Wednesday, August 12, 2015

Det går dårleg med leseprosjektet

Første del av ferien er over. Optimistisk som eg var, tok eg med ein heil papirpose med bøker som eg tenkte å komme igjennom i løpet av desse dagane. Dei fleste har eg med heim, uopna. Men eg har gjort ein del anna.
På Hiruzen Bible Camp har eg vore hjelpekokke, oppvaskhjelp og reinhaldsassistent. Nesten som i gamle dagar då eg var kjøkkenjente på Vestheim. Men eg har også hatt litt fritid til å sykle, surfe på nettet eller vere med på møte på leirane.

Måltida hadde eg i kjøkkenkroken ilag med kokk og kontormann Ikeshita og dagleg leiar Ohashi og kona hans. Ho viser stolt fram eit glas solbærsylte som ho laga av bæra dei ikkje trudde kunne brukast til noko. Det var Ingebjørg Hildre og eg som fortalde henne korleis ho kunne lage sylte. Og den smakte ekte!

Dette er tidlegare i juli då solbæra vart hausta. Ikkje dei store buskene å skryte av, men dei har iallfall smaken. Lurer forresten på kven av dei norske misjonærane som har hatt med rips, solbær og stikkelsbær og planta der? Nokon som kan fortelje meg det?



I helga hadde eg nokre dagar for meg sjølv i Uradome, i det som tidlegare var misjonærleiligheit i kyrkja der. Med kort veg til badestranda, og nær nok til Tottori til at eg kunne treffe gamle venner opptil fleire gonger. Dermed vart det mindre tid med bøkene mine, men det er slikt som eg kan ta igjen utover hausten (trur eg...)

Dei har mykje sand i Tottori, og ved sanddynene mellom Tottori og Uradome, har dei utstilling av sandskulpturar. Dette året er temaet Tyskland, så her traff eg både Luther, Bach, Einstein og andre meir eller mindre kjende.

Søndag var det gudsteneste i Uradome med eldste Manabu Yamashita som talar.

Dotter til Yamashita var også med ifrå Tottori.

Desse tre har vore dei trufaste medlemmene i Uradome sidan eg var der for 18-20 år sidan og sikkert lenge før.

Denne familien traff eg til og med to gonger i løpet av helga.


Måndag tilbake på Hiruzen Bible Camp hadde ein ny leir starta. Her er det staben som grillar restar i mørkret etter at deltakarane er ferdige med middagen. For å sjå om kjøtet er steikt, måtte vi bruke lommelykt...

I dag køyrde eg mellom mange grøne risåkrar på veg heim frå Hiruzen.

No er kofferten snart ferdig pakka til Kinareisa. Jaudå, eg har med eit par bøker... I morgon reiser eg til Osaka, og fredag 14.8 flyg eg til Shanghai, der eg skal skifte fly til Xi'an. Og der møter eg etter planen min norske guide, som eg skal ha to veker ilag med.

I Kina er både Facebook og blogg stengt, så eg får vente til eg er tilbake (28.8) med å formidle inntrykk derifrå.

Tuesday, August 4, 2015

Gjensyn etter nesten 20 år

I første periode var eg plassert i Tottori etter språkskulen. Eg tok over eit hus etter ein misjonærfamilie, og vart buande i eit område med mange unge familiar. Til huset høyrde det ein liten hage, som eg prøvde å halde fri for ugras. Borna i nabolaget kom for å snakke med den nye utlendingen som hadde flytta dit. Dei forstod at eg kom frå Norge.
"NANI de kita no?" spurde dei. Og eg trudde dei spurde "NAN de kita no?"
Det første spørsmålet betyr "Korleis kom du?", medan det andre betyr "Kvifor kom du?"
Svaret på første spørsmålet skulle altså vere "med fly", men eg svarte på det eg trudde eg vart spurd om, og sa "for å fortelje om Jesus". Dei kjende sjølvsagt ikkje Jesus, men dei heldt fram med å komme og prate, og nokre jenter ville også inn og sjå korleis eg hadde det.
Å spele på gitaren eller el-pianoet var populært.

Men korleis skulle eg få fortelje desse nye vennene mine om Jesus? Eg nemnde det for folk i kyrkja, og ein dag var det ein som sa: "Dersom du vil starte barnelag, vil kona mi hjelpe deg. " Og slik vart det. Han sjølv laga flygeblad som eg delte ut i nabolaget.

To laurdagar for månaden inviterte eg til barnelaget "Sing Song" heime hos meg. I løpet av dei to åra eg budde der, hadde eg over 90 namn på lista! Nokre kom berre ein gong, men mange kom igjen og igjen.

I tillegg kom nokre mødre på døra og spurde om eg kunne undervise borna deira i engelsk. Der fekk eg også fortelje om Jesus og lære dei kristne songar.
Eg vart også kjent med ei dame som var pianolærar, og som hadde mange av borna i nabolaget som elevar.
Då ho flytta til ein annan by på grunn av jobben til mannen, formidla eg kontakt med ei kristen kvinne i den byen og tipsa om at pianolæraren kanskje kunne bli spurt om å spele i kyrkja. Og slik vart det. Etter nokre år vart ho ein kristen. Og i jula i fjor vart mannen hennar også døypt.

No har pianolæraren spurt mange gonger om eg ikkje vil komme på besøk, for fleire av dei tidegare naboane våre bur i samme byen, og dei ville også treffe meg.
Så då eg fekk ferie og likevel var på Hiruzen, var eg komen nesten halve vegen til Kurashiki, så det passa bra å ta ein tur. Tre kjekke ungdommar og to mødre møtte meg og pianolæraren ved den avtalte restauranten.
Det var artig å treffe dei att. Alle påstod at eg ikkje hadde forandra meg; eg hadde berre fått kortare hår.

- Dette er meg! sa denne unge dama. Ho hugsa godt at ho likte å spele på gitaren min.

Søstra til den andre jenta var på jobb søndag, men henne fekk eg treffe måndag føremiddag.
Noko vart sådd ein gong i nokre barnehjarte. Kor mykje dei hugsar, spurde eg ikkje om, men eg er glad eg fekk gi dei kvar sitt Gideon-NT og eit par manga-hefte. Denne jenta har forresten studert ved eit kristent universitet, der dei også hadde andakter og bibelundervisning.
Denne unge jenta er ho i stripa skjorte som spring "slå på ringen" her.

Takka vere pianolæraren som inviterte meg og som samla desse tidlegare naboane, fekk eg friske oppatt gamle minne. For 20 år sidan opna Gud ei dør som eg berre fekk gå inn gjennom.

- Dersom eg ikkje hadde truffe deg, ville eg kanskje ikkje ha blitt døypt, sa pianolæraren. Og no er mannen også med på vegen. Kanskje nokre av desse ungdommane også blir kristne ein gong?

Nokre sår, og andre haustar. Men det er Gud som gir vekst.


Saturday, August 1, 2015

Ferie i sikte!

Eg hadde planar om å skrive blogg i dag ettermiddag før eg tok laust heimafrå, men det vart det ikkje tid til. Men no har eg fått meg eit rom på Hiruzen Bible Camp, med trådlaust nettverk, så då får eg ta ein liten statusrapport.

Eg må også sjå gjennom andakta til søndagsskulen og preika til gudstenesta i morgon før eg legg meg. Det er i Hiruzen kyrkje eg er på jobb siste dag før ferien. Iallfall bortimot halv dag. Så startar ferien i morgon etter kyrkjetid.

Av biletet ovanfor ser de at eg har litt planar for dei første vekene. Den 14. august reiser eg ein tur til Kina, men før det skal eg vere i området her. Litt på besøk, litt frivillig praktisk arbeid på Hiruzen Bible Camp, og ein stille retreat for meg sjølv i kyrkja i Uradome, ved havet i Tottori. Der er det ikkje internett, så då får eg forhåpentlegvis tid til å lese bøker! Så 6.-10. august blir eg verken å finne på Facebook, blogg eller e-post. 

Eg har eit godt utvalg av bøker. Den tjukkaste boka, "Sons of encouragement", hadde eg forresten med til Norge i fjor, men eg er framleis ikkje komen meir enn halvvegs, sjølv etter alle lange togturar eg hadde i fjor...  Får sjå kor langt eg kjem i år. Eg reknar med at "Etter at Olga reiste til Syden" er litt lettare å kome gjennom.

Igår hadde eg siste Bible Club med middagsservering på ei stund. Mine venner Carmella, Scott og Ikuko vil opne leilegheita mi kvar fredag også medan eg er borte, men då må alle ha med seg mat.

Det er ikkje ofte eg blir med på biletet, men her er eg ilag med flokken i går. Vi har brukt eit studieopplegg om Peter dei siste vekene, og i går var det teksten om Jesus som møter Peter etter oppstoda og spør: "Elskar du meg?" 

Folk kjem og reiser. Jenta i midten reiser heim til Kina i starten av september, så dette var siste Bible Club for meg ilag med henne. Den andre jenta er japanar, men i august reiser ho til Florida for å studere eit år. Forhåpentlegvis er ho tilbake på Bible Club før eg reiser neste sommar.

Folk blir spreidde for alle vindar; USA, Okinawa (Japan), Brasil, Kina og Australia, og fleire av desse vil kanskje ikkje møte kvarandre igjen. På biletet er det faktisk to som reiser til Kina; og eg er den som reiser først.
Eg må ta med eit bilete av ei sandstrand ved Japanhavet. Tidlegare i veka var eg i Nima og fekk meg ein tur på stranda mellom bibelklassene. Også i Uradome er der fine strender, men eg håper der er mindre bølgjer, så eg vågar å bade...

Då eg kom til Hiruzen i kveld var klokka 20.30, og eg hadde allereie køyrt i mørkret i ein time. Ingen lyse sommarkveldar, her, nei. Men månen var flott!

Det blir nok litt fleire oppdateringar medan eg er på Hiruzen, men i Uradome blir det som sagt ikkje nokon aktivitet her. Og i Kina er det ikkje mulig å komme seg inn på Facebook eller blogg, så eg får kanskje ikkje gitt så mykje livsteikn derifrå. Forhåpentlegvis kan eg sende e-post. Vil du ha Kina-nytt frå meg, må du gjerne gi meg eit hint.

Eg skal reise åleine, men møter min norske guide på flyplassen i Xian, så eg reknar med resten av turen skal gå greitt.
Du kan finne fram eit Kina-kart og sjå om du finn desse byane: Xian, Ankang, Louyang og Kunming. Det er dit eg skal. Første veka på reisefot, og andre veka heime hos "guiden" i Kunming.

Tirsdag 4. august skal det visst vere eit program på NRK frå Frikyrkja sitt arbeid i Ankang. Jakob Kvalsvik, onkel til mamma, var misjonær i Ankang i 1920-åra, og det er grunnen til at eg vil dit. Søndag 16. august skal eg truleg vere på gudsteneste i kyrkja som blir vist på TV den 4.