Saturday, October 9, 2010

Møteplassar

Denne veka har eg møtt folk i fleire samanhengar. Johanna hadde ferie på språkskulen og vart over til tysdag, og då gjekk vi opp på universitetet og hadde lunsj ilag med nokre studentar. Eg hadde kontakta nokre på førehand, og Ryoko hadde med seg ei veninne, Akiko, som eg berre hadde høyrt om før. Og i går hadde Akiko med seg anna veninne på Bible Club.

I går hadde eg først engelsk bibelklasse i kyrkja her i Matsue på føremiddagen.

Det var kjekt å treffe att både japansklæraren min og dei unge mødrene. Ein ny baby var også blitt født sidan sist.

Bible Club

Desse to jentene var på Bible Club for første gong. Til venstre ser vi Akiko, som eg traff på lunsjen på tysdag. Ho har med seg veninna Ayumi. Begge var i Florida på eit kristent homestay-program i vårferien i mars og budde hos kristne familiar. For Akiko vart dette eit vendepunkt. Då ho kom heim, byrja ho å vere med i den kristne studentgruppa ved universitetet, og byrja på privat bibelstudium med engelsklærararen sin Carmella. Ho og mannen har også tatt henne med i kyrkja der dei går. Og no i slutten av september tok Akiko imot Jesus som sin Frelsar og Herre. Ho har skrive ope om det til alle vennene sine på Facebook. Men foreldra liker absolutt ikkje at ho har valt å bli ein kristen. Difor får ho ikkje lov til å bli døypt så lenge dei forsørgjer henne.


Og så traff eg igjen Asuka! Ho var ei av tre studentar som besøkte meg på Stranda og Sjøholt i starten av mars. Turen til Norge gjorde at ho vart interessert i kristendommen. Det verka som om ho har lyst til å lære meir ifrå Bibelen. Kanskje eg skal prøve å få henne med i kyrkja snart, også? Ho har vore på gudsteneste i Norge, men aldri i Japan.


I går hadde vi tekst ifrå GT, om då Herren kalla Josva til å bli den nye leiaren etter Moses. "Har eg ikkje bode deg: Ver frimodig og sterk! Reddast ikkje, og lat deg ikkje skremma! For Herren din Gud er med deg i alt det du tek deg føre." Det seier Gud også til oss når vi kjenner oss små og redde overfor store oppgåver.

I morgon har eg forresten to oppgåver som eg synest er altfor store for meg. Først skal eg preike på gudstenesta i Arashima, og så skal eg øve med "Halleluja-koret". Skal eg få rekne med at orda som vart gitt til Josva den gongen, også får gjelde for meg?


Halvparten av desse blide ungdommane var hos meg på Bible Club for første gong. Fleire kjende ikkje kvarandre frå før, men då dei gjekk i 23-tida, verka det som om dei hadde kjent kvarandre lenger enn i 4 1/2 time... Eg er glad for at leilegheita mi kan vere ein møteplass der ungdommar kan få nye venner, men først og fremst ønskjer eg det skal verte ein plass der dei får eit møte med Josva sin Gud.

Då trur eg at eg må øve litt meir på Hallelujakoret og lese gjennom preika eit par gonger.
God søndag!

No comments:

Post a Comment