Saturday, October 21, 2017

"Vi lister oss så stilt på tå..."

Sjølv om alle tek av seg skorne og går inn på sokkelesten (eller med tøfler), er det ikkje så lett å vere så stille at vi ikkje forstyrrar naboane. I går ettermiddag medan eg og to studentar heldt på og førebudde middag til Bible Club, ringde pastoren i Matsue og sa at eigedomsmeglaren hadde ringt fordi dei hadde fått klage frå naboar om høgt lydnivå på fredagskveldane. Dersom det ikkje endrar seg til det positive, kan det føre til at leigeavtalen blir oppsagt. Det vart understreka at leiligheita er til å bu i, og ikkje møtelokale. Heldigvis er dette berre ein første varsel, så eg blir vel ikkje kasta ut med det første, men vi må iallfall tenkje alvorleg gjennom korleis vi skal halde fram med studentarbeidet.

 Her er dei to blide jentene som laga mat i går.

Før Bible Club i går rakk eg å sende ut ei melding til dei som skulle komme, og før middagen orienterte eg om det som var blitt sagt, og oppfordra dei til å snakke lavmælt rundt borda og komme med idéar til kva vi kan gjere framover.

Igår fekk vi også frityrsteikt fisk frå ein fiskebutikk som folk i kyrkja driv. Dei har tilbudt seg å gi oss noko til middag av og til, og dei vil ikkje ha betaling for det. Slikt set eg pris på!

 

 Det er ikkje tvil om at ungdommane kosar seg her. Men det legg ein dempar på stemninga når eg fleire gonger i løpet av kvelden må hysje på dei.

Vi prøvde å vere ekstra rolege etter kl 21, som er det tidspunktet som japanarane forventar at det skal vere stille i huset. Sidan dette er ei trebygning, er det veldig lydt, og for barnefamiliar der ungane legg seg tidleg både kvardag og helg, er det ikkje fredagskvelden noko unntak.

Idag steikte eg vafler og tok med ned til dei som bur under meg, for å unnskylde meg og høyre om vi klarte å vere stille nok i går. Eg fekk ein god prat med kona. Vi stod utanfor døra i over 20 minutt og prata. Det var heldigvis ikkje kaldt. Ho sa at det hadde vore rolegare etter kl 21 i går enn fredagen før, men før klokka 21 var faktisk verre, sa ho. Ho forstår at folk gløymer seg når dei har det kjekt, og latter høyrest veldig godt. Også flytting av stolar, eller at mange går over golvet samtidig, gir mykje lyd. Sjølv om 19 personar prøver å gå stilt på tå, blir det nok ikkje så stille.

Men vi var no ganske stille ei stund under bibelstudiet, før vi delte oss i grupper. Her er nokre bevis ifrå Scott sitt kamera. Kanskje eg skulle vise frua under meg at vi faktisk er stille av og til, også...




Neste fredag skal eg på misjonskonferanse i Saitama, nær Tokyo, så då blir det filmkveld på universitetet i staden for Bible Club, og fredagen etterpå er offentleg fridag, så vi kan ha Bible Club tidlegare på dag. Det hjelper kanskje litt. Men eit anna problem er at eldste dotter i familien under, les til opptaksprøver for vidaregåande skule, og det er alvor her i landet. Bortsett frå når ho er på skulen eller på puggeskule om kvelden, eller når ho et eller søv, så sit ho på rommet sitt og les. Til klokka 24 kvar kveld, kvardag og helg. Ikkje mykje fritid her, nei...

Men kva gjer vi vidare? Eg har rådført meg med pastoren både i Matsue og Arashima, men vi har ikkje funne noko løysing endå. Eg tenkte det kunne vere ei muligheit å ha Bible Club i kyrkja, men det ser også vanskeleg ut, sidan pastorfamilien bur i kyrkja, og det vil forstyrre dei, også. Skulle ønskje det fanst meir opne dører!
Kanskje eg må finne meg ein annan plass å bu, der eg kan ta imot ungdommar utan å vere redd for å forstyrre naboane? (Flytte IGJEN?!...) Eller kanskje vi kan finne eit lokale i nærleiken som misjonen kan leige? Kan det vere mulig å få til ein klubb ved universitetet? Tidlegare har det vore vanskeleg med religiøse aktivitetar der fordi sekter forårsaka trøbbel. Japan er eit land med religionsfridom, men likevel er er mange hindringar.
To av desse var på Bible Club for første gong. Korleis skal vi få med dei og mange andre vidare?

Du som ber, vil du vere med og be om at vi må finne ei god løysing for alle partar?

Wednesday, October 11, 2017

- Sit du og les i Bibelen heile dagen?

Det var ei av dei ikkje-kristne som hjelpte til på basaren i Arashima kyrkje på måndag som spurde. Ho ser meg vanlegvis berre på søndagane, så ho lurte vel på kva eg gjer elles i veka. Eg prøvde å forklare at eg les i Bibelen, også, men bruker mykje tid til å førebu tale og forskjellige klasser, og eg kunne fortelje at eg hadde laga middag til 17 personar sist fredag.
Det er sikkert mange som lurer på kva eg gjer på om dagane. Det lurer eg sjølv på også. Ofte blir det ikkje så mykje gjort av alt eg skulle ha gjort, og ting tek meir tid enn eg hadde tenkt.

Forrige veke var eg i Nima, og det tok ein og ein halv dag. På veg heim stoppa eg i Izumo og intervjua pastoren og kona til Prosjektkatalogen 2018. Det er langt fram, men fristen for innlevering nærmar seg. I går kveld fekk eg endeleg setje punktum og sendt stoffet til Norge. Så då er iallfall den jobben kryssa ut av boka mi.
På veg heim frå Izumo hadde eg det litt artig med å køyre parallelt med lokaltoget som går mellom Izumo og Matsue på nordsida av Shinji-sjøen. Slike søte tog har dei vel ikkje i NSB!


Søndag etter gudstenesta hjelpte eg til med å ordne til for basaren som skulle vere på den offentlege fridagen måndag. Det er ei lita kyrkje, så alt måtte ommøblerast for å få plass.

Måndagen stod eg bak dette bordet ilag med tre japanske damer og selde ut alle kakene.
Eg var ganske sliten etter desse to dagane, og eg er ganske imponert over dei eldste i flokken som står på år etter år. Ei av dei sa ho hadde tatt smertestillande for å kunne stå nokre timar. Eg synest somme strekkjer seg litt for langt. Eg er spent på kor mange som kjem på bønnemøtet i morgon, om dei framleis er oppegåande...
Alt på basaren er handlaga, og dei kjem stadig på nye idear, slik som desse soplimane med brudekjole.

Nei, eg sit ikkje og les i Bibelen heile dagen. Eg les nok eigentleg litt for lite i Bibelen, men den faste stunda i sofaen om morgonen høyrer iallfall med.
Idag har eg førebudd bønnemøtet som eg har ansvar for i morgon, og eg har skrive notar for fløyte og saxofon til den internasjonale gudstenesta som eg har ansvar for komande søndag og kontakta dei som skal delta. Og så sit eg her og skriv blogg. Det er vel også ein del av jobben som misjonær.
Men elles lever eg vel som dei fleste andre; eg lagar meg mat, et, søv, trimmar litt, vaskar kle, går i banken, på posten, på butikken, er på Facebook, vaskar opp, les aviser på nett, og plutseleg er dagen gått.

I Norge måtte eg føre timar og hadde oversikt over når eg hadde jobba "nok" og når eg kunne avspasere med godt samvit. I starten var det uvant å føre timeliste, men no saknar eg det litt. Det hadde vore greitt å vite når eg har jobba nok og når eg kan ta fri. Men så er det også vanskeleg å skilje mellom kva som er jobb og ikkje. Og er eg på jobb når eg går ein heil dag og synest eg ikkje får gjort noko som helst? Skal tru om det er andre som har det slik av og til?

Idag starta eg dagen bra. Eg tok fri på føremiddagen, og det ga inspirasjon til å jobbe litt utover kvelden. Vanlegvis synest eg det er godt å kome i gong om morgonen, så eg kan slappe av seinare på dag, men det er fint at det går an å vere fleksibel i denne jobben.

Gjennom ei dame i kyrkja som er kimonolærar, vart eg invitert til ein badmintonklubb som ei av elevane hennar er med i.
Det er minst fem år sidan sist eg spela badminton, og då slutta eg fordi eg ikkje fekk kontakt med folk. Damene i denne klubben verka mykje opnare og lettare å prate med.
Onsdag føremiddag passa bra idag, men dei vekene eg er i Nima, må eg stå opp tidleg for å rekke tilbake. Likevel vil eg prøve å møte opp så sant eg kan.
Idag vart det mest sjølvtrening, men frå neste veke håper eg å få vere med ilag med dei andre.
Då trenaren kom, kjende vi kvarandre igjen. Ho var ei av dei som var i den forrige klubben eg gjekk i. "Du brukte å komme ilag med mannen din, gjorde du ikkje?" spurde ho. Eg svarte som den samaritanske kvinna: "Eg har ingen mann."...

Ingen spurde kva eg gjer til vanleg, men det får eg nok anledning til å fortelje seinare. Og eg kan no byrje med å spørje kva dei gjer når dei ikkje spelar badminton.

Nokre prøvde seg såvidt på litt engelsk, så kanskje eg etterkvart kan få med nokre i engelskklassa, også. Men først og fremst vil eg bli kjent med dei som medmenneske, som venner, og ikkje som evangeliseringsobjekt. Det er viktig å ha det kjekt ilag. Det hjelper også på min eigen trivsel.

Det har vore ganske varmt i det siste for å vere oktober. Om kvelden er det kjøligare. Ein kveld eg tok meg ein sykkeltur for å kjøle meg ned, fekk eg denne utsikta.
 Neste morgon tok eg av samme motivet då eg var ute og jogga.


Den største bygninga i bakgrunnen er universitetet. Her ifrå kjem studentane på Bible Club kvar fredag. Det er berre onsdag idag, men allereie no er det omtrent ti som har meldt seg på. Fram til fredag kan det stige til det doble. Ei jente frå Vietnam har vore med dei to siste gongene. Det er veldig inspirerande å sjå kor nysgjerrig ho er på Bibelen. Det er ei utfordring for meg å formidle bodskapen for dei som aldri har høyrt om Jesus før. Her har eg tatt ibruk både flipover og barnebok. Sist fredag var det fru Finkeltopp og Pelle i "Den usynlige vennen" som fekk forklare kvifor det er så mykje vondt i verda, og kva Gud har gjort for å fri oss frå djevelen.

To av dei japanske jentene vart så interesserte at dei las ut heile boka etterpå.

Dagane går, og som de kanskje forstår, sit eg ikkje og les Bibelen heile dagen. Men Bibelen er utgangpunktet for mykje av det eg gjer. Og hadde det ikkje vore for at Jesus Kristus sa "Gå ut i all verda", hadde eg iallfall ikkje vore her!





Monday, October 2, 2017

Haust

Det er visst slutt på sommaren her i Japan, også. Snart er det vel slutt på kortbuksesesongen, også. Idag har det vore maks 22 grader og regn. Men siste dagen i september var framleis ganske varm, og det var sol frå skyfri himmel. Då var eg med på rishausting for første gong i livet. Eg kledde meg som japanarane, med hue/hatt, sveittehandkle rundt halsen, kvite arbeidshanskar og høge gummistøvlar.
Det var Shoko som tok meg med på dette arrangementet. Ho har vore sjåfør for meg to søndagar før eg fekk meg bil sjølv, men denne dagen var det eg som køyrde.

Det var gratis å vere med, og vi fekk utdelt både mat og drikke. Og så skal vi seinare få 2 kg ris kvar av det som vart hausta med skurtreskar.


Eg må få vise den fine bilen min, ein Toyota Corolla Axio, 2009-modell. Ganske billig, lite køyrt, med automatgir. Einaste "feilen" eg har funne hittil, er at der ikkje er vindaugsviskar på bakruta. Eg trudde det fanst på alle bilar, men når eg ser meg rundt, er det fleire som ikkje har det. Upraktisk i denne delen av landet med så mykje regn og snø...

Og så eit bilete frå styremøtet vi hadde i Kobe forrige tirsdag:

Som de ser, er det damene som styrer det meste her. Ein grunn til at der er berre éin mann, er at der er veldig få å velje mellom. Dei to andre mannlege misjonærane vi har, er begge språkstudentar og kan difor ikkje veljast inn i styret endå.
Frå høgre har vi Lea Lukka (finsk), Ingebjørg Hildre, som var innom for å presentere rekneskapsrapportar, styreleiar Leifur Sigurdsson (islandsk) og stedlig representant Liv Bakke, som i løpet av august fekk eit ekstra etternamn: Magerøy. Og heilt til venstre ser vi sekretæren.

I går hadde vi ungdomsgudsteneste i Arashima, og der fekk eg helse på tre japanske studentar som eg ikkje hadde truffe før, og to kristne afrikanske studentar som nettopp har kome til Matsue.
Her er flokken som samlast i går kveld.
Forresten, eg må ta med eit bilete som pastoren tok av fotografane rett før dette vart tatt.

(Foto:Junichi Ishimaru)

I morgon skal eg til Nima og starte oppatt engelsk bibelklasse der. Akkurat idag kjenner eg at eg ikkje har så veldig lyst, men det kan nok bli kjekt å treffe att desse damene eg har undervist i to år.