg), men der var ingen.

Neste stopp var ei baptistkyrkje som har halde til i eit privathus, men idag fann eg korkje skiltet eller huset, så dei har truleg flytta eller slutta.


Men det eg fann der skiltet har stått, var dette. I morgon er det kommuneval, og politikarane kjempar om merksemda. Desse var ganske stille, men dei bruker også høg stemme når dei køyrer rundt i bilar med høgtalarar på taket.
"Stem på meg!" Det er fleire enn meg som er på friarferd denne laurdagen.


Neste stopp er den anglikanske kyrkja. Her bur det heller ingen prest, men der var folk inne. Nokre kvinner heldt på med å førebu gudstenesta til i morgon. "Vi har ikkje prest som kjem meir enn annankvar søndag, men vi har gudsteneste likevel, altså!" sa dei. Og damene hadde høyrt om konserten og tok villig imot både flygeblad og kollektglaset.

Siste post på dagens friarferd var Kitabori kyrkje. Her stod dørene opne, men ingen svarte verken når eg ropte eller ringde på telefonen. Så eg skreiv ei melding til presten og leverte varene.

Mi friarferd var over for i dag, men politikarane ga seg ikkje før det var blitt kveld. No er det endeleg blitt stille rundt huset.

Kontrasten er stor til måten Jesus gjekk fram på. Om Messias som skulle kome, står det i Jesaja 42, 2:
"Han skrik ikkje og ropar ikkje, røysta hans høyrest ikkje i gatene."

Og det minner meg om ein song vi hadde i krinsungdomskoret for lenge sidan:

"Stille kommer Jesus, banker på din dør.
Du vet at det er han, for du har hørt hans stemme før.
Han ber om å få komme inn, han venter på ditt svar.
Han ber deg om å komme hjem, hjem til Far.

Han som står og venter, vil gi deg livets vann.
La Jesus få ditt hjerte, lukk døren opp for ham!"


Wednesday, April 17, 2013

Hektiske og intense dagar

Eg har hatt besøk av Fjellhaug-studentar både før og etter dei høge herrane som eg skreiv om i forrige blogginnlegg.
Sist veke var dei her ifrå tirsdag til laurdag. Fleire gonger fekk vi kome oppom på universitetet og treffe studentane til Carmella og Scott. Her er det Scott Menking (t.v.) som viser dei norske studentane rundt. FiH-studentane heiter Maria Elisabeth Lilleaasen, Espen Fretheim Johannessen og Louis M. Budude Mambo. Kjekke ungdommar som fekk god kontakt med mange.
 Også ein tur innom frisøren vart det tid til. Maria la igjen mest hår. Sikkert nok både til ein og to parykkar...


Torsdag ettermiddag vart studentane med på kotoøving. Her har Louis stige i gradene, og kan lære bort til Espen det han nettopp har lært sjølv. Vi er heime hos ei bestemor. Fedrealteret kan skimtast i bakgrunnen. Etter øvinga hadde vi bibelstudium utifrå Luk. 24. Vi snakka om Emmaus-vandrarane, og om korleis evangeliet til omvending og syndsforlating skal forkynnast for alle folkeslag. "Det er ikkje så lett, " sa ei av dei ikkje-kristne damene. Ho meinte det er ikkje lett for eldre japanararar å bryte med det gamle. Det verkar som om ho forstår at dette med Jesus er det rette, og at det gjeld også henne, men der er mange hindringar. "Det er sikkert enklare for dei som er unge," seier ho.

På Bible Club fredag kveld var det fullt hus, ganske fullt. Men det går greitt å sitje på golvet. Her er Maria i prat med ein kinesisk student.

Og Louis fekk kontakt med ein annan kinesisk student. Til saman var vi 22 personar. To ifrå studentgruppa som var i Florida i mars, var også med for første gong. I Florida var dei med vertsfamiliane sine til kyrkje, og fleire har sagt dei vil lære meir. Ei av jentene har allereie bestemt seg for å vere med på den internasjonale gudstenesta kommande søndag.

Espen i midten mellom Scott Menking og ein japansk student. Takk for det som de la igjen her i Matsue, ikkje berre av norsk sjokolade og jegergryte, men med det som de fekk gi både kotodamene og studentane her gjennom samtale og fellesskap.
Det var hektiske dagar både for meg og for Fjellhaug-studentane, men kjekt var det også!

Vil nokon ha bønneemne, så be gjerne for førebuingane til komande søndag. Då skal eg først preike på gudstenesta føremiddag i Matsue, og om kvelden er det internasjonal gudsteneste, der eg skal ha samme preika på engelsk. Eg er allereie seint ute. To-tre dagar har gått med til styremøte i Kobe. I morgon MÅ eg berre setje i gong med preika. Be om at det kan bli ein bodskap ifrå Gud. Temaet er "å høyre hyrdingen si røyst". Då treng eg først å høyre sjølv.






Sunday, April 7, 2013

Høge herrar og flotte titlar

Eg har hatt flott besøk i helga: Tre representantar frå hovudleiinga og administrasjonen for NLM, saman med stedlig representant Dagfinn Solheim. Her har vi sukiyaki på laurdag kveld heime hos meg.

Etter konferansen hadde dei vore i Yonago og hatt møte med WJELC-leiarane; president Matsumura og visepresident Maekawa. Heime hos meg er det ikkje slipstvang, så her kunne dei forhåpentlegvis slappe av litt.
Hjalmar Bø (t.h.) og Dagfinn Solheim hadde fått privat innkvartering hos eit ektepar i kyrkja. Det første kona i huset sa då ho såg Hjalmar, var: "Eg håper madrassen er lang nok!" Ho var visst redd han skulle fryse på føtene.

På gudstenesta i Matsue idag hadde hovudstyremedlem Håvard Måseide helsing, med meg som tolk. Han hadde fått tittelen "jougiin" (HS-medlem).


Leiar for personalavdelinga, Kari Margrethe Solvang, har fått tittelen "jinzaikaihatsushuji", Dagfinn Solheim i midten er "NLM kaichou", medan leiar for NLM Utland, Hjalmar Bø, har fått den flotte tittelen "kaigaisenkyoushuji".
Høge og lange norske menn har ofte problem med å finne tøfler som er store nok, men her i Matsue har dei endeleg funne kyrkjetøfler som passar til føtene.
Matsue får ein god førsteplass! Håvard vurderer å starte innsamlingsaksjon til samme sort tøfler også til Hiruzen Bible Camp...


Det er tid for å ta farvel med kyrkja og pastor Kajinishi.
Her foregår samtalen på kinesisk, mellom leiar NLM Utland og ei japansk pastorfrue.

Ein tur innom Matsue Castle Park er obligatorisk trass i surt vêr. Det var visst eg som var den mest pysete i dag... Tøffe nordmenn trassar kulde, regn og vind.
Sakurablomstringa nærmar seg visst slutten for dette året.

Takk for besøket, Dagfinn, Kari, Hjalmar og Håvard. Om fire dagar kjem Fjellhaugstudentane tilbake. I mellomtida må eg prøve å slappe av litt, og samtidig få gjort unna ein del arbeid.

Påske med dåp og konfirmasjon


Det har allereie gått ei veke sidan påskedag, men det har gått mykje i eitt med besøk og misjonærkonferanse, så det har vore lite tid og overskot til blogging.

Ei veninne av meg, som ikkje ønskjer namnet sitt på bloggen, fekk endeleg draumen sin oppfylt.  Draumen var eigentleg å få full neddykking, for å vise at ho vil starte eit nytt liv med Jesus, men sidan det ikkje var blitt så veldig varmt i sjøen enno, vart det litt mindre vatn. Uansett, det er ikkje mengda vatn som betyr noko. Her blir ho døypt i namnet til Faderen, Sonen og Den Heilage Ande, etter å bekjent trua på den treeinige Gud.

Jesu brud
Tre studentar frå Fjellhaug er på studietur i Japan, og dei fekk også vere med på dåpen.

Nokre av kyrkjemedlemmene var også møtt opp til dåpen.
Etter dåpen var vi med på søndagsskulen i kyrkja, og deretter var det påskegudsteneste med konfirmasjon. Konfirmanten på 10 1/2 år hadde sett broren bli konfirmert på nyttårsdag, og no ville han også bekjenne at han vil høyre Jesus til.

Så blir "dåpsbarnet" og konfirmanten presenterte for kyrkjelyden og får del i velsigninga.

Her får vi helsing frå den nydøypte. Dagen før hadde familien hatt ein buddhistisk minneseremoni for mora, etter 49 sørgedagar. Dottera var redd faren ville bli sint dersom ho fortalde at ho ville bli ein kristen, så ho utsette det i det lengste, men denne kvelden
hadde ho fortalt det. Og til hennar overrasking vart han ikkje sint, men derimot glad! Han som sjølv har vakse opp i eit buddhisttempel, gler seg over at dottera har fått ei kristen tru. Seinare på dagen fekk vi også høve til å helse på han.
Dette ser ut til å bli ein spennande følgjetong!

På samlinga etter lunsj deltok to av Fjellhaugstudentane med song.


Skaparen hadde også pynta framfor kyrkja til påske.
Bilen min har også fått litt ekstra pynt frå sakuratreet. 
Ei veke seinare: Gjestar frå NLM-leiinga helsar på den nydøypte. Idag fekk både ho og konfirmanten vere med på nattverd for første gong. Ver med og be om at dei kan få hjelp til å vekse i trua!