Saturday, August 30, 2014

Godt å få gjere noko ein kan

Takk for alle tilbakemeldingar og oppmuntringar eg har fått på Facebook etter at eg la ut nokre ærlege ytringar på bloggen i går kveld. Men no må de ikkje tru at eg går og sutrar heile tida, for eg har gode dagar, også, innimellom.

Eg er klar over mange av mine svake sider, og eg har nok lett for å fokusere mest på det eg ikkje får til slik eg vil. Det å ta kontakt med nye menneske og det å småprate med folk, er noko eg synest er vanskeleg også i norsk samanheng, så det blir ikkje særleg lettare på eit anna språk.

Då liker eg betre klare og definerte oppgåver. Idag hadde vi gospeløving i kyrkja. I tillegg til oss fire på biletet, var også to andre kyrkjemedlemmer innom. To av dei på biletet høyrer til andre (ikkje-lutherske) kyrkjer i området, men stiller opp på gospeløving og internasjonal gudsteneste. Ho med fløyta er også hjelpeleiar i Bible Club.

Er det noko eg trivst med, så er det å samle folk rundt pianoet og undervise i noko eg kan. Sjølv om ordforrådet ikkje strekk til alltid, er iallfall notane eit felles språk. Vel, det er kanskje også å ta i litt for sterkt, for nokre les ikkje notenamn som C-D-E-F osv, men som do-re-mi-fa osv. Og DO-RE-MI bruker dei på samme tonane uansett toneart, og det gjer meg forvirra. For meg er Do grunntonen, altså C i C-dur og A i A-dur, men her i landet er visst Do alltid tonen over nøkkelholet på pianoet.

"Å vere misjonær er å gjere ting ein ikkje kan", er det blitt sagt. Det kjennest nokså sant , men så godt det er dei gongene eg kjenner at eg også kan gjere noko eg KAN. Det styrkjer både sjølvtilliten og trivselen.
I tillegg har vi hatt godt vêr idag, med kjøligare og tørrare luft enn det har vore på fleire månader, og det er behageleg å vere både ute og inne. Sykkelturen til og frå kyrkja verka nok også positivt på humøret.

I morgon er det øving med felleskoret igjen, før vi skal synge på eit fellesmøte den 7. september. Deretter startar øvinga til julekonserten for fullt.

På Facebook har eg også fått med meg at barnegruppa i Arashima kyrkje har baka kake idag, til "velkommen tilbake"-kyrkjekaffi i morgon. Frå 2006-2009 var Arashima den kyrkja eg gjekk mest i, og etter den tid også har eg vore der fleire gonger på taleoppdrag, og med studentar på ungdomsgudsteneste. I frå i haust skal eg samarbeide med presten der, og vere med på gudstenesta der to-tre gonger i månaden. Eg har allereie avtale med ei ikkje-kristen jente som vil vere med meg neste søndag.

Eg skal love at det blir ikkje bloggskriving kvar dag framover, men idag hadde eg berre lyst til å seie at eg også har dagar der eg ser litt lysare på livet :)

Ønskjer alle blogglesarar ein god søndag!




Friday, August 29, 2014

Om å ta imot seg sjølv med nåde

Du synest kanskje dette var ei rar overskrift på eit blogginnlegg. Eg skulle skrive om leiren eg har vore på. Og det blir truleg veldig subjektivt, og kjenner eg meg sjølv rett, kan det bli ganske negativt.

Leiren i seg sjølv var veldig god. Sentral og evangelisk forkynning, og mange fine ungdommar som vil følgje Jesus. Ingenting å klage over når det gjeld opplegget, heller. Problemet var vel heller min eigen motivasjon, eller mangel på den slags.

Eg melde meg på studentleiren fordi eg ville prøve å få med studentar ifrå Bible Club, men eg fekk ingen med, bortsett frå ei jente som studerer i ein annan by. Men ho hadde reist uansett om eg hadde stilt opp med bil eller ikkje. Så i utgangspunktet følte eg meg litt mislukka fordi eg ikkje hadde fått med meg nokon.

Eg hadde heller ingen spesielle oppgåver på leiren utanom å vere blant ungdommane, og spesielt ta meg av jentene, sidan eg var einaste kvinnelege vaksenperson. (Kona til lagssekretæren var også med, men ho hadde fullt opp med to små barn). Men kva gjer eg for at jentene skal snakke med meg om det dei strevar med? Sjølvsagt burde eg ta initiativ til kontakt, men det var eg ikkje i humør til. Og eg anklaga meg sjølv fordi eg ikkje klarte det, men heller trekte meg tilbake på rommet mitt så snart eg hadde muligheit. Noko som gjorde at eg følte meg enno meir mislukka og trekte meg enno meir tilbake. Og kven vågar vel å banke på døra til misjonæren då?
Eg fann ut at noko av det luraste eg hadde med på leir, var ei boks med papirlommetørkle. Det var iallfall greitt å få grine utan at andre såg meg...
Eg følte meg malplassert og mislukka. "Gud, send meg heimatt til Norge!" Det var vel litt dramatisk å be slik, men det var slik eg opplevde det akkurat der og då.

Vi hadde opptil to gruppemøte kvar dag, og det var vel med dei i gruppa eg fekk best kontakt. Eg prøvde å vere ærleg om korleis eg hadde det. Men om det var til noko trøyst eller oppmuntring for nokon, det tvilar eg på...

På bibeltimane fekk vi klar forkynning om at vi ikkje kan gjere noko for å frelse oss sjølve, men at vi er avhengige av Jesus og det han har gjort på korset. Og at Gud tek imot oss med ein ubetinga kjærleik. Likevel er det visst så vanskeleg å vere like nådig mot meg sjølv som Gud er mot meg.
Når det gjeld frelsa, er eg sjølvsagt einig, men eg er no eigentleg på jobb, og skal vere her for studentane. Og Laget dekte opphaldet for meg, og leirkomiteformannen lovde også å gi meg reisepengar (noko som han sikkert gløymde...). Men har eg gjort meg fortent til det, når eg ikkje har gjort nokon jobb?

Det var godt å komme heimatt litt før kl 18 og vite at eg hadde avlyst Bible Club. Tenk å få ha ein heil fredagskveld for meg sjølv. Det er luksus, eller? Kanskje eg kan ta fri med godt samvit av og til, også?
Tidlegare i sommar grunda eg litt på ei strofe frå ein salme, som dukka opp i tankane no i ettermiddag:
"ta imot deg selv med nåde" - er det det eg treng? Å vise samme nåde mot meg sjølv som Gud viser meg? Set eg for store krav til meg sjølv?

Her er songstrofa i sin samanheng:

"Vil du trosse angst og uro,
vil du følge meg,
ta imot deg selv med nåde
på en ukjent vei,
la de ord som jeg har sagt,
folde ut sin skapermakt
tross din tvil og selvforakt?
For jeg vil bli hos deg."

(Norsk Salmebok 2013 nr 434: "Det er navnet ditt jeg roper")


Her vart det mykje ord og lite bilete. Oftast skriv eg blogg utifrå bileta, men eg har liksom ikkje nokon bilete til å illustrere innhaldet, heller.
Eg som vanlegvis liker å ta bilete, var heller ikkje inspirert til det, men nokre få glimt er det blitt.

Lovsong

Lovsongsteamet

Klare for bibeltime
Kveldsmøte
Leirbål 
Sjølvsagt skiftar vi til tøfler inne. Greitt å vite forskjellen på høgre og venstre sko, også.
Utsikt ifrå leirplassen vi var på. Her flagga dei på halv stong, truleg for å minnast alle dei som omkom i jordras forrige veke. Då leiren byrja, var det funne vel 50 personar, medan over 20 framleis var sakna. På nyheitene i kveld høyrde eg at no var 72 stadfesta omkomne, og to framleis sakna.
Nokre voluntørar overnatta også på senteret der vi var, og på dagtid var dei ute og hjelpte med å rydde i rasområdet. På veg heimover såg vi flokkevis av frivillige som gjekk med spadar. Ifrå vegen kunne vi også sjå kvar rasa var gått.

Dette vart mykje negativt på ein gong, men eg må avslutte med at eg har hatt det bra etter at eg kom heim, og at eg ser litt meir lyst på livet no. Det gjorde godt med ein joggetur i kjølig kveldsluft. Og ein god kveldsmat, med grove rundstykke, kakao og ost, noko eg ikkje har smakt sidan tirsdag morgon..., Avslappande å ete åleine, også, utan å lure på kva eg skal snakke med dei andre om, eller om eg i det heile tatt skal gidde å prøve å innleie ein samtale. Enklast å la vere...

I natt skal det visst bli ned i 19 grader. Er det snart slutt på sommaren, eller?

Tuesday, August 26, 2014

Julegavetips: GPS...

Klokka 16 var vi endeleg framme,etter mykje att og fram. Snakk om kreksete vegar! Om det er lokalbefolkninga som ikkje kan gi god forklaring, eller det er vi "utlendingane" fra Shimane som er trege i oppfatninga, skal eg ikkje seie for sikkert, men det er mest truleg ein kombinasjon.

Haruka og eg hadde i utgangspunktet printa ut to litt ulike ruter til Hiroshima, men enda opp med ei tredje som vi fekk forklart av ein vegpatruljemann. Det vart meir motorvegavgift ,men pyttsann, berre vi kjem raskast mulig fram,tenkte eg...

Det gjekk bra heilt til vi kom til Hiroshima by, men der starta forvirringa for fullt.

Skulle hatt gps i bilen, ein slik med ei damestemme som heile tida kan fortelje meg kva tid eg skal svinge. Veit ikkje om det passar inn i den gamle bilen min, men i tilfelle er det vel eit godt julegavetips?

Men no er vi iallfall her. Middag og bading er unnagjort, og snart er det kveldssamling og grupper etter det. Vel 40 studentar er her.

Til mi overrasking er temaordet for leiren Joh 15,5, som eg preika over for to dagar sidan!

No har eg skrive ganske langt utan ord med dei norske bokstavane. Men no maa eg gaa paa moete!

Monday, August 25, 2014

Travel, men innhaldsrik helg

Ein grunn til at det vart litt stressande å bli ferdig med førebuingane til kveldsgudstenesta i går, var at eg prioriterte å bruke meir enn halve laurdagen ilag med studentar frå mange land. Det er faktisk første gong eg har sett føtene i innsjøen her... Hadde det vore i Norge, hadde vi vel bada, også.

Nokre prøvde seg også på ein tur med kajakk eller med svanebåt, men eg såg meg litt redd på bølgjene. Ein kanovelt for omlag 25 år sidan (!) dukka også opp i minnet... Seinare på dagen vart forresten all båtaktivitet avblåst pga store bølgjer.
Denne parken ved Shinji-innsjøen var også ein fin plass for grilling, og det var heller ikkje altfor varmt i skuggen av trea. Det var ikkje så mange av utlendingane eg snakka med, men derimot kom eg i prat med fleire japanarar som var med for å treffe utlendingar. Nokre verka også interesserte i Bible Club. Og eg fekk også prata med ei jente som har kome tidlegare, men som eg ikkje hadde truffe sidan i vinter.
Sjølv om det var ein avslappande dag på mange måtar, var eg ikkje arbeidslysta heilt på topp på laurdag ettermiddag og kveld, men eg vart iallfall ferdig med den japanske omsetjinga av preika. Så fekk eg ta resten av powerpointen søndag ettermiddag, tenkte eg. Og rakk det meste før eg skulle vidare på felleskorøving i pinsekyrkja.

Eg var dårleg førebudd på dirigentjobben denne dagen, men det var likevel artig å vere tilbake i denne rolla. Har lova meg sjølv at eg skal førebu meg betre til neste søndag... Eg kan vel ikkje forvente at kormedlemmene kan synge utan notar dersom eg sjølv ikkje kan det... Biletet er knipsa av Junichi Ishimaru - i eit ubevokta øyeblikk.

Så var det direkte ifrå pinsekyrkja og tilbake til den lutherske kyrkja for å øve med songteamet til den internasjonale kveldsgudstenesta. Ikkje tid til kveldsmat, så eg var glad at lunsjen med restar frå Bible Club fredag heldt bra i magen.
Eg var glad eg hadde spurt Jennifer om å leie gudstenesta denne gongen, og det gjorde ho på ein fin måte, sjølv om det var første gong. Ho er ein kristen engelsklærar som kom til Matsue i april.

Med utgangspunkt i alle dei norske bærsortane eg fråtsa i denne sommaren, talte eg over Joh. 15 om å vere ei grein på Jesus. Eg hadde også gjort eit forsøk på å omsetje til engelsk og japansk nokre vers av salmen "Å fikk jeg kun være den minste kvist". Kor godt det nådde inn, veit eg ikkje, men du som forstår norsk, skal iallfall få det på originalspråket:
 
Å, fikk jeg kun være den minste kvist
på vintreet ditt, Herre Jesus Krist!
Og måtte så aldri vi skilles igjen,
men elske og elskes som venn hos venn!

Vi ranker oss sammen vi vinkvister små,
som brødre og søstre om Jesus å stå.
Å, la ingen visne av våre, o, Gud,
ei brytes av stammen, og ei kastes ut!

Så rens du mitt hjerte med ømmeste tukt,
og bløder enn grenen, den bærer dog frukt.
Du mener det godt med mitt dryppende sår,
du har meg så kjær, og du best det forstår.

Teksten er skriven av Sigvald Skavlan, men at han vaks opp som presteson på Stranda på Sunnmøre, var eg ikkje klar over før eg søkte på denne salmen på internett.


 
Sidan det er ferietid for universitetet, hadde eg ikkje rekna med så mange, kanskje 10-15 på det meste. Og vi vart 14! To personar er ikkje med på biletet, men likevel vart vi ein bra flokk. Og det kjekkaste var at tre av desse på biletet var her for første gong. Den eine er evangelist i ei av dei andre kyrkjene og kom fordi eg inviterte henne under korøvinga tidlegare på dagen. Men dei to andre er ikkje-kristne japanske studentar, som eg berre har vore på Facebook-kontakt med tidlegare. Det var etter at dei hadde vore her på Bible Club 1. august at dei tok kontakt. Eg var då i Norge, og sat og chatta med dei i 17-tida, medan det hos dei var midnatt. Eg nemnde at vi skulle ha internasjonal gudsteneste den 24., og inviterte dei også då eg laga innbyding på Facebook. Eg vart skamfull over å ha gløymt at eg hadde invitert dei... Eg var også imponert over at dei hadde gått heile vegen ifrå universitetet til kyrkja, ein avstand på nærare 3 kilometer.

Det er dei to jentene til venstre eg skriv om ovanfor. Ho nummer tre er ei kristen jente frå vår kyrkje som studerer ved eit universitet lenger vest i fylket. Akkurat no er ho heime på sommarferie. I morgon skal ho vere med meg på studentleir (KGK) til Hiroshima. Eg hadde håpa på å få med meg nokre av Bible Club-studentane mine, men det er mange ting som skal passe. Dei studentane som er i byen, har det travelt også i ferien, og andre reiser heim.
Men Haruka og eg reiser iallfall, og blir borte til fredag. Eg skal prøve å sende nokre glimt via mobiltelefonen, for eg reknar med at eg ikkje kjem meg på internett med PCen.

Eg skal ikkje delta med noko spesielt, og eg er glad eg sa nei til spørsmålet om å ha seminar denne gongen, for eg veit ikkje når eg skulle ha førebudd det, i tilfelle. Men sidan eg er einaste kvinnelege vaksenperson, er eg blitt spurt om å følgje opp jentedeltakarane spesielt. Håper eg kan vere på vakt, så eg ser kven som treng nokon å snakke med.

Her kan du lese om Johanna Tervonen sine tankar etter KGK-leiren vi var på i vår:
http://nlm.no/nlm/internasjonalt/japan/nyheter/imponert-over-studentane

Eg kjem til å sakne Johanna å spele på lag med denne gongen. Ho er no er tilbake i Finland.

Takk til deg som vil vere med og be for leiren, og for bilturen til og frå, også!

Tuesday, August 19, 2014

Ikkje berre studentar

Brunost er alltid populært!
Sjølv om det er sommarferie, er det fleire studentar som er i byen. Men på første Bible Club etter at eg var tilbake, var der faktisk fleire som er i arbeid enn dei som studerer. Berre tre av dei på biletet nedanfor studerer: Ei japansk jente i første på vidaregåande, og ei kinesisk jente og ei koreansk jente som studerer ved universitetet. Elles er der tre som er lærarar i vidaregåande. Og dei hadde no ein liten ferie ifrå skulearbeidet, og hadde tid til å vere med. Den einaste guten i flokken byrja som lærar denne våren, og var på besøk i Matsue i to dagar. Og då kom han tilbake på Bible Club! Det må no bety at han har fått noko der som han gjerne vil lære meir om. Eg fortalde at der er ei luthersk kyrkje på den plassen han bur, så eg håper at han prøver å finne fram dit.


Bible Club 15. august
Tidlegare på fredagen var eg forresten ute og åt skikkeleg sushi. Godt!

SØNDAG 17.8:
 Søndag var eg mellom anna organist i Izumo kyrkje. Det var ein overgang å vere på gudsteneste i Japan igjen etter ein lang sommar i Norge, der det ikkje eingong var gudsteneste kvar søndag... Godt å høyre på pastor Matsumura, også, som forkynte om skatten og perla som vi kan finne, og om Jesus som leitar etter verdfulle perler, og som ga alt for å kjøpe oss tilbake til seg. Sjeldan å høyre evangeliet så klart forkynt i ei norsk kyrkje, kanskje...

Etter gudstenesta var det lunsj til alle. Izumo kyrkje har fått ny arbeidar, evangelist Seima til høgre. Han og familien kom og flytta inn i prestebustaden i kyrkja (ingen prestegardar her, nei!) i juli, etter at han var ferdig på seminaret. Før han blir ordinert, er det Matsumura (t.v.) som er ansvarleg prest og kjem ein gong i månaden frå Yonago for å preike og forrette nattverd. Sonen Yuushi i midten var også heime på ferie og var med far. Han går no siste året ved seminaret. Han sa han vart oppmuntra av å sjå tidlegare medstudent Seima i arbeid.

Komande søndag skal eg vere med i Matsue kyrkje føremiddag, og eg har byrja førebuing til den internasjonale kveldsgudstenesta samme dag. Det går litt tregt, men det går framover. 

Igår og i dag har eg også snakka med eit par kyrkjemedlemmer og fått vite ting eg ikkje likte å høyre. Det verkar som om det ikkje berre er gode ting som skjer mellom kristne. Men det var vel ikkje noko nytt eller overraskande for nokon av dykk? Eg treng iallfall visdom til å sortere ting eg høyrer, og plassere det på rett plass.
Ifrå august blir også forholdet mitt til Matsue kyrkje noko annleis, sidan eg frå no av skal vere mest i Arashima kyrkje, og presten der blir min nye koordinator og samarbeidspartnar. Det kan eg kanskje skrive meir om ein annan gong.

Men no må eg ut og kjenne på den kjølige lufta før eg legg meg!


Thursday, August 14, 2014

Her har det vore folk!

Eg har vore bortreist på ferie i 8 veker, men leiligheita mi har vore i bruk kvar einaste veke bortsett frå forrige fredag, sidan Carmella og Scott har reist til USA for ein månads tid. Biletet ovanfor er frå 27. juni.

Eg har nettopp byrja å gjere alvor av mitt nye fortsett; å oppdatere bloggen oftare enn før, og å redusere tidsbruken på Facebook. Men Facebook er også ein god reiskap i arbeidet. I løpet av sommaren har eg også kika innom i mi eiga leiligheit nokre gonger.

På Facebook har eg også funne dette biletet ifrå Bible Club 1. august:
På dette biletet frå første fredag i august er det fleire ukjende ansikt for meg. Dei aller fleste på biletet er japanske studentar. To av jentene tok kontakt med meg på Facebook rett etter at dei var komne heim den kvelden (og det framleis var ettermiddag i Norge) og spurde om dei kunne få bli inviterte til Bible Club neste gong.
I morgon er det min tur til å låse opp døra, frå innsida. Carmella og Scott har låst opp frå utsida. Reservenøkkelen fann eg i postkassa då eg kom att i ettermiddag.

Sidan det er ferietid her, kjem det nok ikkje så mange i morgon, men nettopp fordi det er obon (japansk familiehøgtid) denne veka, er det også nokre som er tilbake i Matsue på besøk. Ein av dei som byrja i jobb i april, har meldt sin ankomst.
Sjokoladen eg trudde eg frakta trygt i handbagasjen, hadde smelta undervegs, men smaken skal vel vere den samme...


 Dette biletet er ikkje frå Bible Club, men det er mykje av dei samme folka, som var på ungdomsgudsteneste i Arashima den 20. juli. Den gongen var det ikkje leiligheita eg lånte ut, men bilen min.
Ifrå i haust blir igjen Arashima den kyrkja eg skal ha mest samarbeid med, og med pastor Ishimaru som min coordinator. Vi har allereie samarbeidt ein god del om både ungdomsarbeid og kor allereie, men no er det gått gjennom styret både i Arashima og Matsue og blitt formelt vedtatt. Eg er takksam for at WJELC-president Matsumura kom med forslaget. Dette håper og trur eg kan bli bra. Ishimaru har sjølv vore student i Matsue og snakkar eit språk ungdommane forstår.

Takk til deg som vil vere med og be for ungdommane "våre". Og for inspirasjon og arbeidsglede for oss som har med dei å gjere.



Tuesday, August 12, 2014

Ein sommar er forbi...

Etter nærmare åtte veker i Norge utan ei einaste oppdatering på bloggen, er det vel på tide å gi litt lyd frå meg igjen. Eg har nokre timar å vente på neste fly frå Doha i Qatar, så då kan eg bruke tida på gratis internett så lenge batteriet varer.
Det har vore late dagar i sola ilag med katten, og eg har farta ein del rundt og truffe venner. Nokre fjellturar har det også blitt. Her følgjer nokre utvalde glimt ifrå ferien.

Lange dagar og nydelege solnedgangar. Her ifrå Ålesund.
Valbøen ein sommarkveld
Tur på Frostadtinden
  
Dameselskap med japansk mat


Heimekyrkja mi i Ørskog

Deler frå Japan under LMF (Lærernes Misjonsforbund) sitt sommarmøte på Risøy Folkehøgskule.

Moltefangst på Nordmøre

Kalv på Valbøen
  
Ei av dei mange kakene...

Grytavatnet med Lauparen i bakgrunnen
Firføtte i fjellet

Ein ny haust står for døra, med nye utfordringar. Takk til alle eg fekk treffe i løpet av sommaren. Og takk til deg som vil vere med og be om at eg kan ha frimod og glede både i dagleglivet og i arbeidet, og at eg kan få bety noko for dei eg møter på min veg.