Monday, August 25, 2014

Travel, men innhaldsrik helg

Ein grunn til at det vart litt stressande å bli ferdig med førebuingane til kveldsgudstenesta i går, var at eg prioriterte å bruke meir enn halve laurdagen ilag med studentar frå mange land. Det er faktisk første gong eg har sett føtene i innsjøen her... Hadde det vore i Norge, hadde vi vel bada, også.

Nokre prøvde seg også på ein tur med kajakk eller med svanebåt, men eg såg meg litt redd på bølgjene. Ein kanovelt for omlag 25 år sidan (!) dukka også opp i minnet... Seinare på dagen vart forresten all båtaktivitet avblåst pga store bølgjer.
Denne parken ved Shinji-innsjøen var også ein fin plass for grilling, og det var heller ikkje altfor varmt i skuggen av trea. Det var ikkje så mange av utlendingane eg snakka med, men derimot kom eg i prat med fleire japanarar som var med for å treffe utlendingar. Nokre verka også interesserte i Bible Club. Og eg fekk også prata med ei jente som har kome tidlegare, men som eg ikkje hadde truffe sidan i vinter.
Sjølv om det var ein avslappande dag på mange måtar, var eg ikkje arbeidslysta heilt på topp på laurdag ettermiddag og kveld, men eg vart iallfall ferdig med den japanske omsetjinga av preika. Så fekk eg ta resten av powerpointen søndag ettermiddag, tenkte eg. Og rakk det meste før eg skulle vidare på felleskorøving i pinsekyrkja.

Eg var dårleg førebudd på dirigentjobben denne dagen, men det var likevel artig å vere tilbake i denne rolla. Har lova meg sjølv at eg skal førebu meg betre til neste søndag... Eg kan vel ikkje forvente at kormedlemmene kan synge utan notar dersom eg sjølv ikkje kan det... Biletet er knipsa av Junichi Ishimaru - i eit ubevokta øyeblikk.

Så var det direkte ifrå pinsekyrkja og tilbake til den lutherske kyrkja for å øve med songteamet til den internasjonale kveldsgudstenesta. Ikkje tid til kveldsmat, så eg var glad at lunsjen med restar frå Bible Club fredag heldt bra i magen.
Eg var glad eg hadde spurt Jennifer om å leie gudstenesta denne gongen, og det gjorde ho på ein fin måte, sjølv om det var første gong. Ho er ein kristen engelsklærar som kom til Matsue i april.

Med utgangspunkt i alle dei norske bærsortane eg fråtsa i denne sommaren, talte eg over Joh. 15 om å vere ei grein på Jesus. Eg hadde også gjort eit forsøk på å omsetje til engelsk og japansk nokre vers av salmen "Å fikk jeg kun være den minste kvist". Kor godt det nådde inn, veit eg ikkje, men du som forstår norsk, skal iallfall få det på originalspråket:
 
Å, fikk jeg kun være den minste kvist
på vintreet ditt, Herre Jesus Krist!
Og måtte så aldri vi skilles igjen,
men elske og elskes som venn hos venn!

Vi ranker oss sammen vi vinkvister små,
som brødre og søstre om Jesus å stå.
Å, la ingen visne av våre, o, Gud,
ei brytes av stammen, og ei kastes ut!

Så rens du mitt hjerte med ømmeste tukt,
og bløder enn grenen, den bærer dog frukt.
Du mener det godt med mitt dryppende sår,
du har meg så kjær, og du best det forstår.

Teksten er skriven av Sigvald Skavlan, men at han vaks opp som presteson på Stranda på Sunnmøre, var eg ikkje klar over før eg søkte på denne salmen på internett.


 
Sidan det er ferietid for universitetet, hadde eg ikkje rekna med så mange, kanskje 10-15 på det meste. Og vi vart 14! To personar er ikkje med på biletet, men likevel vart vi ein bra flokk. Og det kjekkaste var at tre av desse på biletet var her for første gong. Den eine er evangelist i ei av dei andre kyrkjene og kom fordi eg inviterte henne under korøvinga tidlegare på dagen. Men dei to andre er ikkje-kristne japanske studentar, som eg berre har vore på Facebook-kontakt med tidlegare. Det var etter at dei hadde vore her på Bible Club 1. august at dei tok kontakt. Eg var då i Norge, og sat og chatta med dei i 17-tida, medan det hos dei var midnatt. Eg nemnde at vi skulle ha internasjonal gudsteneste den 24., og inviterte dei også då eg laga innbyding på Facebook. Eg vart skamfull over å ha gløymt at eg hadde invitert dei... Eg var også imponert over at dei hadde gått heile vegen ifrå universitetet til kyrkja, ein avstand på nærare 3 kilometer.

Det er dei to jentene til venstre eg skriv om ovanfor. Ho nummer tre er ei kristen jente frå vår kyrkje som studerer ved eit universitet lenger vest i fylket. Akkurat no er ho heime på sommarferie. I morgon skal ho vere med meg på studentleir (KGK) til Hiroshima. Eg hadde håpa på å få med meg nokre av Bible Club-studentane mine, men det er mange ting som skal passe. Dei studentane som er i byen, har det travelt også i ferien, og andre reiser heim.
Men Haruka og eg reiser iallfall, og blir borte til fredag. Eg skal prøve å sende nokre glimt via mobiltelefonen, for eg reknar med at eg ikkje kjem meg på internett med PCen.

Eg skal ikkje delta med noko spesielt, og eg er glad eg sa nei til spørsmålet om å ha seminar denne gongen, for eg veit ikkje når eg skulle ha førebudd det, i tilfelle. Men sidan eg er einaste kvinnelege vaksenperson, er eg blitt spurt om å følgje opp jentedeltakarane spesielt. Håper eg kan vere på vakt, så eg ser kven som treng nokon å snakke med.

Her kan du lese om Johanna Tervonen sine tankar etter KGK-leiren vi var på i vår:
http://nlm.no/nlm/internasjonalt/japan/nyheter/imponert-over-studentane

Eg kjem til å sakne Johanna å spele på lag med denne gongen. Ho er no er tilbake i Finland.

Takk til deg som vil vere med og be for leiren, og for bilturen til og frå, også!

No comments:

Post a Comment