På Hiruzen Bible Camp har eg vore hjelpekokke, oppvaskhjelp og reinhaldsassistent. Nesten som i gamle dagar då eg var kjøkkenjente på Vestheim. Men eg har også hatt litt fritid til å sykle, surfe på nettet eller vere med på møte på leirane.
Måltida hadde eg i kjøkkenkroken ilag med kokk og kontormann Ikeshita og dagleg leiar Ohashi og kona hans. Ho viser stolt fram eit glas solbærsylte som ho laga av bæra dei ikkje trudde kunne brukast til noko. Det var Ingebjørg Hildre og eg som fortalde henne korleis ho kunne lage sylte. Og den smakte ekte!
Dette er tidlegare i juli då solbæra vart hausta. Ikkje dei store buskene å skryte av, men dei har iallfall smaken. Lurer forresten på kven av dei norske misjonærane som har hatt med rips, solbær og stikkelsbær og planta der? Nokon som kan fortelje meg det?
Dei har mykje sand i Tottori, og ved sanddynene mellom Tottori og Uradome, har dei utstilling av sandskulpturar. Dette året er temaet Tyskland, så her traff eg både Luther, Bach, Einstein og andre meir eller mindre kjende.
Søndag var det gudsteneste i Uradome med eldste Manabu Yamashita som talar.
Dotter til Yamashita var også med ifrå Tottori.
Desse tre har vore dei trufaste medlemmene i Uradome sidan eg var der for 18-20 år sidan og sikkert lenge før.
Denne familien traff eg til og med to gonger i løpet av helga.
Måndag tilbake på Hiruzen Bible Camp hadde ein ny leir starta. Her er det staben som grillar restar i mørkret etter at deltakarane er ferdige med middagen. For å sjå om kjøtet er steikt, måtte vi bruke lommelykt...
No er kofferten snart ferdig pakka til Kinareisa. Jaudå, eg har med eit par bøker... I morgon reiser eg til Osaka, og fredag 14.8 flyg eg til Shanghai, der eg skal skifte fly til Xi'an. Og der møter eg etter planen min norske guide, som eg skal ha to veker ilag med.
I Kina er både Facebook og blogg stengt, så eg får vente til eg er tilbake (28.8) med å formidle inntrykk derifrå.
Åh, så kjekt!
ReplyDeleteGod Kina reise.
Var på kurs på mandag saman med systå di.
Så vi fekk oss ein liten prat.
klem frå Sigrid
Hei!
DeleteNo er eg tilbake i Japan, og skal prøve å legge ut litt etter kvart på bloggen, når eg har tid.
Ønskjer deg ein god haust!
Håper det var bra i Kina.
ReplyDeleteSpesielt at det ikke er blogg og facebook i Kina.
Flott at Gud "virkelig viker" i dette enorme landet.
Gud velsigner deg!
Hilsen fra
MinsteBROR.
Jau, det var bra i Kina!
DeleteEg trur du meiner at Gud "virker", og ikkje "viker". Ganske stor forskjell i meining berre med ein bokstav frå eller til. Det er Satan som må vike!
No er eg tilbake i Japan, og kjem til å legge ut på bloggen litt etter kvart når eg har tid.
Så du får følgje med.