Sunday, February 13, 2011

Fredagsklubb på torsdag

Bible Club er vanlegvis på fredagane. Fordi eg skulle på leir denne dagen, tenkte eg først å avlyse Bible Club, men så kom eg på at det går kanskje an å samle folk på ein torsdagskveld, også, iallfall når dagen derpå er nasjonal fridag? Det viste seg at det til og med kom studentar som vanlegvis ikkje kan kome.


Ikkje mindre enn fire jenter kom for å hjelpe til med matlaginga. Sjølv bruker eg ikkje så mykje forkle, men det er godt å ha nokre å låne ut.


Desse tre jentene kom for første gong. Dei fann fram ved hjelp av kartet eg hadde gitt dei då eg besøkte klassene deira. Carmella hadde invitert meg til å treffe to studentgrupper som i februar-mars skal på eit månadsopphald i USA. Mai (til venstre) reiser til Arkansas i slutten av denne veka, og Chiemi og Natsuki reiser med ei gruppe til Florida ei veke seinare. Fleire som har vore på slike homestay-program før, har fått interesserte for kristen tru og blitt aktive på Bible Club og har byrja å gå i kyrkje etter at dei kom heim. Det håper eg kan skje med desse jentene, også.


For første gong på lenge var det nesten like mange japanarar som utlendingar. Men kinesarar og koreanarar utgjer framleis fleirtalet.


Tema for kvelden var "Guds julegåve". Etter å ha lese frå Matt. 1, 18-25 om korleis Gud sende Son sin til jorda, var eitt av samtalespørsmåla følgjande:
"Dersom du var Gud, korleis ville du ha levert ei slik viktig gåve?" Det var interessant å høyre ungdommane sine forslag.
- Eg ville ha brukt ord, slik at alle fekk lese på eit språk dei forstår, sa ei av jentene.
Og det førte oss naturleg vidare til neste bibeltekst, som nettopp handla om korleis Gud sende ord til oss; Ordet i kjøt og blod:

"I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud.

Og Ordet vart kjøt og tok bustad hjå oss..."
Joh. 1,1 og 14a

Ikkje så dumt å ha fredagsklubb på torsdag, heller.

3 comments:

  1. Det er hyggelig å lese dette. Så fint med "alle" disse studentene. Flott med det samarbeid du har med Carmella og Scott. Hils dem! Liv

    ReplyDelete
  2. Gratulerer med dagen

    ReplyDelete