Monday, May 27, 2013

Tidlegare elevar og klassekamerat

I april og mai har gjestane stått i kø for å besøkje Matsue by og meg som bur her. Etter at dei "høge herrane" frå hovudleiinga i NLM og studentar frå Fjellhaug hadde vore her, var det tid for meir privat besøk. Det er faktisk første gong på desse 20 åra at nokon har kome til Japan for å besøkje berre meg.

Først ute var to søstre frå Godøya. Då eg jobba på Vestborg vidaregåande skule i 2009-10, var dei elevar ved skulen. Frå 23. april til 2. mai var dei på Japantur.

Dei vart flinkare etter kvart med pinnane.


På tur til ein blomsterpark på Daikonjima i Matsue.
Søndag med medlemmer i Izumo kyrkje
Etter overnatting i Nima møtte vi Nodoka, som besøkte Vestborg ei veke vinteren 2010.

Jentene vart meir og meir påverka av miljøet...



Her har eg sett dei i jobb med å dele ut flygeblad til gospelkonserten.
I tillegg hjelpte dei med husarbeid, som å lage kake både til bibelklasse og Bible Club, og dei laga også middag til Bible Club. Tusen takk for hjelpa! Og så reknar eg med dei fortel om Japan og arbeidet her til alle dei treff i tida framover!

Etter eit par vekers pause var det nytt besøk på veg. Ein tidlegare klassekamerat frå heimbygda fekk ideen allereie for 22 år sidan, meiner han, då han høyrde at eg var plassert i Japan. Og i år fekk han med seg kona på Japantur. Om kvelden 18. mai kom dei med toget til Matsue stasjon. Her var det ingen koffertar, men ryggsekk både på rygg og mage.
Endeleg framme i Matsue, etter omlag ei veke på reise.
På pinsedag var dei med i kyrkja. Enkelte våga seg frampå med engelsk!

På tur rundt i Matsue kan du treffe på litt av kvart.
Vindaugsplass ved innsjøen går an å bestille, men å få solnedgang på ein regnvêrsdag var verre...
Eg tjuvstarta litt på sommarferien og hadde eit par dagar fri, m.a. ein dagstur til Tottori.
Det var nesten for varmt å gå berrføtt i sanden. Godt vi fekk nyte sommaren før regntida set inn!
Ved klippene på kysten i Uradome var det freistande å prøve temperaturen.
Det var bra temperatur, men utfordringa var å balansere på glatte steinar...
Risen er planta. Det var ein fin dag å vise gjestane både hav og fjell.
Dei siste gjestane reiste tidleg, tidleg (!) den 24. mai. Takk for besøket, og god tur vidare!

Er det fleire som har lyst å komme på besøk, kunne de kanskje vente til hausten...



Friday, May 24, 2013

Konsert med "Mikko Goes to Heaven"

Det er allereie gått fleire dagar sidan konserten. Dagen etter skreiv eg ein artikkel på nlm.no. Klikk på lenkja "Mikko viser veg" under biletet, så får du opp artikkelen med bilete og video.


 Les artikkelen her: Mikko viser veg

Les gjerne også: På friarfot 


Og her er eit bilete av komiteen, på siste møtet før konserten:
Dei fleste i komiteen er frå pinsekyrkjer, men dei samarbeider godt med ein norsk luthersk misjonær!
Her har eg også ein rapport på japansk nett-TV: Praise News

Takk til alle som har vore med oss i forbøn!

Saturday, May 11, 2013

Friday, May 10, 2013

Konferanse - for over ein månad sidan...

Tida går fort, og det er mykje som har skjedd etter konferansen 1. -5. april, men har du enno ikkje fått med deg korleis vi hadde det på misjonærkonferansen, kan du sjå på det Torgeir Hauge har skrive på nlm.no. Han er også fotograf av biletet. Klikk på lenkja nedanfor:

Et sted for mer enn forhandlinger

Tuesday, May 7, 2013

Mangfaldig musikkleir

 Mange av dykk kjenner Naoto Hashimoto på biletet her. Han er ein sentral person i leiarstaben for den årlege musikkleiren.

Les heile artikkelen her:
Mangfaldig musikkleir