Thursday, December 29, 2011

Impulsivt bibelstudium



- Å, kan eg få ein Bibel? spurde ein av kinesarane med det samme han kom inn døra og såg bunken med Gideon-NT eg hadde lagt igjen då eg rydda og la på juleduk. Så godt at eg ikkje hadde rydda vekk heile bokbordet mitt.

Den andre kinesiske guten ville også gjerne ha eit nytestamente. Det var lillejulaftan, og studentane hadde vore med Carmella på julefest i Matsue Gospel Church, og så kom dei til meg på ope hus etterpå. Først fekk eg dei til å pynte juletreet mitt. Sidan dei hadde høyrt preike i kyrkja, hadde eg ikkje lagt opp til noko bibelstudie, men sette fram det eg hadde av julekaker. Av mangel på lefser vart det havrekjeks med heimelaga søst, og det gjekk godt an!


I 22-tida, etter at Carmella og ei av studentane var gått, seier plutseleg ein av kinesarane: "Vi vil studere!" og løfta nytestamentet i veret. "Ja, det vil eg også," sa den andre, så då vart det ein times bibelstudium utifrå juleevangeliet, på kinesisk, japansk og engelsk. Snakk om ivrige folk! Den eine av gutane var første gong på Bible Club hos meg fredagen før, og han hadde fått med kameraten sin, som var her for første gong. Den første hadde fått eit NT veka før, men no skulle han ut og reise og hadde gløymt nytestamentet på hybelen. Så han spurde om han kunne få låne med seg eitt på nattbussen til Kyoto, så han også kunne lese i nyttårsferien!



Om morgonen 24. desember var det kvitt ute. Eg trur eg hadde meir snø her enn dei hadde heime på Sunnmøre.


Ei av dei eg hadde som gjest i fjor til julaftan, heldt meg med selskap denne ettermiddagen og kvelden, også. Etter ein norsk middag (utan juleribbe, men MED surkål!) gjekk vi i kyrkja på lysmesse. Ein av dei to kinesiske gutane som var her kvelden før, vart også med i kyrkja.


Tomomi går første året på vidaregåande og spelar i korps. Her spelar ho for første gong i kyrkja. Flott med ekstra hjelp til salmesongen!


Men skulebøkene er med også i kyrkja, på julaftan! Medan ho ventar på at resten av familien skal bli ferdig med kyrkjekaffien, gjer ho lekser.

Og faget? Ser ut som om det er kjemi...

Så er det blitt juledag, og tilbake til kyrkja. Men som travelt opptatt organist og akkompagnatør, vart det ingen bilete frå gudstenesta og festen etterpå. Tre studentar kom og vart med på julegudstenesta, og fleire frå bibelklassa eg har for vaksne, kom også på lysmessa julaftan, og nokre på juledagsgudstenesta. Det er folk vi ikkje ser i kyrkja elles anna enn dei fredagane når vi har engelsk bibelklasse.


På ettermiddagen vart eg med Carmella og ei kinesisk jente til Yonago på julefest for den engelske bibelgruppa der. På veg heim køyrde vi i delvis snøkave og haglbyger. Då kjende eg meg skikkeleg norsk! Den kinesiske jenta sa at dette året var første gong ho hadde opplevd skikkeleg jul. For ho hadde vore på to gudsteneste og ein julefest der ho hadde fått høyre julebodskapen. Det var ei innhaldsrik julefeiring, meinte ho.

2. juledag heldt vi fram med juleselskap for Bible Club. Alle studentane som kom, hadde med seg mat, så det vart ganske variert, frå taco til takoyaki (små bollar med blekksprut inni). Bibelstudiet denne kvelden var historia om the Candy Cane, den raude og kvite staven som ofte blir brukt som julepynt og godteri iallfall her i landet.


Alle har fått utdelt eit ark med den engelske teksten, og vi går gjennom ei og ei setning som dei omset til japansk. J for Jesus, og held du J-en oppned, blir det ein hyrdingstav. Det minner oss om kva Jesus sa om seg sjølv, og som vi har lært utanatt her på Bible Club:


Ja, kva var det eigentleg som stod i Joh. 10? "Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene."


Eg hadde ikkje nok hyrdingstavar til alle, men desse to var dei heldige vinnarane.
Alle fekk med seg heimatt historia om søtsakene som skal minne oss om Jesus. Kvitt for hans uskuld, og raudt for blodet som rann for oss då han døydde for syndene våre.

Etter ei intensiv julefeiring har det vore godt å ha 2-3 dagar berre for meg sjølv. Juleposten på e-mailen minkar etterkvart, men der er framleis ein del eg ikkje har opna. Idag har eg førebudd songar til nyttårsleiren og bibel-og songkonkurransar til jule-og nyttårsfesten for tenåringsgruppa i morgon.

Monday, December 19, 2011

Forsmak på jula


Fredag føremiddag:
På fredag morgon serverte eg dei første småkakene. Denne guten på 2 år likte iallfall krumkaker med krem! Berre to vaksne og eitt barn kom på bibelklassa på føremiddag, men vi hadde ei fin stund, med bibelstudium om engelen sin bodskap til Maria.


Fredag kveld:
Om kvelden var det som vanleg Bible Club, og ein del fleire enn på føremiddagen. Til saman var vi 15 på bibelstudiet. Fredagen før hadde vi snakka om Maria, så denne kvelden var det Josef sin tur. Eg utfordra gutane: "Kva vil du gjere om kjæresten din seier at ho er gravid, og du veit at du ikkje er far til babyen?" Dei fekk noko å tenkje på. Ein av gutane skreiv i loggboka etterpå: "I think Joseph is kind and cool. " Og han legg til (omsett til norsk): "Å vere snill er også komplisert. Men å ha ein kjærast som trur på Gud, er ein god ting." Han som skreiv dette, er ikkje ein kristen, men han er ein av dei eg ser det har skjedd ei forandring med sidan han byrja å komme på Bible Club i april i år.


Her er eit utval av ungdommane som var på Bible Club. Dei to med uniform går på vidaregåande og kom rett frå skulen.

Laurdag kveld:
Etter gospeløving og ein tur innom eit arrangement på universitetet var eg ute på jentekveld. Ei av dei som kjem på Bible Class, hadde invitert meg og ei av sine engelskelevar ut på restaurant.


Dei to hadde laga mat til familien før dei tok seg fri for å gå ut. Maten var god, og praten gjekk lett. Då eg fortalde at eg skulle til Izumo kyrkje på søndag, sa mitt nye bekjentskap at ho hadde gått på søndagsskulen i den gamle lutherske kyrkja der for 37 år sidan, og då var der ein norsk misjonær. Verda er ikkje stor! Etter litt detektivarbeid har eg funne ut at det truleg måtte vere Tore Jåtun som var der på den tida.


Eg lovde damene å legge ut bilete på bloggen i dag, så eg håper dei er innom og sjekkar. Her er det tomme fat og mette magar. Samtalen gjekk også innom Bibelen, om vin og nattverd og påskemåltid og blodstryking og utgang frå Egypt, om Moses og dei ti boda, om religion, buddhisme og kristendom og mykje meir. Så om eg kom seint heim og var dårleg førebudd til søndagsskule og gudsteneste i Izumo neste dag, trur eg likevel det var ein vel anvendt laurdagskveld.

Søndag:


I går var eg organist på gudstenesta i Izumo, etter først å ha hatt andakt på søndagsskulen. Izumo kyrkje har det beste orgelet i kyrkjene våre på heile nordfeltet. Berre dumt at det er for langt unna til at eg kan øve der meir enn den lille halvtimen før gudstenesta byrjar.


Forsamlinga i Izumo vedkjenner trua: "Ware wa tenchi no tsukurinushi, chichi naru zenno no Kami o shinzu." (1. trusartikkel)


Det fjerde lyset er tent, og det er ei veke att til jul. Neste søndag blir det dåp og konfirmasjon i denne kyrkja. Ei eldre kvinne og ein mann i 50-åra skal bli døypt, og kona til denne mannen, skal bli konfirmert. Ho vart døypt som barn, men har ikkje vedkjent trua før, så ho blir konfirmert no i vaksen alder. Vi gler oss med dei, sjølv om vi gjerne skulle ha opplevd både dåp og konfirmasjon i Matsue, også...


Det er mange ting som må ordnast til jul. I Norge er det ikkje vanleg å bone kyrkjegolvet på ein søndag, akkurat, men når det skal vere dåp, må golvet også skine! Sasaki med moppen vil gjerne helse til alle misjonsvenner i Norge: "Vi må møtast igjen!"

Julehelsing



Mange har fått julebrevet på e-post, og nokre brev er også på veg i posten. Men har du framleis ikkje fått tak i det, vil eg gjerne helse mine blogglesarar god jul på denne måten. Og takk til Odd Dubland som har lagt ut dette motivet på Facebook, til fritt bruk! Skuggen frå korset var der allereie ved krybba. Det viser oss kvifor Gud vart menneske; for å kunne gå inn og ta straffa i staden for oss.

Og her er altså julebrevet:

Matsue, 15. 12. 2011

Eg prøver å telje etter kor mange gonger eg har feira jul i Japan, og eg har kome til at i år vil bli mi 15. jul i Japan, og her i Matsue blir det for femte gong.
Her har vi allereie starta på julefeiringa, og eg er vel ferdig med dei største oppdraga, som den felles julekonserten vi hadde 3. desember, og barnejulefesten sist søndag. På julaftan har eg som mål å få med meg studentar til kyrkje og få nokre med meg på caroling etter lysmessa. Eit par småkakesortar har det blitt, og eg finn sikkert nokon å dele dei med. Det er fleire "ta med mat på fat"-anledningar i kyrkja, og kanskje eg også skal prøve å invitere naboane mine på eit lite juleselskap? Her er det berre frimodigheita og fantasien som begrensar. Eg vil også ha ope hus nokre dagar i jule-og nyttårhelga, særleg med tanke på utanlandsstudentane som ikkje reiser heim på vinterferie. For her heiter det ikkje jule- eller nyttårsferie, men vinterferie. Frå 1.-3. januar tek eg turen til Hiruzen Bible Camp igjen, der eg også feira nyttår i fjor. Eg får håpe på litt betre køyreforhold enn i fjor, då vi vart overraska av stort snøfall over natta. I morgon er det forresten meldt snø i Matsue, med minimumstemperatur på 3 grader, og maks 4...

I julebrev er det vanleg å ta eit blikk bakover på det som har skjedd i løpet av året. I mars fekk vi misjonærane eit vanskeleg val, då leiinga i misjonen oppmoda oss til å kome til Norge etter jordskjelv- og tsunami-katastrofen i nordaustlege Japan, med påfølgjande strålefare frå atomkraftverket i Fukushima. Sjølv om det er lange avstandar, skapte situasjonen forståeleg nok bekymring i Norge. Takk for all forbøn og omsorg i den tida. Alle dei som verkeleg vart ramma, treng framleis vår omtanke.

Eg er glad for å få vere her ute, sjølv om her er ein del kjedelege kvardagar, men det hadde det nok vore om eg var i Norge, også. Som eg sa før eg reiste ut, er det største problemet at ”nissen er med på lasset”. Hadde eg ikkje hatt med meg sjølv å gjere, hadde nok livet ofte vore mykje enklare!

Det mest spennande eg får vere med på, er samlingane for universitetsstudentar som eg har heime hos meg kvar fredagskveld. Siste månadene har frammøtet nesten eksplodert, og det er ikkje uvanleg at vi er rundt 15 personar på Bible Club. Bortsett frå 3-4 vaksne medhjelparar er dei fleste ikkje-kristne. Det er spennande å sjå kor opne dei er, og det er ofte vanskeleg å avslutte gruppesamtalane. Fleire har også vore med i kyrkja, og to var med på internasjonal leir i haust. No ber vi om å få sjå frukter av arbeidet. I vår kyrkje har det ikkje vore dåp på fleire år...
Det er også inspirerande å lese Bibelen ilag med damene eg spelar koto ilag med. Idag las vi om Josef i GT, og dei som høyrde forteljinga for første gong, vart gripne av korleis Josef kunne tilgi brørne sine som hadde gjort så mykje vondt mot han. Kvar gong eg les forteljinga om Josef, blir eg minna om Jesus. Han vart også avvist. ”Han kom til sitt eige, men hans eigne tok ikkje imot han.” Men slik som Josef vart sendt i førevegen for brørne sine for å berge livet deira, vart Jesus sendt frå himmelen for å frelse oss frå syndene våre, ved å døy på korset og stå opp att frå dei døde. Han er Herren over herrane og Kongen over kongane, som vi song i felleskoret frå Händels ”Messias”.

”Han skal tale fred til heidningane,” syng dei på CDen som står på no. Händel sin bodskap er tidlaus, sidan teksten er tatt rett frå Bibelen. Bodskapen om Messias gjeld til alle tider, for alle folk. Difor er eg framleis i Japan. Med dette vil eg ønskje alle ei velsigna julehøgtid og eit godt nyttår, ilag med han som er ”LORD of lords” and KING of kings”.

Beste helsing Inger Valbø

Adresse: 202-4101 Nishi Kawatsu-cho, Matsue-shi, Shimane-ken, 690-0823 JAPAN

E-post: ingervalbo@yahoo.no Blogg: www.ingervalbo.blogspot.com
Tlf.: +81 582 67 2918 Skype: ivalbo93

Monday, December 12, 2011

Kyrkjemaraton



I går tende eg det tredje lyset i adventsstaken. Tredje søndag i advent vart ein ganske aktiv dag for meg. Ikkje mindre enn tre kyrkjer var eg innom før eg kom heim og fekk med meg slutten av radiogudstenesta i Bergen medan eg venta på at gudstenesta i Ørskog skulle ta slutt, så eg kunne få vere med på kyrkjekaffien.

Først var eg oppom til den internasjonale studentheimen og henta ei koreansk jente som ville vere med meg til Arashima. Eg har ikkje vore på gudsteneste der sidan sist eg preika i juni, så det var kjekt å treffe kyrkjelyden igjen.





Etter ein kort lunsj heime var neste oppdrag søndagsskulefesten i Matsue. Nokre dagar tidlegare hadde vi delt ut innbyding utanfor barneskulen nær kyrkja, og leiarane hadde førebudd 40 pakkar. Det var litt skuffande at berre 11 born kom, men dei fleste kjem ikkje på søndagsskulen til vanleg, og der var visst eit par stykke som ikkje hadde vore i kyrkja før, også.
Det var min tur å ha andakt denne gongen. Det er faktisk første gong eg har hatt andakt for barn i Matsue, for eg er alltid på tenåringsgruppa samtidig som det er søndagsskule.


Her fortel eg borna kvifor Jesus kom til jorda. Ei julegåve frå i fjor fungerte som illustrasjon. Kan du sjå kva det er?

Jesus på korset - for våre synder.
Ved hjelp av Kari Vinje og "Den usynlige vennen" fekk eg fortelje borna korleis dei kan bli Jesu venner.

Etter barnefesten i Matsue lutherske kyrkje var eg heim og ordna litt mat før eg gjekk vidare til Nazaren-kyrkja, der vi hadde avslutning og takkesamling for felleskoret, som hadde konsert 3. desember. Som biletet nedanfor viser, var stemninga ganske bra:


Ei lett blanding av pinsevennar, katolikkar, baptistar og nokre få lutheranarar. Vi delte mat, og delte opplevingar i samband med konserten. Ein mann fortalde at han hadde fått med seg foreldra og onkel og tante for første gong, og dei hadde også kome i kyrkja dagen etter. Ei anna fortalde om ein gut som hadde tenkt å sykle, men på grunn av det kraftige regnvêret hadde mora køyrt han, og det var første gong mora var på ei kristen samling. Fleire fortalde også kva songane hadde betydd for dei sjølve.
Så blir spørsmålet: Kven skal dirigere til neste år?


Her er dei to som delte på dirigentjobben i år; presten i Nazaren-kyrkja og den norske misjonæren i den lutherske kyrkja.

Då eg gjekk heimatt denne kvelden, kjende eg at eg liker desse folka. Og ofte gløymer eg at eg er utlending blant dei. Det er vel eit bra teikn?
Men likevel var det godt å få høyre ei norsk preike og norsk salmesong på nettradio. Og omsider hadde Ørskog-presten fått rigga opp storskjerm i stova på prestegarden og kamera så eg fekk sjå kyrkjefolket. Skype er ikkje noko dum oppfinning. Det var kjekt å sjå dykk og høyre litt nytt, sjølv om eg ikkje kunne svare så godt på alt de spurde om!
Det neste er å få til direktesending ifrå gudstenesta i heimekyrkja...

Saturday, December 3, 2011

We Were the Reason



Bodskapen om Jesus som kom til jorda for å lide og døy for syndene våre, gjekk igjen både i songtekstar og tale på den årlege julekonserten i Matsue. Eit felleskor frå alle kyrkjene i byen har øvd sidan september. I tillegg var gospelkoret med. Vi har øvd ein gong i månaden gjennom heile året, men frammøtet har variert veldig, og nesten ingen av dei som har vore innom, kunne vere med på konserten. Så eg er veldig glad for dei tre jentene frå pinsekyrkja som steppa inn på kort varsel, og for Carmella og Scott som støttar opp. I bakgrunnen i kvitt og svart ser de ein del av det store koret. Her kan de få ein liten smakebit av ein kjent melodi, og kanskje ein kjend dirigent:



Ein av songane i gospelkoret heiter "We were the reason", og refrenget går slik:
We were the reason that He gave his life
We were the reason why He suffered and died
To a world that was lost He gave all He could give
To show us a reason to live.


Talaren, pastor Shindo, understreka også det samme, og tok utgangspunkt i røvaren på korset, som vart frelst og tilgitt, sjølv om han måtte fullføre dødsstraffa. Talaren, som no er fengselsprest, var for 10 år sidan fange i Shimane fengsel her i Matsue. To av prestane som idag song i koret, var i fengslet og hadde julemøte, og på det møtet var også Shindo. Seinare fekk han meir bibelundervisning, og han møtte Jesus i fengslet.
- Det var ein spesiell prest, kommenterte ei av studentane eg hadde med heimover i bilen.



Fleire som var på Bible Club i går, vart med på konserten idag. Alle desse er knytta til Shimane universitet. I går var vi til saman 16 på Bible Club, og ein av dei vart igjen for å snakke med Nadine og meg. I starten starta han ofte setningane med "dersom eg blir ein kristen", men utan kanskje sjølv å vere klar over det, gjekk han mot slutten over til å seie "NÅR eg blir ein kristen". Spennande! Då eg spurde om han ville prøve å be, sa han ja med ein gong. Sist vi prata, brukte han ord frå Bibelen og gjorde til si bønn, men i går bad han med eigne ord. Og han bad Jesus vente, for han var ikkje klar til å bli ein kristen enno...

Det er mykje spennande som skjer, men samtidig er det trist at ein annan student blir nekta av mor si å komme meir. Du kan lese om han her: Julegåve til studentarbeidet

Ei som gjerne ville vere med og syngje ilag med oss idag, vart hindra av professoren sin, som forlanga at ho skulle møte opp på universitetet på ein laurdag...Så det er mange kampar, også.


Eg var også glad for at to frå ei anna bibelklasse kom på konserten. Neste fredag morgon håper eg dei kjem på Bible Class igjen. Vi har mange anledningar til å nå ut med julebodskapen. Søndag 11. desember skal eg ha andakt på søndagsskulefesten. Eg tenkte å bruke ei strofe frå ein norsk barnesong:

Men jul uten Jesus har liten verdi.
Det er som ei pakke med ingenting i.
For innhold er viktig, du tenker helt riktig.
Det blir ingen jul uten Jesus.