Saturday, October 30, 2010

Folksamt

I dag har eg vore her heilt åleine, men i går hadde eg to samlingar. Tilsaman var 15 vaksne og 2 barn innom her.
Første gruppa var den engelske bibelklassa for vaksne på føremiddagen.


Det var god stemning, og eg håper også dei lærte litt. La meg sitere litt ifrå loggboka:
"Eg vil prøve å tenkje meir på forskjellen på korleis vi japanarar tenkjer om Gud og korleis folk i andre land tenkjer om Gud."
"Eg synest at orda "Ver ikkje redd. Miss ikkje motet", var veldig gode ord."


Ikkje lenge etter at den siste var gått ut døra, kom Nodoka på besøk. Ho bur eit par byar lenger vest, i Oda, og det er første gong vi har møttest i Japan. Eg vart kjent med Nodoka då ho var på tur i Norge i vinter. Nodoka går på engelskundervisning hos Kari Opperud i Nima kyrkje, som hjelpte henne å legge opp turen til Norge. Mellom anna fekk ho ei vekes opphald på Vestborg vidaregåande skule.


Dette biletet er frå 30.januar på storkjøkkenet på Vestborg.


Og dette er frå kjøkkenet mitt 29. oktober. Menyen var den samme. Okonomiyaki er ein slags omelett av egg, mjøl, vatn, kål og svinekjøt.


Den 29. kvar månad er kjøtdag, lærte eg i går. 2 er "ni" og 9 er "ku" = niku = kjøt.
Tynt oppskore kjøt sakna eg i norske butikkar. Veldig praktisk med slike millimetertynne kjøtskiver!


Det var ikkje så mange som kunne komme på Bible Club igår, men studentane Tomohito og Wei hadde sett av kvelden for å kome hit.


Tomohito fortel at forrige fredag stod han opp kl 05.47 (!) for å rekke å komme på Bible Club. Han starta med eksperiment på laboratoriet kl 06, hadde frukost medan han jobba der, og hadde ikkje tid til meir mat før han kom her på Bible Club kl 18.30, etter over 12 timars jobbing. Det seier noko om prioritering! Men det han ikkje sa forrige fredag, var at han ikkje vart mett av taco...

Eg er imponert over slik prioritering. Og eg veit at kameraten hans, Shinsei, som no jobbar i Kyoto, gler seg over at Tomohito held fram med å kome på bibelstudie.

Er du av dei som ber, så hugs på Tomohito og kinesiske Wei, også. Ho har forresten eit ganske fint namn. På kinesisk høyrest namnet ut som "One Way". Tenk om ho kunne få bli kjent med Jesus medan ho er her i Japan, han som seier om seg sjølv at han er Vegen, Sanninga og Livet. ONE WAY!


Nodoka hadde med seg "kansha roll cake". 感謝 betyr "takk".Carmella og Scott, som kom innom seinare på kvelden, var heldige, for vi hadde spart att litt takkekake til dei, også.

David og Goliat


Sist søndag var forteljinga om David og Goliat teksten på søndagsskulen. Det er lenge sidan eg har hatt andakt for barn, så det var utfordrande, men søndagsskuleborna i Izumo kyrkje følgde godt med sjølv om det var ei kjent forteljing iallfall for nokre av dei.
Denne teikninga er det ikkje eg som har laga, men ein 5.klassing. På slutten av søndagsskulen fekk alle utdelt eit barneblad som heiter "Lammy", og dei fekk beskjed om å opne på nest siste side, der teikningar frå lesarane kjem på trykk.



Til alle si overrasking var det ein av dei sjølve som var hovudvinnaren denne gongen.


5.klassingen Keiichi Maekawa får tilsendt eit gåvekort på bøker. Gratulerer!
Ei stolt mor ventar på at Keiichi skal kome på bloggen og bli "kjent over heile verda", som ho seier. No er han her!

Namnet Keiichi 恵一 betyr forresten "den første nåde". Eit passeleg namn på eldste son i prestefamilien!

Saturday, October 23, 2010

Laurdagskveld

Eg er trøytt etter ein sein kveld i går og ein ganske hard jobbedag i dag, og i morgon må eg tidleg opp for å rekke søndagsskulen i Izumo kl 9. Søndagsskuleandakta, orgelnotane og bibelstudieopplegget for engelskklassa er pakka i veskene, og søndagsblusen er nystroken. Men litt må eg få dele før eg slår av datamaskina, tek oppvasken og kjem meg i seng.

Først nokre glimt frå Bible Club i går:

Taco på menyen. Scott viser korleis det skal etast.


Ikkje så lett for nybyrjarar.


Kinesiske Wei likte både maten og bibelstudiet. "Det er første gong eg har lese om Jesu fødsel. Sidan eg fekk rolla som Maria, tenkjer eg meir på korleis ho måtte oppleve det då ho fekk vite at ho skulle bli gravid," skriv ho i loggboka.

Det er litt tidleg å starte på juletekstane, men denne leksjonen var ein av fleire i studieboka med tittelen "Don't be Afraid" ("Ver ikkje redd"). Fleire av deltakarane møtte juletekstar for første gong. Ein av dei var koreanske Bak som kom til Japan for nokre veker sidan og som var her for første gong, introdusert av engelsklæraren sin, Carmella.


Her er vi, fotografert av Scott Menking. Frå venstre: Carmella Lieske, Bak Seong-mo, Ryoko Fujimoto, Tomohito Tanihara, eg og Wei Wang. Seks personar, - fem nasjonalitetar.


Nytt frå i haust er at ungdommane sjølve tilbyr seg å ta oppvasken. Og så blir det tid til litt felles speletid for dei som blir igjen til slutt:


Det er mange år sidan sist eg spela Yatzy, og eg hadde til og med gløymt nokre reglar. "Hus" er 2+3 like, stemmer ikkje det? Og når ein spelar med ubunden rekkefølgje, kan ein då velje fritt, eller må ein først bli ferdig med det som er over bonusstreken før ein går vidare?

I dag var det første øving i Youth Gospel Club, som vi har kalla gospelkoret. Fleire som hadde sagt dei ville kome, kunne ikkje likevel, men så kom det to som ikkje hadde sagt dei kom. Ein forsiktig start, men vi satsar på at fleire blir med etter kvart.


Ei prestefrue, ei ungdomsskulejente, ein universitetsstudent og ein vaksen student.
I dag var det songen "Shout to the Lord" som vi brukte mest tid på. Med litt terping kom også den engelske teksten på plass, etter først å ha øvd på japansk.
For meg er det nesten unaturleg å syngje denne songen på norsk, sidan det er i Japan eg har lært han. Men her er altså den norske versjonen, på klingande nynorsk, omsett av Hans Johan Sagrusten:

Min Jesus, min Frelsar, ingen er slik som du!
Ja, eg vi gje ære til deg for underet: Du elskar meg!
Du vernar, du trøystar, du er mitt berg og mi borg!
Kvar dag eg får, hjartet som slår,
eg vil alltid lova deg!

Syng for vår Gud, heile jorda, syng med!
Fjella skal tilbe og falla på kne!
Havet skal brusa og bølgjer slå,
når dei lovar ditt namn!
Alt har du skapt ifrå æveleg tid,
ja, deg vil eg elska, hjå deg vil eg bli.
Alt har du lova meg, alt har eg fått i deg.


Ein flott lovsong som bør syngjast på mange språk!
SHOUT TO THE LORD ALL THE EARTH, LET US SING!

Wednesday, October 20, 2010

Arbeidsledig misjonær?

- Kva skal misjonærane gjere dersom alle menneske forstår at dei er skapte av Gud til å leve for Han? undrast den mongolske studenten ved det japanske universitetet.
- Då har vi ikkje meir å gjere, meinte eg. - Og Jesus vil komme igjen.
Men vi vart også samde om at det framleis er mykje å gjere.

Seinare på dag kom eg på at eg har vel litt å gjere sjølv om alle skulle ha blitt kristne. Jesus sa også: "Og lærer dei å halde..." Men eg synest det er flott når andre tek over ein del av arbeidet. I dag var eg med på bibelstudie på universitetet. I over eit år har ei gruppe studentar samlast til bibelstudium og bøn. Eg fekk vere med på første møtet i slutten av juni i fjor, rett etter at flyttelasset mitt var gått.


No i dag var første samling etter sommarferien. Det var veldig fint å sjå korleis Motoi har blomstra som leiar. KGK (tilsvarande NKSS) sitt motto er "ved studentar for studentar", men det er også fint å få vere med og støtte og oppmuntre leiaren ved å møte opp innimellom.


Fleire nye var også innom i dag. Jenta til venstre er frå Korea, og attmed henne står studenten frå Mongolia. To kinesiske jenter var allereie gått då eg tok biletet. Som de ser, treng vi litt fleire gutar, men Motoi fungerte fint som leiar sjølv om det elles var berre jenter.

Teksten var ifrå Mark. 1 der Jesus lækjer svigermor til Peter.
Fleire spørsmål dukka opp:
- Er Simon og Peter samme person?
- Kvifor står det ingenting om kona til Simon, når han hadde svigermor?

Studentane var også flinke til å anvende teksten på deira eigne liv.


Då eg kom ut etter å ha snakka med Motoi ei stund, stod dei to kinesiske jentene framleis og prata. Den eine er kristen, men den andre opna kanskje Bibelen for første gong i dag.

No i kveld fekk eg melding frå ei tredje kinesisk jente som gjerne vil kome på Bible Club igjen på fredag. Så her er det altså ikkje berre misjon blant japanarar. Og eg trur ikkje eg blir arbeidsledig på ei stund, heller.

I morgon ettermiddag skal eg på "koto-evangelisering". Det treng kanskje litt forklaring. Koto er ei japansk harpe, som eg har gått og lært i nokre år. Kotolæraren, Sachiko Katou, er kristen og medlem i Arashima kyrkje. Vi øver ilag med mor hennar og to søskenbarn. Etter øvinga har vi bibellesing. Det er alltid spennande å høyre kva tankar dei gjer seg om bibelforteljingane. I morgon blir også fleire med, så dette blir spennande. Sonen i huset gir ikkje lov til å ha kristne møte i huset til mora, men kotoundervisning er ikkje noko problem. På denne måten får eg formidle evangeliet i ein heim som har både fedrealter og gudehylle. Men det opplevest litt rart når søskenbarna til Sachiko kjem og først helsar på den avdøde onkelen ved å tenne røykjelse framfor fedrealteret...

Monday, October 18, 2010

Festival i Matsue


Japanarane er glade i festivalar, og skodelystne stimlar saman for å få med seg opptoget.
Eg let bilen stå ved kyrkja og gjekk ein tur for å få eit glimt av kva som skjedde. Lyden av trommene høyrdest som torevêr i det fjerne. Etter kvart som eg nærma meg hovudgata framfor fylkeshuset og slottsparken, vart den intense trommespelinga sterkare. Det var ikkje berre eg som var på veg for å sjå. Undervegs traff eg forresten ei dame som tidlegare var med i den engelske bibelklassa. Så det var kanskje verd turen berre for å treffe henne.


Mange grupper frå ulike bydelar hadde sine eigne vogner med tromme-og fløytespelarar, alle kledd i like drakter. På nyheitene seinare på dag sa dei at det hadde vore omlag 1900 menneske med i opptoget.

Berre bilete formidlar ikkje stemninga, så ta gjerne ein titt på videoen nedanfor.

Video:

Parade in Matsue 2 from Inger Valbø on Vimeo.


Etter at du har sett denne videosnutten, vil du også få opp dei tre andre snuttane eg tok av andre grupper.


Alle gruppene enda opp på parkeringsplassen nedanfor Matsue Castle Park med den gamle borga.


Eg kjende behov for å kome meg litt på avstand ifrå folkemengda og larmen og tok ein tur opp trappene mot slottet. Vi er no inne i det fjerde året av 400-årsjubileet. Det tok fem år å reise denne store bygninga, og det skal altså feirast i fem år.


Sjølv på god avstand kan ein framleis sjå og høyre paraden.


Eg har vore her mange gonger før, men likevel fann eg vegar og stiar eg ikkje har gått på før. Stille og roleg, borte ifrå larmen i gata.

Eg kan ikkje fri meg frå å tenkje på orda i Salme 2: "Kvifor larmar heidningane?" No veit eg ikkje om det er så mykje heidenskap i denne festivalen. Det er kanskje mest kultur og tradisjon. Likevel skulle eg ønskje at også kyrkjelege aktivitetar kunne samle like mange.

Laurdag denne veka skal vi starte gospelkor i kyrkja. Presten meinte at vi skal opne vindauga, slik at folk som går forbi kan få høyre lovsongen. Vil du be om at studentane som kjem her på Bible Club, kan få lyst til å vere med og synge i kyrkja? Nokre damer i kyrkja kom i går og lurte på om dei får lov til å vere med. Det blir spennande å sjå kva slags folk som samlast. På onsdag ettermiddag skal eg og prestefrua stå utanfor kyrkja og dele ut innbyding til ungdomsskuleelevane som kvar dag passerer kyrkja på veg til og frå skulen.


Jesus sa ein gong noko om at dersom læresveinane teier, skal steinane tale... Måtte det ikkje bli nødvendig at steinane må tale.


Bak dei høge murane reiser det gamle slottet seg.


Det var her oppe ved den gamle borga at Gabriel Eikli, Anders Hoaas og Arne Tiltnes ilag med to japanske kristne ein haustdag i 1949 stod og såg utover byen og kjende at det var denne byen som måtte bli sentrum for nybrottsarbeidet på denne sida av fjella. Og dei falda hendene og bad til Gud her oppe. Det vart starten på NLM sitt misjonsarbeid i Matsue og området rundt.

Telefonsongen i postkassa



I dag fekk eg tilsendt songen som eg etterlyste for ei stund sidan. Med notar og i to målføre, til og med!
Klikk på biletet, så får du det større.

Og teksten er altså slik:

En liten telefon jeg har, en bønnens telefon.
Den leder ifra denne jord, til himmelens stasjon.
Så snart jeg ringer til min venn, jeg alltid får til svar
et vennlig ord: "Hallo, hallo, se linjen den er klar."
Tinge-linge-linge-ling, skynd deg nå og ring.
Ring på bønnens telefon til himmelens stasjon.

Om kvelden vil jeg gjerne fram til Jesus, Frelseren.
"Hva vil du nå, mitt lille barn?" Så svarer straks min venn.
"Gud som har oss barna kjær, se til meg som liten er."
"Sov du trygt, mitt lille lam, jeg har deg i min favn."
Tinge-linge-linge-ling, skynd deg nå og ring!
Ring på bønnens telefon til himmelens stasjon.


Og her er nynorskversjonen, som eg aldri før har høyrt eller sett:

Ein liten telefon eg har, ein bøne-telefon.
I samband set han denne jord med Himmelheim stasjon.
Og når eg ringjer venen min, han svarar til kvar tid
med vensam røyst: "Hallo, hallo, ja, lina ho er fri!"
Tinge-linge-linge-ling, skund deg no og ring!
Ring i bøne-telefon til Himmelheim stasjon!

Om kvelden vil eg gjerne fram til Himmelheim stasjon.
"Kva vil du no, mitt vesle lam?" So svarar straks Guds son.
"Du Gud, som har oss småborn kjær, sjå ned til meg som liten er!"
"Ja, sov du trygt ei natt i senn til dagen atter renn!"
Tinge-linge-linge-ling, skund deg no og ring!
Ring i bøne-telefon til Himmelheim stasjon!"


Det er godt at denne linja alltid er open. "Vejen oppad er fri", står det i ein annan song. Og denne linja er like gratis som Skype!

Med songen som kom i postkassa i dag følgde også ei utfordring: "Ser for meg at du omset den til japansk!?" Tja, kanskje eg skulle prøve det? Den tanken hadde eg faktisk ikkje tenkt før...

Iallfall takk, Norunn!

Saturday, October 16, 2010

"Dette er ikkje dykkar strid, men Guds."

Desse orda frå 2. Krøn. 20, 15 har blitt til oppmuntring for meg sjølv etter først å ha studert teksten ilag med ungdommane i går kveld.
Bible Club samla 8 deltakarar denne fredagskvelden.


Hiroki hadde meldt seg til å lage dagens middag, ein japansk variant av vietnamesisk mat laga av kinesiske nudlar.


Og alle fekk lage sine eigne vårrullar, som vi duppa i chillisaus.


Hovudmenyen er alltid frå Bibelen. Forteljinga om kong Josjafat som søkte Herren i si nød og fekk sjå korleis Gud greip inn, såg ut til å engasjere.

"Vår Gud, vil du ikkje halda dom over dei? For vi har ikkje makt nok til å stå mot denne store hæren som kjem imot oss. Vi veit ikkje kva vi skal gjera; men augo våre er vende mot deg." Slik bad kongen i si nød.



Gjennom levitten Jahasael kom svaret ifrå Herren: "Lyd etter, alle judearar og de som bur i Jerusalem, og du kong Josjafat! Så seier Herren til dykk: Ottast ikkje og ver ikkje redde for denne store hæren; for dette er ikkje dykkar strid, men Guds."

Den kinesiske studenten Wei (t.h.) var på Bible Club for første gong. Eg har fått lov til å sitere kva ho skreiv i loggboka etter bibelstudiet:
"Dette er første gong eg lærer noko slikt. Og eg har heller aldri bedt om hjelp frå Herren Gud. Frå no av kan det vere ein god måte å be til Gud når eg møter problem."
Ho seier ho har lyst til å komme på Bible Club når ho har anledning. Vi skal forresten også treffast i morgon kveld, så kanskje vi får ein sjanse til å snakke meir om Bibelen.


Ryoko og Akiko øver på den engelske bibelteksten.
Seinare på kvelden tilbaud dei seg å hjelpe meg med oppvasken.
Medan vi står ved oppvaskbenken, seier Akiko (til høgre i biletet) at det er noko ho gjerne vil snakke med meg om. Ho har gitt meg lov til å skrive om det for at mange kan vere med og be for henne.
Medan ho var her, hadde ho fått telefon frå søstra si, og ho hadde sagt ho var hos misjonæren.
- Har du ikkje slutta med kristendommen enno? hadde søstra sagt ganske kvasst. Foreldra er også veldig imot at Akiko har bestemt seg for å vere ein kristen. Og så spør Akiko meg om råd kva ho skal gjere.
Som utlending er det ikkje lett for meg å setje meg inn i hennar situasjon, men eg sa at ho kan prøve å vise foreldra sine at ho ikkje vil svikte dei sjølv om ho er ein kristen, og spurde om ho er ofte heime.
- Ja, men når eg kjem heim, tvingar dei meg til å tilbe framfor fedrealteret, sukkar ho, og tårene trillar nedover det elles så smilande ansiktet.
- Men eg tilber ikkje, altså, eg berre gjer det i det ytre, seier ho.

Lat oss hugse på Akiko og be om at ho ikkje gir etter for presset, men at ho kan få sjå og merke at dette er Herrens strid og ikkje hennar eigen.


Etter oppvasken var det tid til litt Uno.

Eg synest det er kjekt at ungdommane ser ut til å trivast i leilegheita mi.

I dag ettermiddag fekk eg ei melding på mobiltelefonen frå Nadine, veninna mi frå Jamaica, som også var på Bible Club i går. Overskrifta var "Det er Herrens strid":
" Når du kjenner deg mismodig i arbeidet her i Japan, ønskjer Herren å minne deg om at striden er hans, ikkje din. Du skal berre stå og sjå korleis Herren frelser deg! Eg ber for deg!"

Takk, Nadine!

I ettermiddag har eg endeleg fått byrja litt på jobben som redaktør for den nye nlm.no si Japanside. Alt er nytt, og det ser ut til å vere mykje å setje seg inn i. Men no er iallfall lista over misjonærar oppdatert, med e-postadresser, telefonnummer og postadresser. Så inga unnskyldning for ikkje å sende julebrev! Vi tek gjerne imot helsingar før den tid, også.

Tuesday, October 12, 2010

Oktober - med eller utan gud?

Eg fekk ein mail ifrå Shimane Information Center i dag, som minte meg om at det er oktober, sjølv om det har vore ganske sommarleg i dag. 1. oktober er eigentleg dagen for å skifte til vinterklede, står det. Eg går framleis i sandalar sjølv om eg har sett fleire japanske jenter gå rundt i høge støvlettar. Til og med i sanddynene, der vi gjekk berrføtt, var det andre som stoltra seg fram på høghæla støvlettar.

Men det var ikkje dette som gjorde mest inntrykk i dag. Det var heller det som står om månaden utan gudar. I følgje den gamle japanske kalendaren var den tiande månaden kalla "månaden utan gudar", bortsett ifrå området heromkring, der oktober vart kalla "månaden med gudar". Ein trudde då at alle gudar i heile landet reiste til Izumo Taisha, det store shintotemplet i Izumo, vel fire mil vest for Matsue.


Izumo Taisha
(Foto: http://en.wikipedia.org/wiki/Izumo-taisha)

Her er innhaldet i e-posten:
Hello!- from SIC
[October in Japan] Kannazuki is a traditional name for the tenth month in the traditional Japanese calendar. The name can be translated literally as “the month when there are no gods.” In Shinto tradition it was said that the eight million gods of Japan left their shrines and congregated annually at Izumo Taisha. There the month was known as Kamiarizuki, “the month when the gods are present”.
・People enjoy going out to do activities, sports festival, walking rally, fruits picking, joining regional festival in this month.
・In Japan, October 1st is the day to change clothes for winter, even still hot like in recent days.

[Japanese proverb] “Suteru Kami areba Hirou Kami ari”= When one god deserts you, another will pick you up. It means “take it easy”.
We have the eight million gods around this area now, you may get treasure.



I Izumo har dei kvart år ein stor festival. Til høgre på flagget står det ovanfrå og ned: 神在月出雲 Kamiarizuki Izumo (Månaden med gudar, Izumo).
Kanskje nokon dreg kjensel på dette motivet? Det er godt mogleg, for eg tok dette biletet i 2007. Når eg skal til Izumo 24. oktober, skal eg sjekke om det er samme flagga dei bruker også i år.

La du merke til det japanske ordtaket? “Suteru Kami areba Hirou Kami ari”= When one god deserts you, another will pick you up.
"Når éin gud forlet deg, vil ein annan gud plukke deg opp." Det skulle vere sagt til trøyst.

Dette vart ein veldig kontrast til teksten vi hadde på Bible Class og Bible Club sist fredag, og som eg gjekk gjennom ilag med ein student i ettermiddag, også. Gud seier til Josva: "Eg vil ikkje sleppa deg og ikkje forlata deg." Josva 1,5
"I will never leave you nor forsake you".
「わたしはあなたを見放さず、あなたを見捨てない。」ジョシュア1:5

Det er ein himmelvid skilnad på dei to uttrykka 神在月og 神無月, sjølv om det første og siste teiknet i begge orda er heilt identiske.
神 = gud/gudar
月 = månad
Det er teiknet i midten som utgjer den store skilnaden:
在 = å vere/eksistere
無 = ikkje/utan

Kor priviligert eg er som skal få lov til å fortelje japanarane at den treeinige Gud, som kallar seg sjølv "EG ER", har sagt Han alltid vere der. Og Han er den einaste, sanne Gud. Han som var og som er og som kjem. Og Han som har sagt: "Og sjå, eg er med dykk ALLE DAGAR, så lenge verda står". Matt. 28,20

Monday, October 11, 2010

Gjensyn med Arashima

I går hadde eg mi første søndagspreike denne hausten. Pastor Okazaki i Arashima ønska å ha preikefri denne søndagen fordi han og resten av kyrkjelyden trengde tid til å førebu basaren. Det har pågått kakebaking i stor stil siste dagane.


Etter gudstenesta fekk vi ein enkel lunsj før kyrkjerommet vart omgjort til basarlokale. Det var kjekt å treffe igjen både store og små. Eg merka godt på borna at eg har vore borte i over eit år. Arashima kyrkje er ei fin forsamling med mange born. Ein familie ventar no nummer fem. Her kan ein snakke om naturleg kyrkjevekst!


Det var borna sin jobb å vaske golvet. Denne guten skal snart bli storebror.

Frå Jehovas vitne til Jesu vitne
Sidan sist eg var i Arashima, har dei fått ein ny vaksen medlem. Ein ung mann braut med Jehovas vitne og vart døypt her i juni i år, etter å ha gått i kyrkja sidan februar.

Det var interessant å snakke med denne mannen. Både mora og kona er framleis aktive i Jehovas vitne, men faren har byrja å gå i den lutherske kyrkja vår i Izumo.
Etter at han vart ein kristen, har han blitt utstøytt ifrå Jehovas Vitne, men han er glad han framleis har eit godt forhold til familien.

- Eg opplevde at det var mange ting som ikkje stemde i Jehovas Vitne si lære. På internett fann eg fleire diskusjonsforum, og det var også på internett eg fann fram til denne kyrkja, fortel han.

- Eg er glad i den lutherske læra om at vi er frelst av nåde. I Jehovas vitne må ein gjere mykje for å bli frelst, som til dømes å gå på husbesøk. Der er ikkje noko evangelium i læra deira, meiner han.

I dag på basaren var han med og hjelpte til, og det såg ut som om han gjorde det med stor glede. Han tok mange bilete som han ville vise til kona si når han kom heim. Hans største ønskje no er å få kunne feire gudsteneste ilag med henne.

Basar
I dag er det offentleg fridag til minne om første OL som vart arrangert i Tokyo i 1964. Japanarane ser ut til å vere glade i slike fridagar, sjølv om trafikken hopar seg opp på motorvegane i slutten av langhelga.

Tradisjonen tru har Arashima kyrkje invitert bygdefolket til basar den 10. oktober, men etter at sportsdagen er blitt flytta frå den faste datoen til 2. måndag i oktober, kan datoen variere.


Velkommen til basar!


Idag er terskelen lav for å kome inn i kyrkja, og inngangsdøra er til og med fjerna. Matteltet er sett opp i høve dagen.


I god tid før klokka 10 var det kø framfor kyrkja. Kakene er populære og går oftast fort unna. Japansk basar er ikkje som norsk basar med utlodning og trekning, men her er det sal av varer som kaker og handarbeid, og mange kjem også for å kjøpe seg lunsj.


Klokka er blitt 10, og Okazaki ønskjer gjestane velkomne.


For dei minste var fisking av store "froskeegg-perler" ein ny og spennande aktivitet.


Ingen har det så travelt at ein ikkje har tid til å prate med gjestane.


Etter opprydninga tek dugnadsgjengen ein pust i "bakken". Det foreløpige resultatet på omlag 300.000 yen (ca 21.000 kroner) blir kunngjort, og leiaren i basarkomiteen ber ei takkebøn.


I dagane som kjem, får kanskje familien Okazaki litt meir privatliv enn dei har hatt siste veka. Dei bur nemleg i kyrkja, som dei fleste andre prestefamiliar her.