Wednesday, September 2, 2015

På leiting etter slekta i Kina

I 1920-åra var onkel til mor mi utsending frå Frikyrkja til byen Ankang i Kina. Mange av dykk såg sikkert programma med Johan Tidemann Johansen på NRK no i august. Eg har ikkje sett programma sjølv, men eg har vore i Ankang og sett med eigne auge! Her står eg ved muren av den første kyrkja, der "onkel Jakob" arbeidde.


Jula 2013 skreiv Marit Pauline Kvalsvik ein artikkel i Vestlandsnytt, der desse bileta er med. (Dette biletet og det nedanfor er utlånte av Kjellaug Storøy. Ukjent fotograf).
Den unge guten bakerst attmed far sin er min morfar, Knut Kvalsvik, og fremst er den yngste broren Jakob, som reiste til Kina som misjonær. Han var fødd i 1897.

Jakob Kvalsvik og kona Martha var i Ankang frå 1923-28. Då måtte dei dessverre reise heim fordi Jakob hadde fått tuberkulose. Han døydde i 1931, berre 34 år gammal.

Sjølv om mamma var berre 6 år då onkelen døydde, må ho ha høyrt mykje om han og Kina, noko som medverka til at ho også vart engasjert i misjonen. Ho kunne ikkje reise sjølv, men ho bad om at eitt av barna hennar kunne reise ut.

15.-16. august var eg i Ankang. Pastoren i den nye kyrkja møtte Bjørg og meg på stasjonen. Han trudde det var ein mann og ei kvinne han skulle hente, så først gjekk han forbi oss, men kom tilbake etter å ha tenkt seg om. Vi vart godt tatt imot!
Etter ein god lunsj på eit hotell, vart vi tatt med ut på gamlefeltet, der dei norske misjonærane starta arbeid i 1918. Her er nokre glimt ifrå gata der.

Ilag med pastorparet som tok oss med rundt

Midt oppi dette dukka det plutseleg opp eit kors. Dette er den andre kyrkja som er bygd på samme tomta som der berre muren står att. Denne kyrkja har ei spesiell historie, som Johan Tidemann Johansen fortel om i ein e-post nedanfor.

"Hengkou heter byen hvor muren fra 1920-tallet fortsatt står! Det ble dannet en menighet der tidlig på 20-tallet.  Da kommunistene tok over Kina, så fortsatte arbeidet i kirken ca. to år, og så ble kirkene stengt. 
Kirken i Hengkou ble tatt over av en bank, og de drev bankvirksomhet der til ca. 2005. Under et besøk i Ankang 2008 var vi oppe og så på stedet og oppdaget at det hang en avertering om at stedet var til salg og at en kunne henvende seg i banken oppe i den nye gata. Pastoren tok og rev ned plakaten og tok den med seg til myndighetene og fortalte at stedet tilhørte kirken. Jeg hadde gitt dem skjøtet som far tok med seg da vi reiste fra Ankang i 1949.
Myndighetene gikk inn for at kirken skulle få tilbake stedet, og da begynte de med faste møter. Det er en stor gruppe mennesker som går til kirken og de har et godt barnearbeid."
(Johan Tidemann Johansen)
  
 I denne kyrkja fann eg også eit orgel, og eg kom på ein salme som mine nye kinesiske venner også truleg kunne. Sjå (høyr!) video!

video



Tilbake i storbyen var det kveldsmat ilag med fleire av medlemmene i den nye kyrkja, der vi var på gudsteneste dagen etter.

 Her er eg framfor den nye kyrkja, som vart vigsla i oktober 2012. Eg fann ikkje mange direkte spor etter slekta mi, men eg traff mange søsken i trua. Om eg ikkje forstod så mykje av det som var sagt, kunne eg lese og forstå ein del av salmetekstane og følgje med i bibelteksten.


Her er litt av forsamlinga.

Salmar på storskjerm, med "notar", eit talsystem som var forståeleg.

Under gudstenesta måtte eg seie nokre ord. Ein ung student tolka frå engelsk. Desse to eldre kvinnene kom etter gudstenesta og ga meg klem og ville bli tatt bilete av.

Denne unge jenta kom også og helste på meg etter gudstenesta. Ho er engelsklærar og snakka flytande engelsk. 
- Du må komme igjen og undervise oss, sa ho.
Ho fortalde at ho høyrer til ei husmenighet, men at ho også går i denne offisielle kyrkja for å få meir bibelundervisning. I den samanheng ho er i, har ikkje leiarane teologisk utdanning.

"Onkel Jakob" og kona Martha hadde ingen etterkomarar, og ikkje veit eg om dei fekk vunne nokon kinesar i løpet av dei fem åra dei var her, heller. Eg rekna med dei også streva med språket. Men det har grodd etter misjonærane. Det dei sådde, har bore frukt. Det kan ein iallfall sjå i ettertid.


3 comments:

  1. Så kjekt at du fekk reise til Kina og oppleve dette. Ein ferie med meining!
    Fin september til deg :-)

    ReplyDelete
  2. Hei Inger. Så kjekt at du fikk denne turen til Ankang i Kina. Da jeg var på Bjorli sist uke fant jeg ei bok etter min far, jeg har snart lest hele boken, fra Ankang!! Den er skrevet av Sverre Sommernes, sønn av misjonær Ole Anton Syltebø/Sommernes f 2.2.1891, Misjonær i Kina fra 1916 til 1945, var hjem i Norge da din mors onkel og tante var i Ankang. Spennende bok som har tittelen Pionermisjonæren sett med sønnens øyne. Skrevet i 1998. Han var sammen med Tidemann Johansen. Du kan få denne boka av meg senere, Inger. Kjekt å lese bloggen! Hilsen Marie Gamlem

    ReplyDelete
  3. Hei, Marie!
    Beklager at eg er sein med å svare. Det går så mykje raskare på Facebook, av ein eller annan grunn... Eg bruker å få melding på e-post når det er ein ny kommentar, men denne har visst gått meg forbi.
    Den boka hadde vore interessant å lese, ja!

    ReplyDelete