Tuesday, October 20, 2020
Blomsterglede
Ein søndagsettermiddag for vel ei veke sidan hadde eg invitert ei dame som av og til kjem i kyrkja. "Eg tek med litt blomster", skreiv ho i ei melding. Og det var ikkje lite, heller.
Ho følgjer med på bloggen min, så dette er til ære for henne. Eg måtte finne fram alle vasane mine og alt som elles kunne brukast.
Det vart ganske fullt på blomsterbordet!
Blomstrane pynta opp utover veka, men dessverre varer ikkje blomstrar så lenge. Bibelen samanliknar også livet vårt med gras og blomster som visnar. Men der er noko som varer:
"For
alle menneske er som gras
og all deira prakt som blomen i graset.
Graset visnar, og blomen fell av,
men Herrens ord varer til evig tid.
Dette ordet er evangeliet som er forkynt for dykk."
1. Peters brev 1, 24-25
Slik går det med oss alle etter kvart. Difor er det viktig at vi har del i det som varer utover dette korte livet. Det kan blomstrane minne oss på.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment