Wednesday, April 17, 2013

Hektiske og intense dagar

Eg har hatt besøk av Fjellhaug-studentar både før og etter dei høge herrane som eg skreiv om i forrige blogginnlegg.
Sist veke var dei her ifrå tirsdag til laurdag. Fleire gonger fekk vi kome oppom på universitetet og treffe studentane til Carmella og Scott. Her er det Scott Menking (t.v.) som viser dei norske studentane rundt. FiH-studentane heiter Maria Elisabeth Lilleaasen, Espen Fretheim Johannessen og Louis M. Budude Mambo. Kjekke ungdommar som fekk god kontakt med mange.
 Også ein tur innom frisøren vart det tid til. Maria la igjen mest hår. Sikkert nok både til ein og to parykkar...


Torsdag ettermiddag vart studentane med på kotoøving. Her har Louis stige i gradene, og kan lære bort til Espen det han nettopp har lært sjølv. Vi er heime hos ei bestemor. Fedrealteret kan skimtast i bakgrunnen. Etter øvinga hadde vi bibelstudium utifrå Luk. 24. Vi snakka om Emmaus-vandrarane, og om korleis evangeliet til omvending og syndsforlating skal forkynnast for alle folkeslag. "Det er ikkje så lett, " sa ei av dei ikkje-kristne damene. Ho meinte det er ikkje lett for eldre japanararar å bryte med det gamle. Det verkar som om ho forstår at dette med Jesus er det rette, og at det gjeld også henne, men der er mange hindringar. "Det er sikkert enklare for dei som er unge," seier ho.

På Bible Club fredag kveld var det fullt hus, ganske fullt. Men det går greitt å sitje på golvet. Her er Maria i prat med ein kinesisk student.

Og Louis fekk kontakt med ein annan kinesisk student. Til saman var vi 22 personar. To ifrå studentgruppa som var i Florida i mars, var også med for første gong. I Florida var dei med vertsfamiliane sine til kyrkje, og fleire har sagt dei vil lære meir. Ei av jentene har allereie bestemt seg for å vere med på den internasjonale gudstenesta kommande søndag.

Espen i midten mellom Scott Menking og ein japansk student. Takk for det som de la igjen her i Matsue, ikkje berre av norsk sjokolade og jegergryte, men med det som de fekk gi både kotodamene og studentane her gjennom samtale og fellesskap.
Det var hektiske dagar både for meg og for Fjellhaug-studentane, men kjekt var det også!

Vil nokon ha bønneemne, så be gjerne for førebuingane til komande søndag. Då skal eg først preike på gudstenesta føremiddag i Matsue, og om kvelden er det internasjonal gudsteneste, der eg skal ha samme preika på engelsk. Eg er allereie seint ute. To-tre dagar har gått med til styremøte i Kobe. I morgon MÅ eg berre setje i gong med preika. Be om at det kan bli ein bodskap ifrå Gud. Temaet er "å høyre hyrdingen si røyst". Då treng eg først å høyre sjølv.






No comments:

Post a Comment