Sunday, March 30, 2014

Ny start

På kaka står det おめでとう(omedetou), som betyr gratulerer. Det var ikkje ei lita kake, heller, men omtrent 1 meter lang. Og kva var det vi feira?
Eg har hatt ein lang dag i Izumo kyrkje. På gudstenesta var det markering for dei som byrjar på ny skule. Det var forbøn for ei jente som skal byrje på ungdomsskulen og ein gut som skal byrje på vidaregåande. Men høgdepunktet var dåpen. Det var ei overrasking for meg. Ei av damene i den engelske bibelklassa hadde endeleg tatt steget!
Det har tatt mange år for henne. Men ho har høyrt mykje om Jesus heilt ifrå ho var liten. No var det siste sjanse for henne å bli døypt før Maekawa flyttar, og ho var redd ho berre ville utsetje det på ubestemt tid dersom ho ikkje vart døypt no.

Idag var det også avskjed for prestefamilien Maekawa, som om to dagar flyttar til Kobe. Der skal Maekawa ta over som prest i Aotani kyrkje, der noverande prest går av med pensjon. I Izumo får dei ein evangelist som blir ferdig på seminaret i juni. Fram til han er klar i juli, får dei hjelp ifrå andre plassar.

Det vart dekka langbord med mange forskjellige rettar som folk i kyrkja hadde tatt med. Her var det berre å forsyne seg!
Det var mange som ville ha ordet, og det var mange gode ord både til og frå familien Maekawa. Her er det yngstemann som takkar for seg. Han skal byrje i 5. klasse på ein skule i Kobe.
Eldstemann, som er blitt høgare enn far sin, skal byrje siste året på ungdomsskulen.

 
Her fekk eg også vere med på familiebilete.

Mange var komne idag for å ta avskjed med prestefamilien.

Etter avskjedsstunda møtte mine trufaste bibelklassemedlemmer opp. Ho som vart døypt i dag, fekk fortelje meir om kvifor ho ville bli døypt. Dei to kvinnene har vore veninner frå dei gjekk på ungdomsskulen, og dei byrja å gå på ungdomsklubb ilag. No er det berre éin igjen i denne gruppa som ikkje har tatt imot Jesus. Ver med og be for han at den Heilage Ande viser han at han også treng Jesu frelse!

Ein ny start, både for dei som skal flytte, dei som skal skifte skule og dei som skal byrje å arbeide på ein ny plass. Men også for ho som vart døypt vart det ein ny start, eit nytt liv med Jesus.

I kveld vart det for ein gongs skuld blogg FØR Facebook! Og det er eg ganske fornøgd med :)

"Internasjonalt fellesskap" og andre artiklar

 - Når eg set meg i bilen etter gudstenesta, kjenner eg alltid at det var godt at eg kom, seier Naoki, ein av dei ikkje-kristne ungdommane som bruker å komme på den internasjonale gudstenesta.

På biletet sit han til høgre. No er han allereie ferdig ved universitetet og har reist frå Matsue, men eg håper han vil finne ei kyrkje der han kan få høyre meir. Dei andre som er med i intervjuet, er f.v. Sakina og Grace. Shinya i bakgrunnen vart intervjua til artikkelen "Populær samlingsplass", så han fekk ikkje seie så mykje denne gongen.

Mars har vore månedens misjonsland, og vi har hatt fleire artiklar både i Utsyn og på NLM si heimeside. Det eg har skrive, finn du nedanfor. Har du ikkje fått med deg dette, har eg samla artiklane for deg her. Klikk på lenkjene for kvar artikkel:

Frå Valentin-sjokolade til å elske våre fiendar

Populær samlingsplass

Gode medarbeidarar i Matsue

- Imponert over studentane

Internasjonalt fellesskap

Jaudå, eg har visst jobba i mars...



Tuesday, March 25, 2014

Misjonærbesøk

Når eg er i Norge, er det ofte eg sjølv som er misjonæren som er på besøk. "En levende misjonær på bedehuset" song ein av mine yngre misjonsvenner då eg kom på besøk til dei på Godøya. Denne helga er det vi her i Matsue som har hatt besøk av ein japansk misjonær. Maki Ikegami er utsending frå VJELK (Vest Japan Evangelisk Lutherske Kyrkje) til Hong Kong og Macao. Der har ho vore i vel 1 1/2 år, og no er ho heime på ein kort informasjonstur. Før helga var ho med på VJELK sitt årsmøte, og frå laurdag til søndag i Matsue. Frå idag til torsdag er ho med på ungdomsleir, og neste søndag er det misjonsmøte i Kobe. Så skal ho til Finland for å vere med på ein ungdomskonferanse der, før ho reiser tilbake til Hong Kong. Før eller etter Finland rekk ho også såvidt ein tur til Tokyo for å treffe foreldra sine.

For å gjere det heilt klart: Det er ikkje eg som har laga maten ho et. Det var gåve frå ein i kyrkje som driv fiskebutikk. Og då fekk eg også nyte godt av godene:

Her var det mange delikatesser. For Maki var det ekstra stas å få ekte japansk mat, etter å ha vore borte frå landet i bortimot 2 år.



Søndag hadde Maki ei helsing under gudstenesta, medan ein tidlegare misjonær heldt preika.

Yoshiharu Hirano er no prest i Kita-Osaka, men har tidlegare vore i Indonesia med familien i 7 år. Han har dei siste åra vore leiar i ytremisjonskomiteen.

Ikkje nok med at vi fekk to misjonærar på taleoppdrag, men også ei tredje dukka opp på misjonsmøtet på ettermiddagen. Machiko Chigane (t.v.) har vore misjonær i Indonesia i 14 år. Etter ho kom heim, har ho vore evangelist i VJELK-kyrkjer, men no er ho pensjonist og bur i nærleiken av Oda.

Hirano fortalde ifrå si tid i Indonesia. Dei var sende til det fattigaste området, på øya Kalimantan (Borneo). Då ein av ungdommane der sa at han i framtida ville reise til Japan som misjonær, tenkte Hirano i sitt stille sinn at det ville no vere umulig økonomisk. No er det gått 30 år, og han har fått sett frukter av arbeidet. Ei som han døypte som barn på Kalimantan, er no misjonær i Tokyo, og ein han underviste på seminaret i Indonesia, er no misjonær i Osaka. For to år sidan starta denne indonesiske pastoren gudsteneste for indonesarar i Kita-Osaka kyrkje, der 20-30 samlast kvar gong.
- For 30 år sidan kunne eg ikkje tru at dette var mulig, seier Hirano, men når Gud kallar, vil han også opne veg sjølv om vi manglar mykje. Bøn er det aller viktigaste. Og når vi gir, har Gud lova å opne himlens sluser. Det finst ingen større lovnad enn Jesu ord i Matt. 28, 18-20.
Han siterte også Ole Hallesby som har sagt at det finst ikkje større bønnesvar enn for dei som ber for misjonærane. Han understreka også at det er eit privilegium å vere misjonær fordi så mange ber for ein.

Så var det den unge misjonæren sin tur å dele. Ho innleia med ei lang frase på kantonesisk, som ingen forstod så mykje av, men det høyrdest iallfall kinesisk ut, før ho slo om til japansk igjen.
- Takk for forbøn. Eg veit at eg ikkje er åleine, men det er godt å møte dykk ansikt til ansikt!

Ho ga uttrykk for at ho trivst, sjølv om ho har felt mange tårer over det kantonesiske språket.
Samtidig med språkstudiet er ho også med i kyrkja sitt arbeid, og ho føler ho er blitt godt tatt imot.
- Eg kan ikkje rapportere at eg har starta noko nytt, men eg har heller ikkje tenkt at eg vil reise heim, sa ho.
Ho har sett seg tre mål for den første perioden:
1) lære å kjenne kultur og levemåte
2) lære seg språket (kantonesisk)
3) bli kjent i kyrkja og delta i fellesskapet

VJELK er eit lite kyrkjesamfunn, og kyrkja har allereie for få arbeidarar. Mange japanske kristne undrast kanskje på kvifor VJELK har sendt Maki til Hong Kong, der prosenten av kristne er høgare enn i Japan. Likevel er det eit kall og eit oppdrag vi har fått til å gå utanom landet sine grenser med ein grensesprengande bodskap.
For meg med NLM-bakgrunn var det ekstra sus over salmesongen når vi song på japansk "Din rikssak, Jesus, være skal min største herlighet" og "Skund deg, Guds folk, ditt høge kall fullenda".

"Syng fagnadbodet, bodet om fred.
 Bodet om Jesus, det folkeslaga gled"!

Det er vår. No er det heller ikkje lenge til sakuraen er i full blomst. Guds rike skal også blomstre. Og i Guds rike tek våren aldri slutt!

Wednesday, March 19, 2014

Å fylle femti...


Det kan vere ei påkjenning å fylle femti år i Norge. Her i utlandet kan det heldigvis gå litt stillare føre seg. Men samtidig er det no litt kjedeleg dersom ingen veit du har stor dag, heller, då. Eg har fått sånn passeleg oppmerksomheit, og det er vel nok. Men eg hadde no rekna med at namnet mitt kom både i Sunnmørsposten og lokalavisa, men det hadde det visst ikkje, nei. Eg står no framleis i folkeregisteret, men dei har kanskje ikkje funne utlandslista... Biletet ovanfor viser den framleis unge misjonæren, dagen etter den store dagen.
I helga hadde eg ikkje tid til å feire meg sjølv, for eg var fullt opptatt med å førebu den internasjonale kveldsgudstenesta. Og i tillegg hadde eg pressa inn ein filmkveld på laurdagen. Ei av studentane ville gjerne sjå filmen "Dei ti bod" (om Moses), og då bestemte vi å ha ope hus. Grunnen til at vi valde denne kvelden, var at det var siste sjanse for ein av studentane som reiser.

Ein kvit vegg i enden av kjøkkenet fungerte som kinolerret. Filmen varte i nesten fire timar, og med middagspause og ein ikkje-planlagt kakepause og samtale om filmen etterpå, vart det ein lang kveld. Alle hadde med seg det dei ville ete til middag/kveldsmat. Men at eg skulle få kake, hadde eg ikkje forventa.
Det var ei som eg hadde feira femtiårsdagen til i februar som hadde kjøpt med seg kake.
Tusen takk, Yumiko!



Søndag hadde vi besøk av Machiko Chigane som talte på føremiddagsgudstenesta. Vi jobba ilag i Kita Osaka i to år. No er ho pensjonist, men tok på seg dette preikeoppdraget. Etter gudstenesta var fleire frå kyrkja ute og åt lunsj.

Her er litt av maten. Det var buffet (som dei her kallar "viking style"), så det var berre å forsyne seg så mykje ein ville. Til den nette prisen av ca 65 kroner.

På kveldsgudstenesta denne gongen var vi ikkje så mange, men eg håper dei alle fekk med seg noko heim av evigvarande verdi. Temaet for gudstenesta var "Kva er kjæleik?"

Etter at eg kom heim i 22.30-tida, logga eg meg på Skype for å ta imot eventuelle helsingar, og eg hadde endeleg tid til å opne brev og pakkar, og starte å lese gratulasjonar på Facebook. (Idag, tre dagar seinare, trur eg at eg endeleg har kome gjennom alle...)

Måndag hadde eg endeleg tid til å feire meg sjølv, og då kom Kari Opperud frå Nima ein tur. Først hadde vi lunsj på hotell igjen, eit anna enn dagen før, der vi kunne ete i 90 minutt for ca 60 kroner. Deretter var vi innom i plommeparken og fekk tatt litt fotografering.


Dette er plomme. Sakuren kjem seinare.



 

Kari hadde også med seg blomster til meg. Tusen takk, Kari! Elles feira vi kvarandre, også, sidan ho også snart har stor dag.

Og her er damene.
 Takk for alle helsingar frå fjernt og nært! Og hadde det gått deg hus forbi, tek eg gjerne imot helsingar heretter, også!

Tuesday, March 11, 2014

Inspirerande studentleir

Aldri i mi tid i Matsue har det vore så mange studentar på ein KGK-leir i dette området. Tidlegare har det vore mellom 25 og 30. På sommarleiren i fjor var dei omtrent 40, og på vårleiren 4.-7. mars var det over 50!
Dei fleste studentane kom frå Okayama og Hiroshima, men til og med frå Shimane var vi fire, og ein student ifrå Tottori, også.

Tema for leiren var: "Gudsteneste skjer ikkje berre i kyrkja, men også i vår kvardag."
Gjennom bibeltimar, mange gruppemøte, kveldsmøte og temasamlingar vart det på ulike måtar fokusert på temaet.
Bli-kjent-leik

Ein aktiv og positiv flokk

 
Fukuyama Fureai Land ligg i eit område med mange turstiar. 

På seminaret eg hadde om kjærleik, måtte studentane jobbe sjølve.

Og her er resultatet: 1. Kor 13, 4-8. Forresten var det berre éin gut som valde temaet "Kjærleik"...

 Og så var det tid for å pakke seg ut

Rett før lunsj på avslutningsdagen var det lagt inn eit ekstra programinnslag: Avskjed med lagssekretær Yuya Kawano. Han har vore tilsett i regionen i to år, men reiser no til Nagoya for å jobbe som lagssekretær der. Og her i Chu-Shikoku-regionen får vi ny arbeidar frå april, ein som kjem rett ifrå seminaret. Studentane viste på mange måtar at dei hadde sett pris på Yuya, og andakta han hadde på avslutningsmøtet utløyste mange tårer. Han vil bli sårt sakna, men eg er sikker på at han vil gjere ein like god jobb på den nye plassen.

I Japan er trafikklyset blått, gult og raudt.

 Det tok si tid før eg fekk med meg passasjerane mine heimatt.Eg står klar med nøkkelen, men fotograferinga ville ingen ende ta...
Då er vi tilbake i Shimane fylke, med fint vinterlandskap. Men det hjelper lite med ein ny, flott motorveg når fartsgrensa er sett ned til 50 på grunn av litt snø i lufta...
Vi rakk likevel Bible Club med 10 minutts margin. Og der vart vi møtt av Sansfica (nedanfor) som hadde laga Sri Lanka curry til 15 personar!




Det kjem meir om studentleiren på nlm.no i slutten av veka. 
Følg med på månedens misjonsland!