Tuesday, October 20, 2020

Blomsterglede

Ein søndagsettermiddag for vel ei veke sidan hadde eg invitert ei dame som av og til kjem i kyrkja. "Eg tek med litt blomster", skreiv ho i ei melding. Og det var ikkje lite, heller. Ho følgjer med på bloggen min, så dette er til ære for henne. Eg måtte finne fram alle vasane mine og alt som elles kunne brukast.
Det vart ganske fullt på blomsterbordet!
Blomstrane pynta opp utover veka, men dessverre varer ikkje blomstrar så lenge. Bibelen samanliknar også livet vårt med gras og blomster som visnar. Men der er noko som varer: "For alle menneske er som gras og all deira prakt som blomen i graset. Graset visnar, og blomen fell av, men Herrens ord varer til evig tid. Dette ordet er evangeliet som er forkynt for dykk." 1. Peters brev 1, 24-25
Slik går det med oss alle etter kvart. Difor er det viktig at vi har del i det som varer utover dette korte livet. Det kan blomstrane minne oss på.

Friday, October 16, 2020

Ønskjer de misjonærbesøk?

 Denne katten var ikkje så glad for å få besøk av Japanmisjonæren. Kjedeleg var det, og synginga på foreininga var visst det verste. Men stort sett vart eg veldig godt mottatt overalt det året eg reiste i misjonen sist eg var på Norgesopphald.

Første halvår i 2021 skal eg også «reise i misjonen», eller «reise for Hovudstyret», som det heiter, rundt i alle regionar av NLM. Det høyrest litt skummelt ut, for dette har eg ikkje gjort før. Men eg vil gjerne treffe misjonsfolket og dele litt av det eg har fått vere med på her i Japan som dykkar utsending. Reiseruta er framleis på planleggingsstadiet, så der er mykje ledig. Difor oppmodar eg dykk til å ta kontakt med næraste regionkontor for å gjere avtale. Eg kan delta i alt ifrå foreining, forsamling, bedehusmøte, barnelag, institusjonsbesøk, kor, skule eller barnehage. Då eg reiste i Region Nordvest i 2016-17, vart eg også invitert til reine mannsforeiningar, og det var også kjekt! Det var kanskje eg sjølv som inviterte meg. Eg har også vore utsending frå Lærernes Misjonsforbund i mange år, så LMF-gruppene må også gjerne ta kontakt. LMF-grupper som ønskjer besøk, må ta kontakt med LMF-kontoret.

Mannsforeininga på Stranda tok godt imot meg!
 

Eg kan sikkert vere med på det meste, så lenge det er innanfor smittevernreglane. Men eg er kanskje ikkje akkurat nokon stormøte-talar…
 

 Her er ei skisse av reiseruta, så då er det berre å ta kontakt med regionkontoret:

Veke 1-3     Region Nordvest

Veke 5-6     Region Nord

Veke 9        Region Nordvest

Veke 11-12 Region Midt-Norge

Veke 14-15 Region Vest

Veke 17      Region Sør

Veke 19-20 Region Øst

Veke 22      Region Sørvest

Veke 30      Region Midt-Norge (ledig 27.-28. juli)

 

 

Thursday, October 15, 2020

Søndagslunsj i vingarden

Vi er allereie midt i oktober, men eg er ikkje heilt ferdig med september enno. Og det skjer noko heile tida.

Siste søndagen i september var eg i Izumo kyrkje og hadde med meg desse fine jentene her. Etter gudstenesta hadde vi bestilt sjølvplukk&eting av druer på ein vingard ikkje langt frå kyrkja. Det var heilt på slutten av sesongen, så der var berre éin sort igjen, men vi hadde meir enn nok å ete av i løpet av timen vi hadde betalt for.


 Det er kjekt å få ta med ungdommar til kyrkje. No har vi også byrja å samle ungdommane heime hos meg i mindre grupper, men bilete derifrå vil eg ikkje vise endå. Vi leiarane er blitt einige i at vi ikkje skal publisere bilete frå studentsamlingar på sosiale media i denne tida. Eg seier eg får vise dei når eg kjem til Norge.
Det har ikkje vore meldt om eit einaste koronasmitte-tilfelle i byen her sidan 25. august. Fleire var redde for at studentar ville ta med seg viruset når dei kom tilbake frå heile landet til nytt semester 1. oktober, men så langt er det ikkje meldt om nye tilfelle. Difor har vi våga å invitere til Bible Club nokre fredagar, men har sett eit øvre tak på 10 personar. 

Først sender eg dei på badet for å vaske hendene, og handsprit har eg på borda. Utanom når vi et, har vi munnbind, og vi prøver å halde 1-meteren også når vi et.
Eg har også hatt Bible Club ein laurdag ettermiddag og ein søndag ettermiddag for dei som ikkje fekk plass eller kunne på fredagskvelden. Dette går an så lenge eg ikkje har for mange andre oppdrag i helga, og før eg byrjar å pakke. Innimellom har vi også Bible Club online, så dei som ikkje bur i Matsue, får muligheit til å vere med, også.
I morgon har eg allereie ni på lista. Søndag har Caroline og David i Yonago invitert på besøk. Sidan dei har større plass, har vi sagt maksimum tolv personar der. Vi kallar samlinga "internasjonalt fellesskap", og er eit alternativ til internasjonal gudsteneste online. Kanskje vi får ungdommane med i kyrkja neste gong.

No på søndag skal eg preike på gudsteneste i Nima. Det er greitt å reise rundt med samme teksten i fleire kyrkjer. Denne har eg hatt både i Arashima og Yonago og på internasjonal gudsteneste. Det blir truleg mi siste helsing til den lille, trufaste kristenflokken i Nima. Vi har også invitert engelskklasse-elevane, og fleire har sagt dei vil kome. Vi har halde fram med engelsk bibelstudium på nettet, og vi får kanskje tid til nokre gonger til, men dette blir nok siste gong eg køyrer heile vegen til Nima. Eg reiser bortover laurdag ettermiddag og overnattar i kyrkja. Ei som ikkje kan kome på søndag, vil treffe meg på laurdag. Eg håper på fint vêr, så eg kan sjå den fine solnedgangen for siste gong.

Biletet nedanfor er Zoom-klassa med dei blide Nima-damene for to dagar sidan.

 

Første halvår i 2021 skal eg «reise i misjonen», eller «reise for Hovudstyret», som det heiter, rundt i alle regionar av NLM.  Det høyrest litt skummelt ut, for dette har eg ikkje gjort før. Men eg vil gjerne treffe misjonsfolket og dele litt av det eg har fått vere med på her i Japan som dykkar utsending. Reiseruta er framleis på planleggingsstadiet, så der er mykje ledig. Difor oppmodar eg dykk til å ta kontakt med næraste regionkontor for å gjere avtale. Eg kan delta i alt ifrå foreining, forsamling, bedehusmøte, barnelag, institusjonsbesøk, kor, skule eller barnehage. Då eg reiste i Region Nordvest i 2016-17, vart eg også invitert til reine mannsforeiningar, og det var også kjekt! Det var kanskje eg sjølv som inviterte meg. Eg har også vore utsending frå Lærernes Misjonsforbund i mange år, så LMF-gruppene må også gjerne ta kontakt.

Eg kan sikkert vere med på det meste, så lenge det er innanfor smittevernreglane. Men eg er kanskje ikkje akkurat nokon stormøte-talar…

Her er ei skisse av reiseruta, så då er det berre å ta kontakt med regionkontoret:

Veke 1-3     Region Nordvest

Veke 5-6     Region Nord

Veke 9        Region Nordvest

Veke 11-12 Region Midt-Norge

Veke 14-15 Region Vest

Veke 17      Region Sør

Veke 19-20 Region Øst

Veke 22      Region Sørvest

Veke 30      Region Midt-Norge (ledig 27.-28. juli)

 

Du som ber:

  • Be for Bible Club.
  • Be for gudstenesta i Nima på søndag, og spesielt for engelskklasse-elevane.
  • Be for det internasjonale fellesskapet hos Caroline og David på søndag ettermiddag. 
  • Be om at eg må få gjort det eg skal til rett tid med pakking og flytting, samtidig som eg gjerne vil halde fram med gruppene så lenge som mulig. 
  •  Be for alle som eg har fått lese Bibelen ilag med desse åra. Be om at dei må sjå at dei har bruk for Jesus i livet sitt.