Wednesday, August 31, 2011

Møte med kristne har gjort inntrykk


Det er sommarferie ved universitetet, og undervisninga startar ikkje oppatt før i oktober. Likevel er ein del av studentane i Matsue, og dei har til og med betre tid enn elles. Bible Club starta oppatt første fredag etter at eg var tilbake frå ferie, og på biletet ser du oss som var samla.
Denne veka reiser to av utanlandsstudentane heimatt, så det blir få igjen, men eg håper å få kontakt med nye etter kvart.

I heile september skal Japan vere i fokus for NLM. I den samanheng har eg intervjua fire av Bible Club-studentane om kva dei tenkjer om kristendommen og kristne.

Les intervjuet på lenkja under:
Intervju med fire ungdommar

Meir stoff frå Japan vil du finne på www.nlm.no gjennom heile september.

Monday, August 22, 2011

Med NSB til Japan


Det har vore lite aktivitet på bloggen min siste månaden. No sit eg på toget og nærmar meg Oslo. Det er fint å reise med tog, ikkje minst når eg har både straumuttak til PCen og mobilt breidband. Det er nesten så eg gløymer å sjå på den flotte naturen utanfor vindauga.
Eg har hatt nokre gode veker i Norge, sjølv om eg av og til har sakna litt av varmen vi har i Japan. Men idag skin sola her, også.
Takk til alle eg fekk møte i løpet av desse vekene. Og til dykk som ikkje fekk besøk: Vi får prøve å ta det igjen neste år.
Takk fordi du vil vere med i misjonsarbeidet i Japan.

Ferien i bilete kan du sjå på lenkja under:
Facebook Album Sommarferie i Norge

I morgon tidleg reiser eg frå Gardermoen, og onsdag morgon den 24.8 er eg etter planen tilbake til Japan, medan folk i Norge framleis ligg og søv.

Så er det påatt igjen, med Bible Club fredag, gospeløving laurdag og gudsteneste søndag. Halve kofferten er fyllt opp med brunost, sjokolade og andre gåver. Men den største gåva eg har å gi japanarane, er bodskapen om frelse ved Jesus Kristus.