Thursday, November 21, 2013

Utfordra av ein 9-åring

Eg har hatt ein bordtennisracket liggjande i ei skuffe i mange år. I Osaka-tida var han flittig i bruk, men her i Matsue har eg ikkje funne nokon plass å spele, før ei av medlemmene i bibelklassa mi inviterte meg til å spele med/mot sonen hennar. Jun på 9 år utfordra meg. I løpet av vel ein time spela eg både ilag med faren, mora og Jun, og det var ingen tvil om kven som var best. Jun går på bordtennisklubb på skulen og ligg i hardtrening. Etter kvar kamp tok han meg i handa og takka for kampen. Kanskje eg skulle takke han fordi eg klarte å vinne over han med eitt sett...?

Eg tek gjerne fleire treningskampar med Jun. "Neste gong kan vi spele ilag på Hiruzen, " sa han før vi gjekk. For der har han vore. På Snow Fun Camp i februar i år var familien der, og dei håper dei også kan vere med til neste år.

For nokre år sidan var to store Fjellhaugstudentar på overnatting hos familien til Jun. Han lurte veldig på korleis Christian og Yngve var blitt så høge. Jau, det var fordi dei hadde drukke mykje mjølk, meinte dei. Så han sette i gong å drikke mjølk for å bli stor og sterk. Om han ikkje er blitt like stor som dei enno, er han iallfall blitt god i bordtennis!

Eg ønskjer meg eit bordtennisbord i kyrkja. Det var på ungdomsklubb på bedehuset heime eg lærte meg å spele. Og på leir gjorde det inntrykk at ein av leiarane brukte tid på å spele bordtennis berre med meg. Eit bordtennisbord ville kanskje ha samla born og unge i kyrkja, også?


Wednesday, November 20, 2013

Korleis halde varmen

Det har vore ein fin haust, med gode norske sommartemperaturar. Men det blir stadig kaldare. Første søndag i november, då eg var i Izumo kyrkje, hadde dei allereie funne fram korga med små ullteppe som ein kan låne og ha på knea under gudstenesta. "Hizakake" heiter det, - noko til å legge over knea.

Å vere i bevegelse er også ein måte å få opp temperaturen på. Ruth Urstad fekk meg med på morgontrim i Kobe før styremøtet, og dagen etter, før eg skulle ta bussen heimover til Matsue, vart også Gunnar med.
Eg fekk iallfall opp både pulsen og blodsirkulasjonen.

Det er blitt sesong for "nabe", ein slags gryterett i keramikkgryte på gassbluss på bordet. Etterkvart som det tømmest i gryta og fyllest i magane, fyller ein oppi meir grønnsaker og kjøt. Fisk kan ein også bruke. I går hadde eg ei lita gryte med laks og grønsaker for meg sjølv. Eit par laurdags- eller søndagskveldar i månaden har eg middag og bibelstudium ilag med to japanske damer. Dette biletet er frå middagen vår for eit par veker sidan. No på laurdag skal vi treffast att, og då blir det truleg ny "nabe", med ein annan smak på krafta. Her er mykje å velje mellom.


Eg har vore på Hiruzen igjen, denne gong på misjonærsamling og arbeidarmøte. Vi hadde besøk av Arne Børresen frå Norge som underviste om arbeidsveiledning.
 Rektor på seminaret, Makito Masaki, tolka Børresen frå engelsk til japansk. Veldig bra! Til og med gjetta han rett på norske ord som ikkje kom på engelsk med ein gong!

Det kom snø i fjella medan vi var på Hiruzen, og i går var det også kvitt ved husa der. Det er til og med meldt snø nede i lavlandet her i Matsue, men hittil har eg ikkje sett det. Eg har lyst på snø, men eg veit også at nokre av damene i bibelklassa mi ikkje vågar å køyre bil om det skulle bli snø, så for deira skuld hadde det vore fint om snøen venta litt. Eller iallfall at det ikkje snør natt til fredagar.

Eg har iallfall fått skodd bilen for vinteren. Eg veit aldri kva føre det blir på søndag morgon når eg skal køyre til Izumo. Greitt å ha ordna det før køa blir altfor lang. Det var allereie ganske lang ventetid i dag.

Eg har også funne framatt teppa til varmebordet, som vi kallar "kotatsu". Under bordet er det ei varmepære som gir god varme til føtene, og varmen spreier seg vidare i kroppen. I går heva eg også brøddeig under her. Praktisk!

Eg har ikkje skrive så mykje om arbeidet i dag, men iallfall vart det eit livsteikn. Så skal eg prøve ikkje å la det gå like lenge til neste blogginnlegg.
Eg ser masse snøbilete frå Norge på Facebook, og gler meg til å kunne få legge ut mitt snøbilete frå Matsue snart. Men må nok vente litt til.