Monday, December 12, 2011

Kyrkjemaraton



I går tende eg det tredje lyset i adventsstaken. Tredje søndag i advent vart ein ganske aktiv dag for meg. Ikkje mindre enn tre kyrkjer var eg innom før eg kom heim og fekk med meg slutten av radiogudstenesta i Bergen medan eg venta på at gudstenesta i Ørskog skulle ta slutt, så eg kunne få vere med på kyrkjekaffien.

Først var eg oppom til den internasjonale studentheimen og henta ei koreansk jente som ville vere med meg til Arashima. Eg har ikkje vore på gudsteneste der sidan sist eg preika i juni, så det var kjekt å treffe kyrkjelyden igjen.





Etter ein kort lunsj heime var neste oppdrag søndagsskulefesten i Matsue. Nokre dagar tidlegare hadde vi delt ut innbyding utanfor barneskulen nær kyrkja, og leiarane hadde førebudd 40 pakkar. Det var litt skuffande at berre 11 born kom, men dei fleste kjem ikkje på søndagsskulen til vanleg, og der var visst eit par stykke som ikkje hadde vore i kyrkja før, også.
Det var min tur å ha andakt denne gongen. Det er faktisk første gong eg har hatt andakt for barn i Matsue, for eg er alltid på tenåringsgruppa samtidig som det er søndagsskule.


Her fortel eg borna kvifor Jesus kom til jorda. Ei julegåve frå i fjor fungerte som illustrasjon. Kan du sjå kva det er?

Jesus på korset - for våre synder.
Ved hjelp av Kari Vinje og "Den usynlige vennen" fekk eg fortelje borna korleis dei kan bli Jesu venner.

Etter barnefesten i Matsue lutherske kyrkje var eg heim og ordna litt mat før eg gjekk vidare til Nazaren-kyrkja, der vi hadde avslutning og takkesamling for felleskoret, som hadde konsert 3. desember. Som biletet nedanfor viser, var stemninga ganske bra:


Ei lett blanding av pinsevennar, katolikkar, baptistar og nokre få lutheranarar. Vi delte mat, og delte opplevingar i samband med konserten. Ein mann fortalde at han hadde fått med seg foreldra og onkel og tante for første gong, og dei hadde også kome i kyrkja dagen etter. Ei anna fortalde om ein gut som hadde tenkt å sykle, men på grunn av det kraftige regnvêret hadde mora køyrt han, og det var første gong mora var på ei kristen samling. Fleire fortalde også kva songane hadde betydd for dei sjølve.
Så blir spørsmålet: Kven skal dirigere til neste år?


Her er dei to som delte på dirigentjobben i år; presten i Nazaren-kyrkja og den norske misjonæren i den lutherske kyrkja.

Då eg gjekk heimatt denne kvelden, kjende eg at eg liker desse folka. Og ofte gløymer eg at eg er utlending blant dei. Det er vel eit bra teikn?
Men likevel var det godt å få høyre ei norsk preike og norsk salmesong på nettradio. Og omsider hadde Ørskog-presten fått rigga opp storskjerm i stova på prestegarden og kamera så eg fekk sjå kyrkjefolket. Skype er ikkje noko dum oppfinning. Det var kjekt å sjå dykk og høyre litt nytt, sjølv om eg ikkje kunne svare så godt på alt de spurde om!
Det neste er å få til direktesending ifrå gudstenesta i heimekyrkja...

No comments:

Post a Comment