Wednesday, February 29, 2012

Sett med nye auge



Min nye medarbeidar Maria er veldig observant, og ho er også flink til å formidle det ho høyrer, ser og opplever. Her er ein god smakebit: Gud er for streng

Wednesday, February 22, 2012

Japan spør om hjelp

Høyr Shige Oshima, ein av 16 tilsette i det japanske Laget, om kvifor det er så viktig med studentarbeid. 16 KGK-sekretærar fordelt på 700 universitet, - kva er det til så mange?

Shige Oshima: KGK staff worker in Japan from CMS NSW & ACT on Vimeo.


Hausten er stor, men arbeidarane er få. Be derfor...

Wednesday, February 15, 2012

Kvitare enn snø


Både born og vaksne fekk boltre seg i snøen på Hiruzen Bible Camp 10.-12. februar. Vi lærte også korleis hjarta kan bli kvitare enn snø.



Det er ikkje mange misjonsfelt som kan arrangere Snow Fun Camp, men på Hiruzen i Japan har vi skikkeleg ”norsk” vinter. Til og med gjestane frå Norge syntest det var kaldt nok.


Køkultur
På leiren var vi til saman 22 med deltakarar og leiarar. Fleire var også med på leiren i fjor, og det viser at det gav meirsmak.



Nokre av borna viste god framgang i slalombakken, og dei reiste sikkert heim med styrka sjølvtillit. Andre prøvde langrenn for første gong i livet, og syntest det var ei oppleving.


Vi var ikkje åleine på fjellet. 11. februar var offentleg fridag i tillegg til at det var laurdag, og denne morgonen var det også strålande vêr, så det var ganske folksomt på skisenteret. Men det var kanskje berre vi utlendingane som ergra oss over lange køar? Japanarane er vande til å vente på tur, men når ein må vente både i heiskøa, i matkøa og i dokøa, går det bort ein god del tid.

Det blir lange køar overalt der japanarane er, for det er mange av dei. Men køa av dei som ønskjer å høyre om Jesus og bli frelst, er dessverre altfor kort...

Kvitt hjarte
Ute i den kvite snøen kunne vi tenkje på det vi hadde høyrt på bibeltimane. Aiji Komiyama er nyutdanna prest og arbeider i Kita Suzurandai kyrkje i Kobe. Han talte over temaet ”Kvitare enn snø” slik at både små og store forstod. ”Reinsa meg frå synd med isop så eg vert rein! Tvett meg så eg vert kvitare enn snø!” bad David. (Sal. 51, 9)

Komiyama hadde vore ute og kjøpt ei kvit, hjarteforma skål og tuber med mange forskjellige fargar måling. Så tok han litt av kvar farge ned i hjarteskåla. Fargane skulle illustrere kva som fyller hjarta vårt. Då han tok penselen og blanda fargane, vart hjarta svart.

Slik er også mennesket sitt hjarte når Gud ser på det. Korleis kan vi gjere hjarta kvitt, spurde han, og borna kom med fleire forslag.
Han sjølv prøvde med kvitmåling. Men samme kor mykje kvitt han blanda med det svarte, vart resultatet grått. Kva skal vi då gjere?

Han tok eit blankt ark for å vise kva Gud gjer med problemet vårt. Men dette arket pakka han inn det svarte, syndige hjarta så vi berre såg det kvite. På samme måte kler Gud oss i Jesus når vi trur på han og blir døypte.


”For de, så mange som er døypte til Kristus, har ikledd dykk Kristus.” (Gal. 3, 27)


Norske barn som ber

På leiren hadde vi besøk av eit filmteam frå Norge. Grete Yksnøy Martinsen, Jan Egil Reime og Torgeir Henden er for tida i Japan for å lage film for Barnas Misjonsprosjekt og til GF. Torgeir var både høgt og lavt med videokameraet, utan at det såg ut til å distrahere nokon. Ei av mødrene som var med på leiren, sa at det gjorde inntrykk å høyre om Barnas Misjonsprosjekt.
- Eg har høyrt at misjonsvenner i Norge ber for Japan, men at også norske barn ber for oss, har eg aldri tenkt på før. Det gjorde inntrykk på meg, seier ho.

Thursday, February 2, 2012

- E' de' gøy?



Det var skuleborn på veg heim som spurde raringen som var ute på ski idag.
- Tanoshii desu ka?
- Hai, tanoshii yo! svarte eg og stava meg vidare.

Det er første dag med såpass tørr snø at han ligg ein dag eller kanskje to. Som utlending blir eg vel alltid lagt merke til, men å gå på ski i byen, er det vel ingen som gjer.
- Du må gå på ski på fjellet, meinte ein som var ute på sykkel. Så eg følgjer ikkje reglane, altså. Neivel.
Faktisk var det ein liten gut i nabolaget som hadde fått på seg slalomskia og gjekk litt på vegen. Så eg var ikkje den einaste idag. Men langrennski har dei vel ikkje sett før.
- Hæ, går du på snowboard?! var ein kommentar.

Borna seier det dei tenkjer, dei. Men dei vaksne berre ser, og kanskje smiler forsiktig av utlendingen som ser ut til å like snø.
Og ungdomsskulejentene kniser. Eg stoppa for å få dei til å ta bilete av meg.
- Kvar kjem du ifrå?
- Meiner du idag, så kjem eg heimanfrå. Men eg kjem frå Norge, viss det var det du meinte, svarte eg.

Etter at eg hadde gått eit stykkje, ropar dei over til ei veninne på andre sida av elva:
- Ho er frå Norge!!

Eg trur faktisk eg burde ha gått på ski kvar dag når elevane kjem frå skulen. Då kunne eg kanskje fått kontakt med nokre, også. Men det spørst kor lenge snøen ligg.


Eg var iallfall heldig med vêret den lille timen eg var ute. Etter at det hadde snøa og blese omtrent jamnt ifrå i dag tidleg, var det no opphaldsvêr, og sola klarte å bryte gjennom dei mørke skyene.


Det er ikkje ofte eg kan bruke ski her utan å måtte køyre nokre mil, men idag fekk bilen stå nedsnødd.


Det var godt med varm middag med Vårt Land til etter den friske turen. Kanskje eg skal ta meg ein liten tur att i morgon tidleg medan snøen enno er brukande?

Snow Fun Camp 10.-12.februar
Neste helg er det skileir. Idag har eg byrja på ei andakt eg skal ha der. Temaet for leiren er "Kvitare enn snø". Det er faktisk noko som kan bli kvitare enn nysnø med sol på!
Her er meir informasjon om leiren:

https://www.facebook.com/events/106915072760967/

Kvar vart det av dei?

Studentarbeid på lang sikt


Han seier sjølv at han var som Jona, som rømde ifrå Guds kall. I april i år startar han som lagssekretær.

Vi kalla han berre ”Bucchi”, men eigentleg heiter han Ryosuke Ikebuchi. Han var ein av studentane eg vart kjend med den tida eg arbeidde blant studentar i Osaka, i tidsrommet 1998-2004. Kvar har det blitt av alle desse?

I nyheitene i Norge har det vore ein del fokus på alle som var med i kristen samanheng i ungdomstida, men som har kome bort frå Jesus. Det finst dessverre mange slike her i Japan, også, men idag har eg lyst til å setje fokus på dei som er blitt bevarte og utrusta til teneste i løpet av studietida.

Kjende fjes på Facebook
Facebook er eit godt hjelpemiddel for å oppspore gamle kontakter. Lagssekretæren som eg arbeidde ilag med i Osaka-tida, legg stadig vekk ut bilete og oppdateringar frå arbeidet med studentane, og kjende namn og bilete av studentar frå mi tid dukkar også ofte opp. For ei tid sidan presenterte han desse på biletet ovanfor. Nummer to ståande frå venstre er Ryosuke. Han er no ferdig utdanna teolog, og ifrå april i år blir han tilsett som fast arbeidar i Laget.

Som Jona
Ryosuke var ein av omlag 8000 studentar ved Osaka City University, eitt av dei vel 40 universiteta i Osaka. Han var ein kristen, men ville helst ikkje engasjere seg. Han visste at der var eit kristent studentlag, og han visste at han skulle ha blitt med der, men han gjorde ingenting for å oppsøkje det. Heller tvert imot.

- Eg var som Jona, som rømde frå Guds kall. Han gjekk i motsett retning av der Gud hadde gitt han beskjed om å gå. Eg rømde også slik som Jona, hugsar eg Ryosuke innrømma i ei andakt han hadde på ein leir. Men Gud fekk tak i Jona att, og han fekk også tak i Ryosuke. Der var ein annan student som bad. Og det hadde han gjort allereie i to år. ”Gud, send nokon!” Guten som bad, heitte Hidetaka. For nærmare 10 år sidan laga eg eit intervju med Hidetaka for Ungdom&Tiden, og faktisk fann eg det igjen i arkivet mitt! Her er eit utdrag:

Akiramezu!
Har du nokon gong hatt lyst å gi opp fordi ingen kjem på lagsmøtet eller på ungdomsklubben? Kanskje eit møte med ein japansk student kan verte ei oppmuntring for deg. ”Akiramezu! Gi ikkje opp! Også når du ikkje ser svaret, arbeider Gud!” seier Hidetaka (23). Han veit kva han snakkar om.

Blant venner vert han kalla Hide-kun. Ein veldig grei, smilande og koseleg ungdom. Må vere svigermors draum, tenkjer eg.

- Allereie før eg vart døypt, visste eg at eg ville tene Jesus. Eg kunne ikkje tenkje meg noko anna enn å leve for Gud. Siste året på ungdomsskulen bestemte eg meg for å gi livet mitt til Jesus.

Men det gjekk fleire år før Hidetaka fekk klarleik i kallet og våga å snakke med nokon om det. På studentlagsleiren sommaren -99 fekk han ta det avgjerande steget. Eg hugsar han frå seminar-gruppa der vi snakka om misjonærkall. Etter eit kveldsmøte måtte han finne ein plass han kunne vere heilt åleine med Jesus. Der svarte han ja til kallet.

Før eg reiste til Japan, lærte eg om noko som heiter GMT; Good Missionary Training. Det verkar som om også Hidataka har fått ein porsjon GMT. Han fortel stillferdig om korleis Gud har gitt han tolmod til å føre vidare kristengruppa ved universitetet. Men dette tolmodet har mange gonger blitt sett på prøve. For denne gruppa bestod lenge i berre éin medlem, og det var han sjølv.

Hidetaka er aktiv i KGK, som er den japanske versjonen av NKSS. Då han kom til universitetet, leita han i orienteringa om der var noko kristengruppe, og han fann eit namn som han ringde til. Då viste det seg at han var eit bønnesvar! Året før hadde der vore to medlemer, men no var der berre ein 4. årsstudent att.

-Våren då eg starta på 2. året, var tung. Plutseleg var eg blitt att åleine. På leiren i vårferien bad vi for studentgruppa vår. Det var ikkje anna å gjere enn å overlate alt til Gud. Klubbrommet kjendest altfor stort der eg sat åleine. ”Gud, send nokon!” bad eg. Det hende nokon var innom, men elles var det berre eg. Også 3. året heldt fram på same måten. Av og til kome der ein, og det var godt å kunne be ilag, men oftast var eg der åleine.

I fjor, då Hidetaka byrja på 4. året, kom han i kontakt med ein kristen 2. årsstudent som byrja å kome fast og som etterkvart fekk med seg to 1. årsstudentar. No samlast dei ein dag i veka til bibelstudium og elles fleire gonger for veka et dei lunsj ilag. Namnet på klubben har dei forandra frå ”Bibellesingsmøte” til ”Jesus Freak”. Målet deira no er å få fem nye medlemer. Og dei ønskjer å få fleire ikkje-kristne med.

Kristengruppa kan halde fram fordi ein student var trufast og heldt ut to år meir eller mindre åleine. Gjennom dei erfaringar han har gjort, vil han gjerne oppmuntre deg som strevar, som kanskje er åleine kristen:

- Gud arbeider. Han vil arbeide også der du er. Så gi ikkje opp! Også når du ikkje ser svaret, arbeider Gud! Difor: AKIRAMEZU!

Så langt Ungdom og Tiden ein gong tidleg på 2000-talet.

Guds svar
Bønene til Hidetaka fekk svar. Litt etter kvart vaks gruppa. Det var berre gutar i starten, så dei byrja faktisk å be om jenter!


Dette biletet er frå ein julefest ved Osaka City University i 2002. Ei ganske mannsdominert forsamling, som de ser. I dette rommet var det Hidetaka hadde lagsmøte åleine i to år. På ein fast dag kvar veke kom han hit og las i Bibelen, spela gitar og song, og han bad: ”Gud, send nokon!”

Nokre av studentane tilhøyrer andre universitet, men likevel var gruppa blitt ganske stor.


Her er gruppa som har vakse fram til 2002, oppstilt i rekkefølgje etter når dei vart med. Bakerst til venstre er Hidetaka. Nummer to i gruppa, Ryosuke, står attmed han. Den siste i rekkja, framme til høgre, dreg kanskje nokre av dykk kjensel på. Ja, det er Naoto, som var til Norge både sommaren 2002 og vinteren 2010. Han vart døypt nokre månader etter at dette biletet vart teke.

Kvar er det så blitt av alle desse? Eg har ikkje oversikt over alle på biletet, men det eg har funne ut, er at Hidetaka studerer teologi i Canada, to av dei andre gutane er allereie ferdig utdanna og arbeider som prestar, og Naoto er ein kristen fysikklærar på vidaregåande og aktiv i vår kyrkje i Kita-Osaka og song-og musikkarbeidet i WJELC.

Det er spennande å sjå studentarbeidet i eit lengre tidsperspektiv. Det kan også inspirere i arbeidet eg står i no. Ein dag skal vi kanskje få sjå overraskande resultat! Det gjeld berre ikkje å gi opp, som mottoet til Hidetaka var: ”Akiramezu!”