Saturday, October 23, 2010

Laurdagskveld

Eg er trøytt etter ein sein kveld i går og ein ganske hard jobbedag i dag, og i morgon må eg tidleg opp for å rekke søndagsskulen i Izumo kl 9. Søndagsskuleandakta, orgelnotane og bibelstudieopplegget for engelskklassa er pakka i veskene, og søndagsblusen er nystroken. Men litt må eg få dele før eg slår av datamaskina, tek oppvasken og kjem meg i seng.

Først nokre glimt frå Bible Club i går:

Taco på menyen. Scott viser korleis det skal etast.


Ikkje så lett for nybyrjarar.


Kinesiske Wei likte både maten og bibelstudiet. "Det er første gong eg har lese om Jesu fødsel. Sidan eg fekk rolla som Maria, tenkjer eg meir på korleis ho måtte oppleve det då ho fekk vite at ho skulle bli gravid," skriv ho i loggboka.

Det er litt tidleg å starte på juletekstane, men denne leksjonen var ein av fleire i studieboka med tittelen "Don't be Afraid" ("Ver ikkje redd"). Fleire av deltakarane møtte juletekstar for første gong. Ein av dei var koreanske Bak som kom til Japan for nokre veker sidan og som var her for første gong, introdusert av engelsklæraren sin, Carmella.


Her er vi, fotografert av Scott Menking. Frå venstre: Carmella Lieske, Bak Seong-mo, Ryoko Fujimoto, Tomohito Tanihara, eg og Wei Wang. Seks personar, - fem nasjonalitetar.


Nytt frå i haust er at ungdommane sjølve tilbyr seg å ta oppvasken. Og så blir det tid til litt felles speletid for dei som blir igjen til slutt:


Det er mange år sidan sist eg spela Yatzy, og eg hadde til og med gløymt nokre reglar. "Hus" er 2+3 like, stemmer ikkje det? Og når ein spelar med ubunden rekkefølgje, kan ein då velje fritt, eller må ein først bli ferdig med det som er over bonusstreken før ein går vidare?

I dag var det første øving i Youth Gospel Club, som vi har kalla gospelkoret. Fleire som hadde sagt dei ville kome, kunne ikkje likevel, men så kom det to som ikkje hadde sagt dei kom. Ein forsiktig start, men vi satsar på at fleire blir med etter kvart.


Ei prestefrue, ei ungdomsskulejente, ein universitetsstudent og ein vaksen student.
I dag var det songen "Shout to the Lord" som vi brukte mest tid på. Med litt terping kom også den engelske teksten på plass, etter først å ha øvd på japansk.
For meg er det nesten unaturleg å syngje denne songen på norsk, sidan det er i Japan eg har lært han. Men her er altså den norske versjonen, på klingande nynorsk, omsett av Hans Johan Sagrusten:

Min Jesus, min Frelsar, ingen er slik som du!
Ja, eg vi gje ære til deg for underet: Du elskar meg!
Du vernar, du trøystar, du er mitt berg og mi borg!
Kvar dag eg får, hjartet som slår,
eg vil alltid lova deg!

Syng for vår Gud, heile jorda, syng med!
Fjella skal tilbe og falla på kne!
Havet skal brusa og bølgjer slå,
når dei lovar ditt namn!
Alt har du skapt ifrå æveleg tid,
ja, deg vil eg elska, hjå deg vil eg bli.
Alt har du lova meg, alt har eg fått i deg.


Ein flott lovsong som bør syngjast på mange språk!
SHOUT TO THE LORD ALL THE EARTH, LET US SING!

No comments:

Post a Comment