Monday, February 28, 2011

Ein vanleg søndag?


Eg har fått hint om at eg skriv for mykje om Bible Club og at folk saknar meir om arbeidet i kyrkja. Så i dag tenkte eg å gi eit lite glimt ifrå søndag i kyrkja.
Både barn og vaksne sit med opne Biblar og høyrer på preika, og fleire noterer også.


Under kunngjeringane syng vi "Happy birthday" for dei som fyller år i veka som kjem. Er vedkomande til stades, får dei mikrofonen oppi handa for å seie eitt eller anna. Her er det Hiromi Kato som fortel korleis livet som småbarnsmor har vore siste året. Er ikkje gjebursdagsbarnet til stades, ber leiaren ei bøn for han eller henne.


Etter gudstenesta tek folk seg god tid til å slå av ein prat.
Dei søndagane eg er i Matsue kyrkje, hentar eg den nigerianske familien før søndagsskulen kl 9. Lille Joseph seier "church" når eg kjem og hentar dei, og i går peika han på meg ved orgelet og kalla meg "church".


Desse tre jentene har de kanskje sett bilete av i Utsyn, men dei stiller gjerne opp til ny fotografering. Dei to til venstre er søstre. I april skal begge byrje på ny skule, og er veldig spente på det. Minami til venstre skal byrje i ungdomsskulen, og Tomomi i midten skal byrje på vidaregåande. "Eg er meir spent på kva slags folk eg kjem i klasse ilag med enn kva for ein skule eg kjem inn på, " seier Tomomi.

Lat desse tre jentene stå som representantar for unge som vil høyre Jesus til. Det er ikkje så mange av dei her i landet. Når eg sit på gudsteneste tenkjer eg ofte at eg burde ikkje ha vore her åleine. Mi oppgåve er også å få med meg nokon i kyrkja, men vegen dit synest å vere lang for mange. Å kome på Bible club heime hos meg er meir ufarleg. Men ein av studentane har lova å kome i kyrkja neste søndag, sidan det er siste gong han har anledning før han flyttar ifrå Matsue.

Det var tidleg slutt i kyrkja i går. På ettermiddagen hadde eg to unge damer her på vafler og bibelstudium, og klokka 19 høyrde eg radiogudstenesta på nrk nettradio på direkten, så eg fekk ganske mykje utav søndagen.
Men det er i kvardagen vi skal leve ut det vi har fått på søndagen.

Monday, February 21, 2011

Ny eldste innvigd i Izumo kyrkje


I går var det ekstra høgtid under gudstenesta i Izumo kyrkje. Yoji Nishikori vart innsett til eldste i kyrkjelyden. Saman med presten Maekawa var eldste Nakaoku ifrå Izumo og eldste Kato frå Matsue med på forbønshandlinga.


- Det er eit Guds under at eg står her i dag, sa Nishikori i helsinga etter vigsla. - Eg tenkte ikkje for 35 år sidan då eg køyrde rundt på motorsykkel i området her at eg skulle bli døypt i denne kyrkja. Og no er eg også blitt eldste. Det er ikkje anna enn eit under!


Saman med styret i kyrkja og resten av familien. Kona og døtrene til Nishikori vart kristne først. No er familien utvida med to fosterbarn, ein svigerson og eit barnebarn.


Misako, eldste dotter til Nishikori, er den faste organisten i kyrkja, bortsett frå den søndagen i månaden eg er der og vikarierer for henne.

1 år og 8 månader, og allereie ivrig på orgelkrakken! Det lovar bra for framtida.

Så må eg også få presentere den flotte gjengen som eg har med meg på engelsk bibelklasse i Izumo:

Det er ein ivrig flokk. I går byrja vi på ei tekstbok om Paulus sitt liv; "Møte med den levande Gud". Fire i gruppa er kristne. To av mennene vart døypte rett før jul. Det er spesielt spennande å ha nyfrelste med i gruppa. Forhåpentlegvis vil det verke positivt også på dei to som enno ikkje har tatt steget. Måtte dei også få eit møte med den levande Gud!

Kvinna med vasskrukka


Sist fredag var det to av dei kinesiske studentane som stod for middagen på Bible Club, og dei var også flinke til å leve seg inn i teksten om kvinna frå Samaria. Tema for bibelstudiet var "Guds gåve".
Jesus svara: "Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn." Joh. 4,10


- Gå og hent mannen din, og kom hit att! var beskjeden denne kvinna fekk. Ho forstod at Jesus visste alt om henne.


"Herre," sa ho, "du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå?"


Kvinna seier til han: "Eg veit at Messias kjem," - Messias er det same som Kristus - "og når han kjem, skal han kunngjera oss alt."

Jesus seier til henne: "Det er eg, eg som talar med deg."

Dette møtet med Jesus forandra livet til den samaritanske kvinna. Til slutt i bibelstudiet las vi alle ilag det som folket i byen sa etter at kvinna hadde vitna for dei:
"No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa; for vi har sjølve høyrt han, og vi veit for visst at han er den som skal frelsa verda." Joh.4,42
Medan vi las det, tenkte eg: Eg skulle ønskje at dei som er samla her, verkeleg kunne seie det ein dag til meg:
- No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa; for vi har sjølve høyrt han, og vi veit for visst at han er den som skal frelse verda!" Då var ikkje arbeidet mitt forgjeves!
Men så er det ikkje eg som kan skape tru i dei. Det er Gud som arbeider gjennom Ordet som dei studerer. Så om vi ikkje fekk tid til å snakke så mykje kom kva dette levande vatnet er for noko, så trur eg at forteljinga og situasjonen som dei øvde på, vil sitje i dei og arbeide vidare i hjarta deira.
Då loggboka hadde gått rundt, var det ei side igjen i boka, og ei av kinesarane nytta sjansen til å illustrere det ho hadde lært denne kvelden. Det som gjorde mest inntrykk, var Jesus og kvinna ved brønnen, solbærteen og banansplitten:


Det er ferie- og oppbrotstid for studentane. For å gi fleire sjansen til å studere mest mulig før dei flyttar ifrå Matsue, har eg denne veka fleire avtalar om privat bibelundervisning. Slike samtalar på tomannshand gir også muligheit til å gå meir i djupna og til å ta opp ting som den enkelte lurer på.
Jesus brukte tid ilag med den eine. Men det førte til at mange kom til tru. Kanskje er det ikkje så dum strategi for meg, heller?

Thursday, February 17, 2011

- Jag ska bo här i hundra år!


Det er Alicia Nygaard på snart fem år som seier det. Ho er født i Scottland, og i sitt korte liv har ho hittil i tillegg budd både i Tyskland, Sverige og Norge, før ho landa i Japan den 5. februar, ilag med lillebror Leander (snart 3), mor Magdalena og far Mathias. Magdalena er frå Sverige, og borna har også med seg sin svenske identitet, som til dømes viser seg i Pippi-drakta. Heile familien ser fram til å slå seg litt til ro etter å ha vore mykje på flyttefot.


Den dagen eg var innom for å helse på dei nye misjonærane, hadde dei nettopp vore på byen og kjøpt seg skulebøker til språkskulen som byrjar i april.

Vi er glade for nye i misjonærfellesskapet, og eg gler meg til å bli betre kjend med familien Nygaard. Neste sjanse til å treffast blir vel konferansen i mars.

Om dei ikkje blir verande her i hundre år akkurat, så håper eg iallfall at dei får mange periodar i Japan!
Les også intervjuet på nlm.no som var tatt før misjonærvigsla i november:
Med senkede skuldre til Japan


"Pippi" og Leander skal byrje i Aobaen barnehage i april. Vil du støtte språkstudiane til foreldra eller barnehage for borna, kan du gå inn her: http://nlm.no/no/Utland/Japan/Projects/
Her finn du også ei oversikt over andre prosjekt i Japan. I dag fekk eg forresten melding om at Betania Ungdomsforening i Trondheim har vald å støtte studentarbeidet som eg driv. Eg ser fram til ein nærare kontakt med dei!

Det er flott å få nye misjonærar ut, men det er også godt å ha nokre gode, gamle med lang erfaring blant oss! Herborg og Tore Jåtun er spreke pensjonistar som tek eit år ekstra. Tore fylte nettopp 72 år. Kven skulle tru det?
Herborg og Tore var "reserveforeldra" mine då eg kom ut som fersking i 1993, og det er framleis godt å ha dei her. Takk for husrom og hjarterom på Rokko Island, også!

Sunday, February 13, 2011

Snow Fun Camp


I utgangspunktet hadde vi tenkt at denne skileiren skulle vere spesielt for ungdom som kanskje ikkje er med i nokon kristen samanheng. Nokre ungdommar fekk vi med, men for det meste var det foreldre og barn som var med som deltakarar, dei aller fleste er medlemmer i ei WJELC-kyrkje. Her er flokken samla før avreise søndag.


Til og med ein av prestane hadde tatt seg velfortent frihelg. Då eg spurde pastor Ogano om han trudde det gjekk bra med kyrkja i Midorigaoka på søndag utan prest, svarte han på sin lune måte:
- Dei har det sikkert mest fredeleg når ikkje eg og Kiviranta-sensei er der!


Medan far prøvde seg på langrennski, trente sonen på snowboard.


Dei to mest typiske ungdommelege deltakarane var Yoshie og Ryoko.


På laurdag var det fleire som ville prøve seg på snowboard, med Antti Kiviranta som instruktør.


Denne karen frå Nara hadde heller ikkje prøvd snowboard før.


Andre likte seg betre i slalombakken, eller i akebakken.



Derimot var det ingen andre som forstod kor fint det var å gå tur i den stille skogen.


Presten hadde sysla med innandørsaktivitetar medan vi var borte.

(Foto: Johanna Tervonen)
Om kvelden var det samling med leik, song og bibelundervisning, med temaet "Skattejakt". Talarar var Maki Ikegami på fredag, og Antti Kibiranta på laurdag. Her snakkar han om mannen som fann ei veldig verdfull perle og som selde alt han eigde for å få eige den. Kvar enkelt av oss er også som ei verdfull perle for Gud, som han satsa alt på å vinne igjen.


Tid for leik var det også.

Søndag var borna med til søndagsskulen i Hiruzen kyrkje, medan vi andre hadde bibelstudie over dagens preiketekst før vi også tok vegen til kyrkja, der Antti var dagens talar.

(Foto: Johanna Tervonen)
Søndag etter lunsj reiste alle heim, til Nara, Osaka, Ashiya, Kobe, Suma og Midorigaoka. Ryoko og eg hadde kortast veg tilbake til Matsue. Her er vi ilag med dei som har jobba for oss denne helga: Til venstre ser vi dagleg leiar Igi, og frå høgre altmuligmann Ikeshita, frivillig medarbeidar Yoko Igi, og fru Ikeda, som er kokke på Hiruzen Bible Camp. I går var Igi oppe klokka 5.30 og starta snøfresaren for å rydde vegen slik at Yoko kunne køyre borna på søndagsskulen.
Tusen takk!

Her kan du sjå dagleg leiar Igi sin versjon av leiren: http://hiruzenbc.blogspot.com/

Fredagsklubb på torsdag

Bible Club er vanlegvis på fredagane. Fordi eg skulle på leir denne dagen, tenkte eg først å avlyse Bible Club, men så kom eg på at det går kanskje an å samle folk på ein torsdagskveld, også, iallfall når dagen derpå er nasjonal fridag? Det viste seg at det til og med kom studentar som vanlegvis ikkje kan kome.


Ikkje mindre enn fire jenter kom for å hjelpe til med matlaginga. Sjølv bruker eg ikkje så mykje forkle, men det er godt å ha nokre å låne ut.


Desse tre jentene kom for første gong. Dei fann fram ved hjelp av kartet eg hadde gitt dei då eg besøkte klassene deira. Carmella hadde invitert meg til å treffe to studentgrupper som i februar-mars skal på eit månadsopphald i USA. Mai (til venstre) reiser til Arkansas i slutten av denne veka, og Chiemi og Natsuki reiser med ei gruppe til Florida ei veke seinare. Fleire som har vore på slike homestay-program før, har fått interesserte for kristen tru og blitt aktive på Bible Club og har byrja å gå i kyrkje etter at dei kom heim. Det håper eg kan skje med desse jentene, også.


For første gong på lenge var det nesten like mange japanarar som utlendingar. Men kinesarar og koreanarar utgjer framleis fleirtalet.


Tema for kvelden var "Guds julegåve". Etter å ha lese frå Matt. 1, 18-25 om korleis Gud sende Son sin til jorda, var eitt av samtalespørsmåla følgjande:
"Dersom du var Gud, korleis ville du ha levert ei slik viktig gåve?" Det var interessant å høyre ungdommane sine forslag.
- Eg ville ha brukt ord, slik at alle fekk lese på eit språk dei forstår, sa ei av jentene.
Og det førte oss naturleg vidare til neste bibeltekst, som nettopp handla om korleis Gud sende ord til oss; Ordet i kjøt og blod:

"I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud.

Og Ordet vart kjøt og tok bustad hjå oss..."
Joh. 1,1 og 14a

Ikkje så dumt å ha fredagsklubb på torsdag, heller.

Monday, February 7, 2011

Eit velsigna "men"


På Bible Club sist fredag hadde vi bibelstudium både på kinesisk, koreansk, japansk og engelsk. Temaet var "ugras i Guds hage". Det var ikkje noko særleg oppbyggjeleg liste vi fann i Rom. 1, 29-31, der menneskehjarta er skildra:

"Dei er fulle av allslags urett, umoral, havesykje og vondskap, av misunning, mordlyst, strid, svik og list. Dei fer med sladder og baktale, hatar Gud og brukar vald, er hovmodige og skrytande, gløgge til å finna på vondt og ulydige mot foreldre. Dei er uvituge, upålitelege, ukjærlege og hardhjarta."


Oppgåva gjekk ut på å sortere denne lista over synder i tre grupper: Gjerningar, ord eller haldning.


Bak og Scott var samde i at resultatet av undersøkjinga ikkje var særleg gledeleg. Lengste lista fekk dei for gruppa "haldning". Vi fann ut at alle vonde gjerningar eigentleg startar i hjarta.

Vi menneske har lett for å skilje mellom "små" og "store" syndarar, men vi lærte også at Gud ser annleis på det.

Farisearen som gjekk opp i templet for å be, takka Gud for at han var betre enn "han tollaren der".

Men Jesus sa at det var denne tollaren som gjekk rettferdiggjort heimatt, for han bad slik: "Gud, ver meg syndaren nådig."

Som avslutning stod det i studieboka at vi skulle lese Rom. 3, 23.
"...for alle har synda, og dei er utan del i Guds herlegdom."
På norsk står det punktum her, men på engelsk og japansk står det komma. Det betyr at dette ikkje er slutten. I tillegg har japansk eit "ga" før komma. "Ga" betyr "men", og det står før komma og viser at noko viktig kjem etterpå. Det vart veldig godt for meg å få understreke at det står eit "men" her, at det ikkje er ute med oss sjølv om vi er syndarar framfor Gud. Hittil har vi studert dei dårlege nyheitene om mennesket, men frå no av skal vi få lære om dei gode nyheitene, som vers 24 held fram med:

"Men utan at dei har fortent det, vert dei sagde rettferdige av hans nåde på grunn av utløysinga i Kristus Jesus."


Så på neste Bible Club, som blir allereie på torsdag denne veka, er det Guds ufortente gåve som er tema. Sidan Ryoko og eg skal på skileir frå fredag, prøver eg denne gongen med torsdagsbibelklubb. Kanskje kan vi då også få med andre som vanlegvis er opptatt på fredagane. Eg syslar med tanken om å utvide til to dagar i veka, dersom det er behov eller interesse for det.

English & Bible Time
Dagen etter Bible Club køyrde eg til Hiruzen kyrkje for å starte opp ei gruppe for dei største søndagsskuleborna der. Dei er no i 4.-6. klasse, men frå april blir dei yngste 5.-klassingar, og dei eldste blir ungdomsskuleelevar.


Temaet denne dagen var "Daniel og vennane hans". Engasjementet var stort, både med å finne svar på spørsmål utifrå bibelteksten, og i dramatiseringa av då Sadrak, Mesak og Abednego vart kasta i den brennande omnen fordi dei ikkje ville tilbe gudebiletet kong Nebukadnesar hadde sett opp. Bibelundervisninga var på japansk, men songane var på engelsk. Dei unge ungdommane imponerte med kor fort dei lærte den engelske teksten.


Yuiko har ein typisk jentebibel, men det er første gong eg har sett ein Hello Kitty-Bibel. Bibelen har ho fått frå søndagsskulen.

På veg heim var eg innom skisenteret vi skal bruke under skileiren komande helg.

Det var yrande aktivitet ved skitrekket. Ikkje like svært som på Strandafjellet, men bra likevel. På andre sida av vegen fann eg til mi store overrasking også ei preparert langrennsløype. Slikt visste eg ikkje fanst her i landet. Så får eg sjå om eg får med meg nokon i løypa, eller om alle vil betale for å stille seg i kø framfor skitrekket.
Som leirsjef har eg fått tilsendt deltakarlista. Der er fleire familiar, men berre to ungdommar. Den eine er Ryoko som er kokka mi på Bible Club. Det ser ut til at ho blir den einaste ikkje-kristne deltakaren, men kanskje dette skal bli ein avgjerande leir for henne.
Du som ber, hugs på leiren i bøn, og særleg for Maki Ikegami og Antti Kiviranta, som skal tale over temaet "Skattejakt".
Her kan du lese meir om leiren: Snow Fun Camp

Wednesday, February 2, 2011

Eitt år er blitt til 17


Les intervju med Carmella og Scott på TENT si heimeside! Dei er mine medarbeidarar i studentarbeidet.
Klikk på lenkja under:
tent.no