Tuesday, July 26, 2011

Avskjed før sommarferien


Sist fredag tok vi farvel med desse tre søte kinesiske jentene på Bible Club. Dei blir nokre veker til i Japan, men sidan eg reiser på ferie, var det siste Bible Club der vi var samla. Ei jente frå Mongolia stilte sporty opp og laga middag til 17 personar. Ein av dei påmelde vart dessverre hindra frå å kome, men likevel var det ganske trangt rundt borda.
At det var folksomt, kan du høyre på videoen nedanfor. Sofagruppa hadde mellom anna eit minikurs i kinesisk intonasjon:



Og her er ei av dei andre gruppene.
På bibelstudiet etterpå var vi tilsaman 19 personar, så vi delte oss i tre grupper for å snakke om teksten. Det vart mange gode samtalar om Pilatus, Barabbas og Jesus.


Også for Nanaka, som bur under meg, var det siste Bible Club, sidan faren er blitt overflytta til Okayama. Her lærer ho Carmella å brette origami.

Du kan sjå fleire bilete frå denne fredagskvelden her:
Facebook Album

Det var siste Bible Club for dei kinesiske jentene, men Chiku vart også med i kyrkja. To andre jenter vart også med, Ninjin frå Mongolia og ei kinesisk jente eg traff for første gong på søndag.


Dei vart først med på tenåringsgruppa Circle J før gudstenesta. Megumi (t.v.) var glad for å treffe ungdommar frå andre land, og her presenterer ho seg på kinesisk.


Det er ikkje ofte eg får studentar med meg i kyrkja, så dette var ein stor dag. Og forhåpentleg ei oppleving for dei, også.


Det var ganske internasjonalt denne dagen.


Seinare på ettermiddagen hadde vi sommarfestival for ungdommane i kyrkja. Tomomi (t.v.) hadde fått med seg ei veninne.


Grilling er visst mannfolkjobb.


Grillinga føregjekk på parkeringsplassen framfor kyrkja.
Etter grillinga samlast vi inne, der presten hadde andakt og oppmoda dei barnedøypte til å bli konfirmerte. Her er det dei sjølve som bestemmer om og når dei vil bli konfirmerte.
- I kyrkja vil vi så gjerne feire at du vart født på nytt i dåpen! sa han fleire gonger. Så håper eg det kan bli fest i kyrkja snart.


Det er mykje godt å ete i Japan, men no gler eg meg litt til å smake norsk mat, igjen. I ettermiddag set eg meg på bussen til Osaka, og i morgon lettar flyet frå Kansai Airport. Etter bortimot ei veke på Sørlandet blir eg å treffe på Sunnmøre ifrå 4. august. Håper vi snakkast!

Medan eg er i Norge, kan du nå meg på min gamle mobiltelefon, 90404124. Og har nokon ein bil til låns, blir eg endå meir mobil...

God sommar!

Tuesday, July 12, 2011

Lefser i juli


Lefser - det høyrer til jula, tenkte eg. Men i dag serverte fru Ikeda heimelaga lefser midt på sommaren. Etter at styremøtet ved Hiruzen Bible Camp var slutt, fekk vi smake på baksten som Herborg og Tore Jåtun hadde baka før dei reiste heimatt til Norge.


Det smakte fortreffeleg!


Formann i HBC-styret Ohashi (t.v.) og sekretær Kajinishi likte også lefsene godt.

(Foto: Katsuhiro Igi)
Johanna frå Finland fekk også smake norske lefser.

Mange takk til Herborg og Tore!
(Foto: Katsuhiro Igi)
Den dagen dei var på Hiruzen og baka, feira dei faktisk 45 års bryllupsdag! Gratulerer!

Nedanfor kan du sjå prosessen i lefsebakinga på sjølvaste bryllupsdagen 11. juni:
HBC blogg


Idag fekk eg også ei anna overrasking, men det var bestilt. Ei kasse med 5 kinesiske biblar og eit NT på mongolsk vart levert på døra mi. Takk til Roald Lidal og New Life Ministries!

Saturday, July 9, 2011

4 månader etter



Om to dagar er det nøyaktig 4 månader sidan 11. mars. Framleis er det mykje ugjort i opprydningsarbeidet. Denne bussen har stått på taket her sidan den store bølgja løfta han dit.
Sterke synsinntrykk ifrå mellom anna byen Kesennuma er vanskeleg å gløyme. Litt fekk eg også festa til kameraet, mellom anna eit par videosnuttar nedanfor, som talar utan ord.





Opp i alt dette, kva kan eit lite menneske gjere på eit par dagar? Vi fekk rydde eit hus, ved å tømme andre etasjen og moke gjørme ifrå under golvet i første etasje.




Eg fekk jobben med å trille dei tunge sekkane med gjørme rundt hjørnet og bort i vegkanten på ei anna gate. Godt eg har litt erfaring med trillebåretrilling ifrå gardsarbeid heime. Eg trur faktisk eg hadde betre balanse på trillebåra enn ein viss prest eg jobba ilag med.

Som eg nemnde i ein tidlegare blogg, var det møtet med den tomme barneskulen og alteret utanfor som gjorde sterkast inntrykk.

Dei faktiske tala skal visst vere 74 omkomne av i alt 108 elevar.


Mange plassar kan vi finne slike flagg med ei oppmuntring om ikkje å gi opp. Japanarane er eit "stå-på"-folk, men det finst vel grenser for kor mykje dei kan tole, også. Kva kan gi dei håp for framtida? Måtte evangeliet nå inn til det japanske folket med håp og kraft til livet her, og eit levande håp for evigheita! Dei har iallfall opplevd til dei grader at dette jordiske ikkje skal vare for alltid...

På linken under kan du sjå kva vi gjorde eller opplevde frå dag til dag, med litt teksting på engelsk:
Facebook Album Lutheran Volunteers

Thursday, July 7, 2011

Siste kveld i Sendai

Nybada og mett av medbrakt mat sit eg paa eit hotellrom ved Sendai stasjon. Mannfolka i teamet,dvs fire WJELC-prestar, sette seg i bilen for aa overnatte i Niigata paa veg til Kobe, medan dei let oss tre jentene bu paa hotell her og ta Shinkansen i morgon tidleg. Vel, 8.30 fraa hotellet er ikkje tidleg naar vi har starta kl 6 eller 6.30 andre dagar. Vi har brukt mykje tid i bil, mellom byane her. I rushtida tok det baade 2 og 3 timar berre eine vegen.

Eg er full av inntrykk. Det sterkaste var idag daa vi var innom ein tom barneskule. Berre murveggane stod att, med gapande hol der vindauga hadde vore, og nokre skeive pultar i eit klasserom. Omlag 70 av dei 90 elevane vart tatt av tsunamien... Rett bak skulen var der eit lite fjell. Dei hadde visst vurdert aa springe opp i fjellet, men saa langt kom dei ikkje. Hjelpa var saa naer, men likevel gjekk det gale. Tragisk.

Eg har mykje meir aa formidle, men det faar bli til eg er komen heim og har roa meg litt. No ville eg berre gi eit lite livsteikn og takke deg som har bedt, og saa fekk eg teste noko nytt som Igi viste meg idag, nemleg aa sende mail fraa mobilen til bloggen min. Haaper det funkar!

Saturday, July 2, 2011

Sendai, - høyrest det kjent ut?


Eg har meldt meg på eit team som skal opp til Sendai neste veke for å hjelpe i opprydningsarbeidet etter jordskjelvet og tsunamien. Det er framleis rikeleg arbeid i lang tid framover. Eg berre angrar på at eg ikkje melde meg tidlegare, medan det var forholdsvis bra temperatur. No er det rundt 30 grader der oppe også, og vi må jobbe med langerma og langbukser, og støvlar (eg bruker fjellskoa mine) med ekstra solar for ikkje å få spikar under foten, pluss tjukke gummihanskar, maske og hjelm eller caps. Får nesten pustebesvær berre ved tanken...


Eg reiser oppover måndag 4., skal jobbe 5. og 6., på synfaring til det verste området den 7. og reiser heim fredag 8. Er takknemlig for forbøn! Vi skal overnatte i Sendai Lutherske kyrkje, men det er to timar å køyre til dit vi skal jobbe, så avreise kl 6 kvar morgon...

Kjenner meg ikkje høg i hatten, men samtidig godt endeleg å få gjere noko konkret. Hadde dårleg samvit også etter skjelvet i Kobe-området, fordi eg ikkje hjelpte til, men berre tenkte på meg sjølv. Og denne gongen er behovet endå større. Eg høyrde to prestar som understreka behovet i talar sist søndag, og eg fekk vite at to jenter også skal oppover no, så då tenkte eg at kanskje eg også kan gjere litt nytte for meg...

Så eg tenkte: Er det framleis plass i bilen, tek eg det som eit teikn på at eg skal vere med. Søndag kveld sende eg mail til pastor Kawa, som er leiar for teamet, og etter at han ringde måndag morgon, har det gått slag i slag.
Forsikring er ordna, og eg har kjøpt hjelm, vernebriller, maske og arbeidshanskar. Påkledninga vart prøvd ut i går.

No håper og ber vi berre om brukbart arbeidsvêr. Blir det for mykje regn, er det vanskeleg å jobbe. Be også om krefter, både fysisk og psykisk. Det vil nok bli ei påkjenning berre det å vere der og sjå...

Til slutt vil eg dele med dykk litt ifrå Bible Club igår. Her er ein video ifrå teksten om den rike unge mannen som kom til Jesus. Han gjekk dessverre like fattig heim igjen som då han kom.


I slutten av albumet nedanfor kan du sjå fleire bilete frå samlinga i går kveld:
Bible Club Fotoalbum

Ny misjonær til Hong Kong

Les om Maki Ikegami her:
www.nlm.no